Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Svofossen småkraftverk



I april 1952 vart det sett i drift eit eige småkraftverk for garden Hope i Hyen. Kraftverket utnytta det 33 meter høge fallet i Svofossen. Likestraumsmaskinane ytte 80 kW.

Stasjonshuset vart oppført i betong med ei grunnflate på 39 kvm. Byggjestilen er nok meir "Funkis" enn miljøvenleg.

Stasjonshuset vart oppført i betong med ei grunnflate på 39 kvm. Byggjestilen er nok meir "Funkis" enn miljøvenleg.

Eigar: Magnar Heimset.

Datering: 2002.

Fotograf: Magnar Heimset.

Forhistorie

Spørsmålet om korleis bygda Hyen best mogeleg praktisk og økonomisk skulle få ei ordning med kraftforsyning, vart ikkje endeleg løyst før straumen omsider kunne setjast på om ettermiddagen den 23. desember 1953. Bygda fekk då tilført elektrisk straum sørfrå, frå Sunnfjord.
Før den tida hadde hyarane måtta tole mange vonbrot med stadige utsetjingar heilt frå tida kring 1920. Gloppen elektrisitetsverk prioriterte ikkje Hyen, og hadde knapt straum nok å levere heller, på den tida. Men Hyen hadde rikeleg med kraftkjelder, og tanken om eit eige kraftverk for bygda melde seg. Under krigen var ei nemnd i arbeid med planar om oppdemming av Skilbreivatnet og utbygging av Brekkefossen. Men det stranda på finansiering, og ikkje var det lett å bli samde om løysingar heller. Hopsarane pressa hardast på og stilte nærast ultimatum - anten fekk ein setje fart i utbygginga i Brekkefossen, eller så ville dei byggje åleine i Svofossen, berre for Hope.

Utbygging

Tolmodet til hopsarane tok slutt, og dei sette i gong arbeidet med å byggje eit lite kraftverk i Svofossen. I 1949 vart maskinane innkjøpte for ein pris av 33 000 kr. Fallhøgda i fossen var 33 m og likestraumsmaskinane ytte 80 kW. Det skulle vere rikeleg til å forsyne dei 10 husstandane med straum.
Stasjonshuset vart oppført i betong med ei grunnflate på 39 m². Materialane til delar av røyrgata vart hoggen i eigen skog. Den øvre, slake delen av røyrgata vart bygd av pløgde bord. Desse vart haldne saman ved at det vart røyra tjukk ståltråd rundt dei. Stupet ned til kraftstasjonen vart bygt av stålrøyr laga av samannagla stålplater. På Svoa, ovanfor fossen, vart det bygt ein låg demning som førte vatnet inn i røyrgata. Straumen vart sett på i april 1952, halvanna år før bygda fekk straum utanfrå. Linenettet vart nok ein flaskehals, for når "alle" gjekk i fjøsen, vart spenninga låg og lyset markert svakare.

Eit så viktig vendepunkt måtte sjølvsagt feirast. "Lysfesten" på Hope vart utsett eit halvt år, for hopsarane ville gjerne markere det heile med å servere ein rett med sterk lokal tilknytning. Hjorten var vanskeleg å få has på det året, men fest vart det, med sjølvskriven prolog og det heile.
Kraftverket var i drift i ein tiårs-periode, til Hope vart knytt til resten av linenettet i bygda.

Ringen er slutta

Til slutt kan det leggjast til at hopsarane no har søkt og fått konsesjon på ei utbygging av eit lite kraftverk i Brekkefossen. Men denne gongen er ikkje forsyning av eigen gard eller eiga bygd primærmålet med utbygginga. Krafta vil bli seld og levert på samkøyringsnettet, slik det er vanleg i dag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim, Band II. Sandane 1979.
Informasjon frå Matias M. Hope, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR