Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Notanaustet i Fresvik



I Fresvik står eitt av dei få notanausta som er att i Indre Sogn. Det tilhøyrde Bøtun notlag og var i bruk til 1960-talet. I 2000 var det planar om å restaurera det.

Notanaustet i Fresvik står dels på land og dels på pålar ute i vatnet. Naustet har rusta bylgjeblekktak.

Notanaustet i Fresvik står dels på land og dels på pålar ute i vatnet. Naustet har rusta bylgjeblekktak.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Datering: 1999.

Fotograf: Anne Marie Bøthun.

Bøtun notlag

Notanaustet tilhøyrde Bøtun notlag som eksisterte fram til 1970. Olina Bøthun eig naustet og har gjeve løyve til at bygningen kan restaurerast. Naustet er truleg bygt kring 1900, men har kanskje vore flytta frå Buaeigedommen.

Sjølve naustet

Naustet står på pålar og kjerr, har ståande kledning og bylgjeblekktak. Kledningen er "luftig", noko som vart gjort for at nøtene skulle turka. Utafor naustet er der god djupn, slik at større båtar kunne leggja inntil.

Samlingsstad

Det er lite att i naustet no, men ein 65 år gamal ferdselsbåt ligg der. Naustet rommar mykje historie. Notanaustet var ein populær badeplass i Fresvik, og der har vore eit rikt sosialt liv med kortspel og anna. Hadde veggene kunna fortelja, hadde det kome fram mykje interessant stoff.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Notanaustet i Fresvik. I Pridlao, nr. 3, 1997, side 67. Vik Lokalhistoriske Arkiv, Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Bjarne Bøthun, f. 1926, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR