Kulturhistorisk leksikon

Kraftstasjon (6)

  • Det fyrste kraftverket i Vik

    Fyrste kraftverket i Vik vart bygt i Refsdal i 1913. Vik var då mellom dei fyrste bygdene i fylket som fekk kraft til allment bruk. Kraftverket i Vik skulle fyrst og fremst forsyna Vikøyri.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Svofossen småkraftverk

    I april 1952 vart det sett i drift eit eige småkraftverk for garden Hope i Hyen. Kraftverket utnytta det 33 meter høge fallet i Svofossen. Likestraumsmaskinane ytte 80 kW.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Kraftutbygging for industristaden Høyanger

    I Høyanger er spora etter kraftutbygginga som la sjølve grunnlaget for industristaden framleis godt synleg. I lia oppom Høyanger verk og riksvegen strekk Øyre- og Hjetlandsrøyra seg til fjells, og på fabrikkområdet nedanfor står kraftstasjon 1 - den fyrste kraftstasjonen i Høyanger.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Teknisk kulturminne på Stølen - Dalen Elektrisitetsverk

    Turistar på veg til Tungestølen i Veitastrond stoggar ved ei grind på Stølen for å betala bompengar. Nokre legg kanskje merke til ein svær betongkumme tett attmed vegen og lurer på kva dette kan vera for noko. Det er eit teknisk kulturminne, inntakskummen til Dalen Elektrisitetsverk som var i drift her i åra 1946 - 1957.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Elektrisk kraft frå Kviefossen

    "Elektrisiteten går no sin sigersgong over heile den siviliserte verda. Sjølv spreidde og avsidesliggjande bygdelag søkjer å skaffe seg dette lettvinte og ypparlege hjelpemiddelet." Slik stod det å lese i ei utgreiing som nemnda for bygging av kraftverk i Kviefossen utarbeidde for Eid kommune i august 1913. Den siviliserte verda heldt på å gjere sitt inntog på Eid.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Botnafossen kraftlag - typisk grendeverk på 1900-talet

    Artikkelen handlar om eit grendekraftverk i Eldalsdalen i Gaular som var i drift i perioden 1946-1964. Det er lagt vekt på å seia noko om dei spora - materielle og ikkje-materielle - som i dag kan fortelja noko om Botnafossen kraftlag. Kraftlaget si soge er ein viktig del av gards- og grendesoga og ein liten del av soga om kraftforsyninga i Sogn og Fjordane på 1900-talet.