Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Elektrisk kraft frå Kviefossen



"Elektrisiteten går no sin sigersgong over heile den siviliserte verda. Sjølv spreidde og avsidesliggjande bygdelag søkjer å skaffe seg dette lettvinte og ypparlege hjelpemiddelet." Slik stod det å lese i ei utgreiing som nemnda for bygging av kraftverk i Kviefossen utarbeidde for Eid kommune i august 1913. Den siviliserte verda heldt på å gjere sitt inntog på Eid.

Eids kommunale elekticitetsverk opna 27.11.1915. I 1920 vart kraftverket utvida og det vart bygd ei ny røyrgate parallelt med denne.

Eids kommunale elekticitetsverk opna 27.11.1915. I 1920 vart kraftverket utvida og det vart bygd ei ny røyrgate parallelt med denne.

Eigar: I Nordfjords og Hornindals herreder.

Datering: Kring 1918.

Fotograf: Ukjend.

Kanskje femti kilowatt

Ordførar og krigskommissær John Myklebust var den første som tok opp tanken om å få i gang produksjon av elektrisk kraft i Eid. Det var i 1906, og han tenkte seg at femti kilowatt burde kunne dekkje behovet for straum i sjølve tettstaden og dei næraste gardene. Sjølv om det vart ein god del meir då kraftverket endeleg stod ferdig i 1915, gjekk det enno mange år før folk kunne slutte med å skru av lyset i kjøkenet medan dei mjølka.

Fleire alternativ

Både Fargarelva og Leivdøla vart utgreidde som alternativ, men det vart snart klart at Kviefossen, der Hornindalsvatnet renn ut i Eidselva, var det beste. Rett nok var fallhøgda berre seks meter, og vatnet ville måtte regulerast, men det var ingen tvil om at her var eit stort kraftpotensiale.

Grunneigarane var klar over at dei sat på store verdiar, og i første omgang var det umogleg å kome til semje om overtaking av grunn som kommunen kunne godta. Det var oppsitjarane på sørsida av elva, i Kviane, som var vanskelegast å forhandle med. Arbeidet heldt likevel fram, og ved juletider i 1911 hadde ein sikra seg rettar til halve fossen. På dette grunnlaget vart det nedsett ei nemnd - "Elektricitetskomiteeen" - som skulle arbeide vidare med saka.

Først i landet

Ein halv foss var i lengda ikkje tilfredsstillande, og det som kom til å berge situasjonen for utbyggjarane var ei ny lov om tvungen avståing av fossar, som kom i august 1911. No var stoda ei heilt anna, og alt i september sende komiteen inn rapport om utført arbeid og kom med framlegg om å oreigne heile Kviefossen. Dei var så kjapt ute at Eid kommune vart den første i landet til å nytte seg av den nye, viktige lova for bygging av kraftverk. Innløysingssummen vart 10 000 kroner, og verksemdene ved fossen, fiskerettane og spillvatnet skulle eigarane framleis ha sjølve.

Fleire av grunneigarane var misnøgde med dette, og kravde overtakst. I august 1913 la "Elektricitetskomiteen" fram ei orientering for kommunestyret, der dei tilrådde kjøp av fossen og anlegg av eit kommunalt kraftverk. På bakgrunn av dei store kostnadene vart det understreka at ein måtte tenkje seg godt om før noko vart gjort.

Økonomi

Utrekningane viste at ei utbygging for 150 hestekrefter (1 hk tilsvarar 736 W) med opplegg for utviding med nye 150 hk ville kome på 50 500 kroner. Til dette ville det kome fleire andre, store summar. Leidningsnett og transformatorar til 15 000 kroner, kjøp av fossen med tilliggjande verksemder som sagbruk og kvernbruk samt fiskerett til 26 500 kroner. Med grunnavståing, tinglysingar og andre utgifter kom ein opp i 95 000 kroner. Med renter for dette, pluss tilsyn, kom ein til at det måtte inntenast opp under 6000 kroner per år for å gå i balanse.

Med seks "normallamper" i dei kring 220 våningshusa som ein rekna med som abonnentar, og med ein årleg pris på fire kroner per lampe var ein alt oppe i godt over 5 000 kroner. Med nokre inntekter av fiskerettar og anna, pluss at det "temmeleg sikkert" ville bli selt litt kraft også til andre ting enn lys, såg det optimistisk ut, og avgjerda om at kommunen skulle ta opp eit lån på 100 000 kroner til utbygginga vart teken 15. august 1913.

Prisar

Ut frå opplysningar frå andre kraftverk hadde nemnda sett opp prissatsar for årsabonnement: Lamper à 10 lys 2,00 kr, à 16 lys 3,25 kr, à 25 lys 4,50 kr og à 50 lys 7,00 kr. Ordninga som vart vald for kraft som skulle nyttast utan innskrenkingar, var at ein kunne få 100, 150, 200 normallys eller meir - og ha så mange lamper ein ville. Det vart då opp til den einskilde å sløkkje ein stad når ein tende ein annan stad. Prisen på årsabonnement vart 20 kr for 100 normallys, 28 kr for 150, 34 kr for 200, og vidare eit tillegg på kr 15 per 100 normallys. Prisen på straum til motordrift var 40 kr per døgn og på kraft til varme og koking 25 kr for heil og 14 kr for halv hk.

Bygging

I samband med bygginga av demninga vart fallhøgda auka til 9,5 meter. Sjølve kraftstasjonen vart bygd i sementstein. Det var ei tid snakk om å lage røyrgata i tre, men etter ein del debatt vart det likevel valt jern, sjølv om det var dyrare. Det vart berre laga ei røyrgate, men det vart samstundes lagt opp til eit ekstra uttak for seinare behov. Røyret hadde ein diameter på 1,25 meter, og avstanden frå inntaket til kraftstasjonen var 130 meter. Det vart utbygt til 220 hk, med opplegget klart for nye 220 hk seinare.

Stor interesse

Det vart større interesse for elektrisiteten enn nokon hadde venta. Om lag 2000 lamper vart installerte, det kom gatebelysning i Eid sentrum og oppvarming av kyrkja, for å nemne noko. Det vart sagt at dette var den største hendinga nokosinne i Eid kommune, og den vart feira med lysfest på kommunehuset den 4. desember 1915.

Normallys

Mange vil sikkert, sjølv om dei ikkje er så veldig gamle, hugse at det vart snakka om "lys" i samband med styrken på lyspærer. Når folk omtala lyspærer som "førtilyspære" eller "sekstilyspære" var det nok helst ei folkeleg omskriving av wattstyrken. I endå tidlegare tider var det imidlertid vanleg å bruke "lys", eller "normallys", som eit mål for lysstyrke. Dette tilsvara lyset frå eit stearinlys, og var ei eining på linje med lumen (måleeining for lysstraum) eller lux (meterlys - einging for lysmengd per tids- og flateeining) som vert brukte i dag.

Slutt i 1967

Kraftverket i Kviefossen var i drift til 1967. Då skjedde eit uhell i samband med at verket vart samkøyd med Firdakraft. Den eine generatoren vart overbelasta og koparviklingane brann opp. Skaden vart ikkje reparert og med berre ein generator måtte kraftstasjonen stengja.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Informasjon frå:
Eivind Torheim, Eid.
Olav Monsson, Eid.
Finn Lefdal, Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR