Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sjøbu i Porten



Ei stor, okermåla sjøbu under Buhammaren i Porten minner om stor aktivitet med oppkjøp og sal av laks på 1900-talet.

Sjøbua i Porten. I over 50 år på 1900-talet var sjøbua med ishus stad for oppkjøp og vidaresal av laks, m.a. til England. I 1997 kunne eit steinras frå Buhammaren lett ha gjort store skadar på sjøbua. Ei enorm blokk over halvtunnelen sør for bua skrei ut i sjøen. Ho blokkerte tredjeparten av tilflotet til bua. Sjøbua er lett synleg frå Storakersundet for dei som ferdast i dette farvatnet.

Sjøbua i Porten. I over 50 år på 1900-talet var sjøbua med ishus stad for oppkjøp og vidaresal av laks, m.a. til England. I 1997 kunne eit steinras frå Buhammaren lett ha gjort store skadar på sjøbua. Ei enorm blokk over halvtunnelen sør for bua skrei ut i sjøen. Ho blokkerte tredjeparten av tilflotet til bua. Sjøbua er lett synleg frå Storakersundet for dei som ferdast i dette farvatnet.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Laksefiske og omsetning

Det var mange gardbrukarar langs strendene i Hyllestad som hadde laksenøter i sjøen om somrane. Ein del av laksen vart nytta på garden. Men etter kvart vart mykje av laksen seld andre stader. Ei viss organisering av dette salet vart aktuelt.

Henrik O. Porten byrja å kjøpa opp laks

Henrik O. Porten, eigar av bruk nr. 1 av Porten i tida 1892-1930, byrja å kjøpa opp laks rundt Åfjorden, frå Skiveneset og innover. Han var også sørom Lifjellet, til Lifjorden og Nesje, og kjøpte opp laks. Fisken vart sendt til fleire oppkjøparar i Bergen. Ein del vart til og med eksportert til England. Kvar natt til laurdag i heile laksesesongen reiste Henrik O. Porten med eigen båt til Bergen med laks og fekk han levert om bord i Englands-båten. Båten hadde avgang frå Bergen til Newcastle kvar laurdag morgon. Transporten med eigen båt fram til Englands-båten starta truleg etter fyrste verdskrigen og varde utover i 1920-åra.

Konkurranse med Fylkesbaatane

Lakse-eksporten til England heldt fram til oppunder 2. verdskrigen. Eit fraktbrev syner at M/K Aafjord I leverte ei kasse laks til M/S Venus så seint som i juni 1938.
M/K Aafjord I var ei såkalla "tjuvrute" som konkurrerte med Fylkesbaatane om gods og passasjerar. Ei tid var det eigen ekspedisjon for denne "tjuvruta" i Porten, medan sjølve stoppestaden var Storakersund.

K. & J. Sætveit

Etter siste verdskrigen var oppkjøp, pakking og sal i regi av K & J. Sætveit i Bergen. Sætveit leigde då sjøbua i Porten, og pakkinga av laksen føregjekk der. Ei lokal lakserute som òg konkurrerte med nokre andre lokale ruter, kjøpte opp laks frå laksenot-eigarar i området.

Ishus og istjørn

Oppkjøp og vidaresal av laks gjorde det nødvendig med ishus. Sjøbua i Porten vart då kombinert med ishus. Ishuset måtte ha doble vegger med sagflis som isolasjon.
Når det galdt å skaffa seg is, var det eit stort problem i Porten. Det var korkje tjørn eller vatn i nærleiken. Men dette problemet fann dei ei løysing på. Folket på garden spadde opp ei lita tjørn, Istjørna, aust for gardstunet. Då den grunne tjørna fraus til om vinteren, vart isen saga opp og transportert ned til sjøbua i store blokker. Om sommaren var det tid for å reinska opp Istjørna, slik at det ikkje skulle koma gras i lag med isen. Det vart nytta jernrive til å raka vekk graset frå botnen. Istjørna var om lag 20 m lang og 7-8 m brei.

Problematisk i milde vintrar

Eit anna problem kunne ein også få med milde vintrar. Då måtte det hentast is i Salbu-tjørna på nordsida av Åfjorden. Eit anna alternativ i milde vintrar var å henta isblokker frå Selbotn-tjørna, ein halvtimes gange oppe i fjellet aust for Portetunet. Men denne løysinga var lite ideell, for då måtte isblokkene berast til fots eit langt stykke.
Frå 1953 til kring 1970 då lakseomsetninga i Porten tok slutt, fekk ein knust is frå Florø, frakta med dei såkalla lakseskutene som gjekk på Åfjorden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Harry Porten, Hyllestad.
Kristian Hatlem, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR