Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nausta på Sølvberg og Bergset



Gardane Bergset og Sølvberg ligg høgt over fjorden. Men òg for slike gardar var fjorden viktig. Dei hadde naustveg nedover dei bratte bakkane mot fjorden der det låg naust, bryggjer og båtstøer, sagbruk, og fleire husmannsplassar. I det siste er det lagt ned mykje arbeid for å ta vare på dette miljøet.

Gardane Sølvberg og Bergset i bygda Fjelli ligg høgt og langt frå sjøen, men i eldre tid var det fjorden som var den viktigaste vegen deira til krambuer, kyrkje, til Bergen og vidare ut i verda. Ned til nausta gjekk det ein bratt og krokete gangveg (sjoarveg).

Gardane Sølvberg og Bergset i bygda Fjelli ligg høgt og langt frå sjøen, men i eldre tid var det fjorden som var den viktigaste vegen deira til krambuer, kyrkje, til Bergen og vidare ut i verda. Ned til nausta gjekk det ein bratt og krokete gangveg (sjoarveg).

Eigar: I Anders og Karoline Sølvberg Fjellvang.

Datering: Kring 1995.

Fotograf: Ukjend.

Særprega miljø

Gardane Sølvberg og Bergset ligg 3-400 meter over fjorden. Ved fjorden har begge gardane nausta sine. Miljøet her er teke godt vare på. Her har det vore fleire sagbruk, fleire små bryggjer der større båtar kunne leggja til og det budde i si tid fire familiar ved stranda her. Miljøa fortel om stor aktivitet i eldre tid.

Jekter og kyrkjebåtar

Både Bergset og Sølvberg hadde jekter som i hovudsak vart nytta til å føra varer til og frå Bergen. Til desse høyrde det jektenaust og jekteløkar. Jektene drog til byen med ved, tømmer, tønneband, bastetog og andre varer som dei produserte på gardane. Det var eit yrande liv ved fjorden når alle var opptekne med å gjera klart alt som skulle vera med jekta. Lastinga var eit stort arbeid.
På denne staden var det òg naust for kyrkjebåtane som dei nytta på kyrkjeferder til Utvik kvar preikesøndag. Det var i alle fall fast i sommarhalvåret. Til vanleg var det folk frå alle heimar med til kyrkje. Kyrkjebåtane "Rols" frå Sølvberg og "Fram" frå Bergset var i fast aktivitet på fjorden så lenge folk reiste til kyrkja i Utvik.

Restaurering

Dei seinare åra har folk fått større interesse for det gamle miljøet ved fjorden. Eit stort arbeid har vorte lagt ned for å restaurera nokre av dei gamle nausta. Dei har òg rydda dei gamle stiane frå gardane og ned til fjorden, og ei av dei gamle bryggjene er bygt opp att. Eitt av dei gamle sagbruka er framleis i god stand.
Husa på Skreddarplassen, der det budde folk lengst, står om lag som dei stod for 70-80 år sidan. Det har no vorte tradisjon med ei naustmesse her kvar pinsehelg. Då deltek alle prestane i innfjorden og det kjem tilreisande folk frå alle bygdene.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notat frå Stryn kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR