Kulturhistorisk leksikon

Dampbåt (5)

  • Om dampbåten «Duen» på Hornindalsvatnet

    «Opplysningane vi har om ”Duen” er heller få, og (…) særs vanskelege å kontrollere», står det i heftet "Båtferdsla på Hornindalsvatnet" (semesteroppgåve i historie grunnfag 1982). Det er kanskje ikkje så rart. Den vesle dampbåten «Duen»/«Fram» på Hornindalsvatnet rundt århundreskiftet 1800/1900 var berre eit kort innslag i båtferdsla på vatna i Nordfjord. Denne artikkelen byggjer på resultatet av ein liten leiteaksjon etter kunnskap om «Duen»/«Fram».

  • Samferdsle på Hornindalsvatnet - D/S Dølen og M/B Honndølen

    "Dølen" ferda over Hornindalsvatnet frå 1880 til 1950, og i 1952 tok "Honndølen" over rutene. Båtane vart drifta av gamle Hornindal kommune frå 1909.

  • Om dampbåten «Faleide»

    Sommaren 1891 skjedde noko viktig i indre Nordfjord. Folk på Faleide tok til med lokal dampskipsfart. Dei hadde kjøpt seg ein liten brukt båt i Hordaland, som no segla med namnet FALEIDE i baugen. I fleire år gjekk båten kvar sommar i rute til og frå Utvik . - Det har vore lite å finne av båthistorisk informasjon om «Faleide», og lenge var berre eitt einaste foto kjent.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • DS "Thorolf" - agentbåt i over femti år

    Agentbåt var eit kjent begrep på første halvdelen av 1900-talet. Det var ein båt som frakta ein handelsreisande og varene hans til landhandlarar og andre forretningar rundt omkring på kysten og i fjordane. D/S "Thorolf" frå Langevåg på Sunnmøre var ein kjend agentbåt i Sogn og Fjordane. Agenten tok opp ordrar på dei kjende produkta Devolds blåtrøyer og Rose-makko. I dag fraktar båten turistar og kan smykka seg med å vera Nordens eldste dampbåt bygd av tre.

  • Om "Fritjof Nansen" på Strynevatnet

    Sogn og Fjordane har åtte store vatn der det har vore rutebåtferdsle. På Oppstrynsvatnet byrja dampbåten ”Fritjof Nansen” rutetrafikk i 1891. ”Nansen” heldt det gåande i nær 50 år. Siste turen gjekk 1. juli 1939.