Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. juli 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Botnafossen kraftlag - typisk grendeverk på 1900-talet



Artikkelen handlar om eit grendekraftverk i Eldalsdalen i Gaular som var i drift i perioden 1946-1964. Det er lagt vekt på å seia noko om dei spora - materielle og ikkje-materielle - som i dag kan fortelja noko om Botnafossen kraftlag. Kraftlaget si soge er ein viktig del av gards- og grendesoga og ein liten del av soga om kraftforsyninga i Sogn og Fjordane på 1900-talet.

Botnafossen kraftlag sitt elektrisitesverk eit kort stykke nedom Botnafossen (Lyngstadfossen) i elva Gaula, Eldalsdalen. Elektrisitetsverket var i drift i åra 1946-1964.

Botnafossen kraftlag sitt elektrisitesverk eit kort stykke nedom Botnafossen (Lyngstadfossen) i elva Gaula, Eldalsdalen. Elektrisitetsverket var i drift i åra 1946-1964.

Eigar: Marta Grytås Olsen

Datering: Ca 1960

Fotograf: Far til Marta Grytås Olsen

Botnafossen kraftlag - i bøker

Boka "Lys og kraft til bygdens behov.." Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993 har eit oversyn over registrerte kraftverk oppsett kommunevis. Mange er små gards- og grendeverk. Langs Gaula i Eldalsdalen finn me kraftverk knytte til gardane/grendene Hoff, Eldal, Bell Espeset, og Lyngstad (Botnafossen). Om Botnafossen står det opplyst at verket var i drift i åra 1946-1964 og at eigar var "Øyvind Oppedal m.fl."

Bygdeboka for Gaular, kultursoga, band III, har eit kapittel om vasskraftutbygginga på 1900-talet. Utbygginga byrja med private kraftverk. "Langs med Gaularelva vaks det i åra etterpå [etter kraftverket i Osfossen i 1911] opp ei rekke med småverk som var i drift heilt fram til i 1970-åra". I eit oversyn over private kraftverk i Gaular står det at kraftverket i "Botna-/Lyngstadfossen" forsynte tre gardar med straum: Oppedal, Gjermundstad og Lyngstad.

Kraftverket nedom Botnafossen 2009

I år 2009, vel 40 år etter at kraftverket nedom Botnafossen vart avvikla, finst det mange og interessante spor etter anlegget. Huset står heilt nede ved elva, om lag 1 km opp frå brua i Oppedal. Turløypa Fossestien går forbi i skråninga like oppom. Huset er i rimeleg god stand. Trevyrket i røyrgata er mykje godt rotna bort, men betongkara står og jernspiralane som heldt røyra saman ligg att. Ein stolpe står framleis tett attmed huset. Inne i huset står turbinen, generatoren og anna utstyr som høyrde til då kraftverket var i gang.

Restane, eller dei synlege spora, etter kraftverk-anlegget til Botnafossen kraftlag pr. 2009 er eit interessant kulturminne, - til kunnskap om eitt av fleire småkraftverk langs Gaula i Eldalsdalen på midten av 1900-talet.

Rekneskapsvedlegg og andre papir - kjelde til kunnskap

Meir kunnskap om kraftverket finst i skriftlege kjelder. Dei som styrde med kraftverket noterte inntekter og utgifter i skrivehefte og dei samla brev, rekneskapsvedlegg og andre dokument i ein ringperm. Då kraftverket vart nedlagt, vart ringpermen teken vare på. I 2009 fekk Fylkesarkivet spørsmål om papira var av interesse. Fylkesarkivet svara ja og fekk permen - i røynda arkivet til Botnafossen kraftlag - til odel og eige. Rekneskapsnoteringane og alle dei lause papira er tilliks med dei materielle spora ei viktig kjelde til kunnskap om kraftverket.

Hus og inventar

Eitt godt eksempel er ei utskrift frå ein branntakstprotokoll, datert 23. januar 1948. Lensmann Joh. Askevold i Gaular var takststyrar. Takstforretninga vart halden 24. januar 1948. Av utskrifta går det fram følgjande om huset og inventaret:

Huset er 5,70 meter langt, 3,80 meter breitt og 2,10 meter høgt (til taket). Det er oppført av standerverk, har panelte vegger og bylgjeblekk på taket. Golvet er støypt i 40 cm tjukk betong. Det er støypt mur under treverket og 1 meter gråsteinmur under vestre langsida. Huset er utan eldstad og det er over 100 meter til næraste nabohus.

Om installasjonane får me vita: Ein 40 kw turbin med regulator, svinghjul og ventil, generator (73 kw likestraum, 1065 omdreiningar) og apparattavle. Branntaksten på huset vart sett til 2500 kroner, turbinen til 9000 kroner og generatoren til 10 000 kroner.

Abonnentar

Eit anna dokument "fortel" om abonnentar og linenett. Linenettet gjekk i to retningar. På den øvre lina var det 7 abonnentar: R. Vikum, J. Gjermundstad, L. Gjermundstad, sakførar Sandvin, Bergen (sommarhytte), L. Hoff, A. Hoff og M. Gjermundstad. På den nedre lina var det 5 abonnentar: G. Grytaas, M. Oppedal, I. Lyngstad, H. Oppedal og Ø. Oppedal. Straumen vart overført gjennom aluminiumskablar.

Annan dokumentasjon i arkivet

Det vesle arkivet inneheld elles fleire hundre einskild-papir, som kvar for seg og samla "fortel" om kraftverket gjennom dei vel tjue åra kraftverket eksisterte. I rekneskapsvedlegga får me detaljopplysningar om byggjinga (byggjematerialer, prisar, leverandørar, transport, o.a.). Ein tilsynsrapport datert 11. februar 1947 frå Elektrisitetstilsynet 4. distrikt inneheld mange detaljopplysningar om heile anlegget, kraftverket og installasajonane hjå abonnentane.

Og me finn spor av varemangel som følgje av krigen 1940-1945. Elektrisitetstilsynet hadde purra på melding om utbetringar (11. februar 1947). I ein kladd til svarbrevet står å lesa:

Grunnen for at dette ikkje enno har vorte heilt i orden er den, at det er heilt rådlaust å få tak i det materiell som skal til. Inst. [allatør] Berqvam, Førde, har teke seg av dette og straks han får tak i turvande materiel skulde han ordna dette for oss, og ein vil soleis tru at vi vil få anlegget i fult stand i løpet av hausten."
 

Kva folk kan forelja - og gamle fotografi

Soga om Botnafossen kraftlag kan vidare supplerast med minnestoff, kva folk kan fortelja om kraftverket, slikt dei har høyrt eller erfare sjølv. Marta Grytås Olsen, dotter til ein av dei som starta verket, fortel til dømes at straumen truleg blei påsett i februar 1946. Ho er fødd i januar 1946, og ho har alltid høyrt at det kom straum i lyspærene då mor hennar hadde besøk av nabokonene i samband med fødselen.

Alle fotografia til denne artikkelen er tekne i 2009. På spørsmål om gamle fotografi, fortalde Marta Grytås Olsen at ho meiner ho har sett bilete "heime" [på Grytås], og at ho har sett etter det, men ikkje funne det.

Så, her står att noko innsamlingsarbeid. Marta har gjeve namn på personar som kan kontaktast, som sikkert har eitkvart å fortelja og som kan ha eitt eller fleire historiske fotografi.


 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordstrand, Leiv: "Lys og kraft til bygdens behov.." Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane. 1993.


Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Gaular 1865-1990. Samarbeid og motsetningar. 1995.


Informasjon frå: Marta Grytås Olsen, Førde.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2010117 Botnafossen kraftlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR