Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Teknisk kulturminne på Stølen - Dalen Elektrisitetsverk



Turistar på veg til Tungestølen i Veitastrond stoggar ved ei grind på Stølen for å betala bompengar. Nokre legg kanskje merke til ein svær betongkumme tett attmed vegen og lurer på kva dette kan vera for noko. Det er eit teknisk kulturminne, inntakskummen til Dalen Elektrisitetsverk som var i drift her i åra 1946 - 1957.

Nett innom dei inste husa på Veitastrondi ligg Stølen der bomvegen fram til Tungestølen byrjar. Her ligg eit teknisk kulturminne, spor etter Dalens Elektrisitetsverk. Øvst ser me inntakskummen og vidare nedover betongkara røyrgata låg på. Hólet i enden førde inn til kraftsverksbygningen.

Nett innom dei inste husa på Veitastrondi ligg Stølen der bomvegen fram til Tungestølen byrjar. Her ligg eit teknisk kulturminne, spor etter Dalens Elektrisitetsverk. Øvst ser me inntakskummen og vidare nedover betongkara røyrgata låg på. Hólet i enden førde inn til kraftsverksbygningen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Synlege spor

Vågar ein seg ut på ytste kanten av inntakskummen, er det lett å danna seg eit bilete av elektristetsverket på Stølen. Det står att fleire betongklossar nedover ein liten bakke mot ein låg grunnmur med betonggolv. Og eit stykke derifrå stikk det opp eit par jarnboltar i ein bergknaus. Det som manglar er røyrgata nedover, kraftverkshuset, leidingane ut frå veggen på sørsida bort til den fyrste stolpen, og framfor alt, vatnet.

Eit spørsmål melder seg: Kvar kom vatnet frå? Ein varm julidag durar den flaumstore breelva gjennom eit gjel eit kort stykke vestom. Snur ein seg, og tek turen nordvestover, på skrå mot elva på oppsida av gjelet, legg ein merke til andre spor, - ei utturka grøft, ei oppmuring i elva, med opning i. Nettopp, dei leia vatnet sitt i ei veit frå elva, Storelvi (Sumelvi).

Slutt i 1957

I 1957 stogga maskinane. Då var det store Årøy kraftverk kome i drift og klar til å ta over straumforsyninga til folk på Veitastrond. Maskinane vart demonterte, huset rive, røyra fjerna og forretningsverksemda Dalens Elektrisitetsverk oppløyst.

Kjelder til kunnskap om kraftverket på Stølen

Kva veit vi så om dette vesle kraftverket fremst i Veitastrondbygda. I 2005, snaue 50 år etter at kraftverket stogga, er kjeldene fattigare enn til dømes kring 1960. Dei tek til å dra på åra dei som hugsar verket, som var med og fekk det i stand, bygde det, og heldt det vedlike. Mange er også borte. Noko slags arkiv veit ein ikkje om bortsett frå nokre få faktura-brev og eit tilbod på likestraumgenerator frå A/S Per Kure i Oslo. Det står kan henda ei og anna notis i lokalblada, ein setning eller to i brev folk skreiv til kvarandre (om slike er tekne vare på nokon stad), og det kan sikkert finnast eitt og anna elektrisitetsverk-historisk fotografi.

Det føreligg skriftleg historisk omtale av Dalen Elektrisitetsverk frå to personar to stader. Per Sandal, Sogndal, har med to-tre avsnitt i boka si Kraftforsyninga i Luster 1915-1990. Og Aud Marit Hilleren, Veitastrond, har skrive eit notat til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ho har interessant dokumentasjon frå fleire munnlege kjelder, og ho opnar med ei tankeferd, til tida før straumen kom til bygda:

Mørklagd grend når straumen er borte

- Eg har mange gonger stått og sett utover ei mørklagd grend etter at straumen er borte. Og då kan eg fortelja at då er det verkeleg mørkt. Etter kvart dukkar det opp eitt og anna lys bortetter. Då har folk leita fram stearinlysa sine og famla seg fram til fyrstikker.

Då går tankane til foreldra våre, og korleis dei hadde det då dei var unge. Før hadde dei skumringstimen, det var tida på ettermiddagen då det vart for mørkt til å arbeida inne, og for tidleg å kveikja lampen. Når mor sat ved rokken og spann, og far sat med avisa, prøvde dei å klare seg med ei lampe. Dei gjekk til fjøsen med fjøslykta i handa. Denne hengde dei på ein krok medan arbeidet vart gjort. Då måtte det verkeleg vera skummelt å vera liten og vera med i fjøsen.

Fleire småverk

Etter kvart kom tanken om å byggja kraftverk og få eigen straum. Då hadde folk i lang tid høyrt om andre bygder som hadde fått elektrisk straum ved hjelp av lokale kraftverk.

Veitastrond fekk etter kvart fleire. Det fyrste, og største, stod ferdig på Nes ved Rødevikselvi i 1936. Det forsynte 27 husstandar i nedre delen av bygda. Smågrendene Kvam, Ugulsvik og Yndesdalen fekk og kvar sine elektristitetsverk, og det siste, kraftverket på Stølen bygd 1944/1945, Dalen Elektrisitetsverk, forsynte folk fremst i bygda.

Maskinane frå Marifjøra

Turbin og generator kom frå Marifjøra. Der hadde dei hatt straum sidan 1924/1925 frå eit lite verk bygd av landhandlar John Ness. Då Marifjøra i 1944 fekk straum frå Årøy kraftverk, kjøpte Dalen Elektrisitetsverk maskineriet, og året etter var alt på plass i kraftstasjonen på Stølen.

Tesse-Lars fortel om bygginga

Lars J. Heggestad (Tesse-Lars) var med på mykje av byggjearbeidet, mellom anna stolpehogginga som Nils Tangen og Ivar L. Neset hadde fått på hand på Hafslo. Lars og Kristian I. Neset (Ivar-Kristian) gjekk på ski til Hafslo og fekk husrom hjå Anna Lad, moster til Lars. Dette var i april.

Fyrst hogg dei 16 stolpar i Oklevika, og deretter 36 stolpar i Skårdalen nedom stølen Simosete. Noko seinare drog dei stolpane ned til vatnet og flota dei over Boskoløkjen. Derifrå gjekk transporten med bil opp til Soget, nedre enden av Veitastrondvatnet. Neste etappe var floting opp vatnet med "Motoren", båten som gjekk i rute på vatnet, og så siste etappen dit dei skulle brukast.

Ovanom kraftstasjonen bygde dei ei vassveit frå elva fram til inntakskummen. Men dette fungerte ikkje så godt, så etter ei tid vart det bestemt å byggja ei demning i Breiavad i Storeelva. Dei spurde Ola P. Heggestad (Nils-Ola-Per-Ola) å stå for dette, for han var flink med støypearbeid. Men Nils-Ola-Per-Ola var ein bestemt mann, og ville gjera arbeidet på sitt vis. Og hende det at dei prøvde å styra han i arbeidet, sa han greitt frå: "Viss ikkje eg får gjera som eg vil, also, så reiser eg att, also".

Straum i 11 år

Lars Nythun, Nils Tangen og Peder N. Heggestad stod føre mykje av arbeidet med elektrisitetsverket på Stølen. Det vart valt eit styre og folk kjøpte aksjar for kr. 100.- pr. 100 Watt. Straumforsyninga var ordna slik at når folk brukte meir straum enn dei hadde tinga, så vippa det, - straumen vart borte og kom att i korte frekvensar. Utanom lys brukte folk straum til koking. Fleire kjøpte Pyrox-komfyr med magasinplate som kunne lagra varme.

Dei hadde vanskar med verket sitt. Om somrane var straumen ofte borte. Då var det stor vassføring i elva. Men det var mykje evje i vatnet og evja gjorde skade på maskinane. Om vintrane var det lite vatn i elva, og dermed mindre straum.

kjelder:

Sandal, Per: Kraftforsyninga i Luster. 1915-1990. Sogndal 1990.
Munnlege opplysningar frå:
Lars J. Heggestad.
Arkivdokument frå: 1) Dalen Elektrisitetsverk og 2) A/L Hafslo Kraftlag.
Aud Marit Hilleren: Notat Kraftverket på Stølen på Veitastrond. 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR