Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Det fyrste kraftverket i Vik



Fyrste kraftverket i Vik vart bygt i Refsdal i 1913. Vik var då mellom dei fyrste bygdene i fylket som fekk kraft til allment bruk. Kraftverket i Vik skulle fyrst og fremst forsyna Vikøyri.

Bygningen der det fyrste kraftverket i Vik vart bygt står framleis i 2000, men alle maskiner er borte. Det var eit lite kraftverk, som snart synte seg ikkje å strekkja til.

Bygningen der det fyrste kraftverket i Vik vart bygt står framleis i 2000, men alle maskiner er borte. Det var eit lite kraftverk, som snart synte seg ikkje å strekkja til.

Eigar: Fylkesarkivet SFFf-93077.0015

Datering: 1950-60.

Fotograf: Gerd Hauglum.

Sjølve kraftverket

Kraftverket brukte ei brutto fallhøgd på 52 meter i elva Vikja med kraftstasjon ved Refsdalsfossen eller Dalafossen på Ovrisdalen. Verket var bygt for to aggregat, kvart på 184 kW, men det vart sett inn berre eitt aggregat. Det andre skulle komma når det vart turvande. Nedslagsfeltet var 40 kvadratkilometer, men utan regulering vart det ikkje nok vatn. Det måtte byggjast reguleringsmagasin på fjellet, og det vart Muravatn og seinare Levravatn som vart regulerte. Til saman hadde desse vatna magasin på om lag 3.3 millionar kubikkmeter.

Krafta

Frå verket i Refsdal gjekk krafta med 5 kW spenning fram til 275 brukarar i 1914. Brukartalet auka mykje, og det vart for lite kraft med det eine aggregatet. Eit nytt aggregat ville krevja meir regulering på fjellet. Det ville bli dyrt, fallhøgda var lita og inntaksmagasin mangla. Kommunen bestemte seg for å kjøpa eit dieselaggregat på 200 hk. (147 kW) som skulle nyttast når det vart behov for det. I daglegtale fekk dette aggregatet namnet Galehesten. Noko vellukka kjøp var det ikkje, det brukte mykje olje og vart dyrt i bruk. Aggregatet vart lite nytta, og blei selt i 1942 for 30000 kr til eit kraftverk i Gudbrandsdalen.
Til finansiering av kraftverket i 1913 hadde Vik Sparebank ytt 25000 kr. i lån og tilskot, i tillegg vart det ytt 3000 kr. til installasjon hjå dei som hadde behov for det.

Då lyset kom til bygda

Vik kommune el-verk vart sett i drift laurdag 22. november 1913. Folk gjekk i spenning heile dagen og såg oppover lysstolpane og vrei på brytarane i husa. Så kl. 1530 kom lyset på, men vart straks etter borte og kom ikkje att meir den dagen. Det viste seg at det hadde skjedd eit uhell med vasstilførsla. Sundag morgon kom mange for å gjera dugnadsarbeid på vassveita . Etter kort tid var alt i orden, og lyset strøymde over bygda. "Strandstedet og Bygden laa som forvandlet under det nye sterke Lys", stod det i Sogningen.
Om kvelden samla mange menneske seg og gjekk til lensmann Anfin Øen sitt hus for å hylla initiativtakaren og for å takka han for alt han hadde gjort for å få straum til bygda. Det vart halde tale og ropt 3x3 hurra for lensmann Øen. Optimismen og trua på framtida var stor, med håp om nye foretak.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hornnes, Ragnar: Samarbeid gav lys og varme. A/S Sognekraft 1947-1997. Leikanger 1997.
Då lyset kom til Vik. I Sogningen, 24. november 1913. Trykt i Pridlao, nr 2, 1998, side 35.
Nordstrand, Leiv: "Lys og kraft til bygdens behov¿" Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Sandane 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR