Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Kraftutbygging for industristaden Høyanger



I Høyanger er spora etter kraftutbygginga som la sjølve grunnlaget for industristaden framleis godt synleg. I lia oppom Høyanger verk og riksvegen strekk Øyre- og Hjetlandsrøyra seg til fjells, og på fabrikkområdet nedanfor står kraftstasjon 1 - den fyrste kraftstasjonen i Høyanger.

Oversyn over vassdraga som vart regulerte og utbygde i samband med bygginga av kraftstasjon 1. Øyrerøyret vart sett i drift i 1918, medan Hjetlandsrøyret kom i drift i 1922. Med på kartet er også den provisoriske kraftstasjonen på Hjetland.

Oversyn over vassdraga som vart regulerte og utbygde i samband med bygginga av kraftstasjon 1. Øyrerøyret vart sett i drift i 1918, medan Hjetlandsrøyret kom i drift i 1922. Med på kartet er også den provisoriske kraftstasjonen på Hjetland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Kamp om fallrettane

På 1890-talet var interessa for kraftutbygging og industrireising stor, og private oppkjøparar konkurrerte om å sikre seg rettar til vassdrag både på Aust- og Vestlandet. Det var grunneigarane som i følgje lova eigde rettane til vassfalla. Det gjaldt for spekulantane å sikre seg fallrettane raskt før prisane vart pressa opp.

I Høyanger starta oppkjøpa i 1899, og i løpet av få år hadde firmaet Lunde & Ramsli, danna av ingeniør Einar Ramsli frå Kyrkjebø og arkitekt Sigurd Lunde frå Bergen, sikra seg rettar i Hovlandselva, Kråkeelva, Øyreelva og Hjetlandselva. Lunde & Ramsli selde rettane vidare til overrettssakførar Chr. Ameln frå Bergen i 1902, som igjen selde rettane til konsul Harald Larsen frå Oslo i 1906. Larsen sikra seg også rettane til vassdraga på austsida av Høyanger, og han starta arbeidet med å sikre kapital til å bygge eit jernverk.

A/S Høiangsfaldene, Norsk Aluminiums Compani (NACO)

Larsen lukkast med å skaffe kapital og "Interessentskabet Høiangfaldene" vart stifta. I 1914 søkte selskapet om konsesjon til kraftutbygging i fleire trinn. Samla sett innebar planane regulering av 4 vassdrag og 23 vatn - noko som totalt ville gi ein effekt på om lag 51.800 kW, eller 70.000 hk som var måleininga dei opererte med den gongen. Fyrste verdskrig gjorde at utbyggingsplanane vart endra frå jern til aluminium, som var eit ettertrakta metall i krigsindustrien. 19. november 1915 vart såleis den endelege konsesjonen til "erverv og regulering av Høyangelvene i Sogn" gitt til det nystifta fosse- og industriselskapet A/S Høiangsfaldene, Norsk Aluminiums Compani (NACO). Den 2. april 1917 sikra det nye selskapet seg også konsesjon til "erverv, regulering og overføring av Kråkeelva i Vadheim".

Kraftutbygginga startar

Allereie i februar 1916 starta utbygginga av vassdraga i Høyanger med regulering av Siplo, og etter eitt års tid var den provisoriske kraftstasjonen ved Hjetlandsgardane i drift. Aluminiumsfabrikken stod ferdig september same året. Kraftutbygginga i Høyanger var likevel langt frå avslutta med dette. Den provisoriske kraftstasjonen var berre ei mellombels løysing. I 1917 var bygginga av permanente kraftanlegg godt i gang.

Dammane Grimsosen og Kråkosen

Regulering av Øyrevassdraget omfatta i realiteten utbygging av 2 elver og 2 vatn: Kråkeelva som strakk seg frå Storevatnet (Ulldalsvann) til Kråkevika i Vadheim, og Øyreelva som rann frå Bergsvatnet og ned i Høyanger. Som det stod i konsesjonen frå 1917 skulle vatnet frå Kråkeelva overførast til Høyanger. Overføringa vart gjort gjennom å bygge ein tunnel mellom Storevatnet og Bergsvatnet, i tillegg til å bygge dammar ved Kråkosen og Grimsosen. Dammen ved Kråkosen demma opp Storevatnet mot Kråkeelva, medan dammen ved Grimsosen fungerte som inntaksdam til det såkalla Øyrerøyret.

Kraftstasjon 1

Øyrerøyret vart sett i drift i 1918. Dermed var den provisoriske kraftstasjonen på Hjetland gjort overflødig. Øyrerøyret leia nemleg vatnet til den fyrste permanente kraftstasjonen i Høyanger - kraftstasjon 1. Kraftstasjon 1 var i drift frå oppstarten i 1918 og heilt fram til 1979. Med utbygginga av Hjetlandsrøyret i 1922 produserte kraftstasjon 1 totalt om lag 22.200 kW (30.000 hk).

Breidalsdammane

Hjetlandsrøyret omfatta regulering av Øvre og Nedre Breidalsvatn og bekkane i Skråbakken. Utbygging av Breidalsvassdraga tok til tidleg på 1920-talet og sjølv om Hjetlandsrøyret vart sett i drift i 1922, var damanlegga likevel langt frå ferdige på dette tidspunktet. Det var berre dei førebelse fangdammene som var bygde. Fangdammane gjorde at vasstanden i dei to vatna kunne regulerast slik at sjølve byggestaden vart halde fri for vatn. Dei permanente damanlegga i Breidalen var ikkje ferdige før i 1924/5, og inkluderte i tillegg til Øvre og Nedre Breidalsdam bekkeinntaket "dam Skovbakkesynk" i det som i dag blir kalla Skråbakken.

Eit krevjande arbeid

Medan Bergsvatnet og Storevatnet ligg på om lag 600 meters høgd og Nedre Breidalstvatn på 700 meters høgd, ligg Øvre Breidalsvatn heile 800 meter over havet.

Å bygge dammar så høgt til fjells med dei hjelpemiddel ein hadde til rådevelde tidleg på 1900-talet var krevjande. Arbeidarane måtte ta seg fram til fots, medan det vart nytta taubane og hestar for å frakte naudsynt materiale fram til byggeplassane. Stein og sand som vart nytta i byggearbeidet vart elles utvunne i nærleiken av damstadane. Frå Breidalen har vi i biletarkivet etter NACO, bilete frå både steinbrot og sandvasking, medan vi også frå Storevatnet har bilete frå steinbrot. Arbeidet gjekk sin gang sommar som vinter. Om vinteren vart det bygd tak over damstadane for å halde snøen borte, medan steinbrota vart rydda for snø.

At deler ar arbeidsstokken fekk ekstra løn for fjellarbeidet, tyder på at det vart sett på som ekstra krevjande arbeid. I 1917 vart det innført eit såkalla fjelltillegg for arbeid over 400 meters høgd, men kor stort fjelltillegget skulle vere og kva type arbeid det burde omfatte var eit hyppig konfliktspørsmål mellom arbeidstakarorganisasjonane og fabrikkleiinga.

Krisestemning

Til tross for hektisk byggeverksemd gjekk A/S Høiangfallene, Norsk Aluminiums Compani dårleg dei fyrste åra. Selskapet hadde vanskar med å skaffe aluminiumsoksid til den ordinære produksjonen, og den mellombelse produksjonen av jern og karbid stogga opp allereie same året som han vart sett i gang (1918). Medan 700 arbeidarar var i jobb våren 1917, var det våren 1919 berre om lag 150 arbeidarar (i tillegg til 80-90 funksjonærar) att. På det meste jobba over 1300 arbeidarar jobba ved A/S Høiangfallene, Norsk Aluminiums Compani. Mange valde å flytte frå bygda i denne perioden, og at Høyanger vart herja av både spanskesjuke og difteri i åra 1918-1919 auka krisestemninga i bygda.

Først i desember 1919 kom aluminiumsproduksjonen i gang, utan at det betra dei økonomiske tilhøva for selskapet i særleg grad. Mot slutten av 1920-talet falt nemleg prisen på aluminium med 30% på verdsmarknaden, og det franske dotterselskapet (Société Anonyme des Bauxits et Alumines de Provence, SABAP) til A/S Høiangfallene, Norsk Aluminiums Compani gjekk konkurs.

Amerikansk kapital og omorganisering

I 1922 kom det amerikanske aluminiumskonsernet Alumnium Company of America (ALCOA) inn med frisk kapital og redda A/S Høiangfallene, Norsk Aluminiums Compani frå produksjonsstans og ein mogeleg konkurs. For å unngå at det amerikanske ALCOA skulle få kontroll over vassdraga i Høyanger, vart A/S Høiangfallene skilt ut som eit reint norsk selskap i 1923, medan nye NACO vart eigd 50% av A/S Høiangfallene og 50% av ALCOA. I realiteten hadde ALCOA likevel eit godt grep om A/S Høiangfallene. ALCOA hadde nemleg ytt eit større lån til kraftselskapet som på grunn av dei lite fordelaktige avtalevilkåra om kraftleige til nye NACO gjekk med store underskot kvart år.

I 1937 vart A/S Høiangfallene avvikla i samband med utviding av industrien i bygda - nye NACO hadde nemleg oppretthalde ein stabil og lønsam produksjon etter omorganiseringa. Nye NACO vart sittande med fallrettane, og i 1938 stod første byggetrinn av det nye kraftverket, kraftverk 2 (Erikdalsanlegget), ferdig. Seinare har det blitt bygd både kraftverk 3, 4 og 5 i Høyanger og fallrettane har skifta hand i samband med at verket har fått nye eigarar. Såleis har både Årdal og Sunndal verk A/S og Norsk Hydro A/S hatt hand om fallrettane. 1. januar 1998 overtok staten, representert ved Statkraft SF, fallrettane og kraftanlegga i Høyanger.

kjelder:

Byrkjeland, Martin (1990), Bluss: Arbeidarar og fagforening ved Høyanger Verk 1916-1986, Høyanger Kjemiske Industriarbeidarforening
Høyheim, Kjell Jarle (1981), "...Paa ferda si fram, han byggjer landet. Bryt ut fjell. Legg stein til stein. Murar, hus og byar...": Fagrørsla i Høyanger, 1916-1930, Hovudfagsoppgåve i historie, historisk institutt Bergen
Kjenn Ditt Lands Norgeshefter, nr. 42, [utgitt ca. 1938]
Norstrand, Leiv (1993), "Lys og kraft til bygdens behov...": Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993, Sandane: Sogn og Fjordane Energiverk
Stedje, Norvald (1996), Gamle Høyanger
Munnleg informasjon frå: Kjell Sæhl (tidligare tilsett ved Statkraft SF, no pensjonist).