Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. mai 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Om "Fritjof Nansen" på Oppstrynsvatnet



Sogn og Fjordane har åtte store vatn der det har vore rutebåtferdsle. På Oppstrynsvatnet byrja dampbåten ”Fritjof Nansen” rutetrafikk i 1891. ”Nansen” heldt det gåande i nær 50 år. Siste turen gjekk 1. juli 1939.

<p>&rdquo;Fritjof Nansen&rdquo; ved bryggja i Mindresunde (i nedre enden av Strynevatnet). Illustrasjon av Magne V. Kristiansen til bok om ein hesteskyss over Strynefjellet &aring;r 1900. Illustrasjonen er laga etter postkort.</p>

”Fritjof Nansen” ved bryggja i Mindresunde (i nedre enden av Strynevatnet). Illustrasjon av Magne V. Kristiansen til bok om ein hesteskyss over Strynefjellet år 1900. Illustrasjonen er laga etter postkort.

Eigar: Magne V. Kristiansen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ei takk”

Den 6. juli 1939 hadde avisa Fjordingen eit stykke med overskrifta ”Fritjof Nansen” legg upp”. Det var signert ”Opstryning” og var ei takk til førar og maskinist for godt og velgjort arbeid gjennom mange år. Første delen av stykket er eit kort resymè av båtferdsla gjennom nær 50 år, andre delen er omtale av ”førar og maskinist”, høvesvis Mons Bolstad og Rasmus Gjørven. Her er stykket attgjeve slik det stod i Fjordingen med tillegg av mellomtitlar og nokre innskotne merknader i hakeparantesar. Skrivemåten er litt normalisert.

”trugen tenar og ærendsvein”

”Den 1. juli slutta ”Fritjof Nansen” i rute på Opstrynvatnet. I snart 50 år har han vore ein trugen tenar og ærendsvein for opstryningane og mange minne knyter seg til dampbåten. Som venta kan vera har han vore ut i litt av kvart i all denne tid. Men i storm som i stilla og gjennom meinis og myrkeskodde har han alltid kome seg velberga fram.

1891 – ny tidsalder

Det var høgtid i bygdi da båten synte seg for fyrste gong i 1891. Ein ny tidsalder var dermed flytt inn, dampbåten sin tidsalder, med auka handel og samkvem mellom grendene og med verda utanfor. Det vart slutt med å slita og ro på alt mogeleg som trongst på ein gard og skulle seljast. Mangt eit seigt og tungt åretak hadde vore teke på det lange vatnet av den grunn. No letna det og folk gledde seg, på same tid som dei såg med age på det nye vidunderet.

Viktig for turisttrafikken

Frå hundreårskiftet og utover auka straumen av turistar frå år til år. ”Nansen” gjorde opptil 3 vender [turar] dagleg frå Hjelle til Mindresunde sommarstid. Han var ein viktig faktor i turistferdsla og i næringslivet i bygda. Mange celebre ferdafolk kan han rosa seg av å ha frakta. Som t.d. Oscar II, kongen av Siam, kongen av Belgia og andre majestetar. Alle nemnde båtturen over Opstrynvatnet som eit ugløymande minne med varande inntrykk frå ei storfeld og mektig natur.

Bilar og bussar tok over

Verdskrigen [1914-1918] kom og sette ein stogg i turistferdsla, og den nye vegen langs vatnet [opna 1922] tok mot trafikken då han på ny kvikna til. Gamle ”Nansen” måtte trekkja seg tilbake frå tevlinga med dei nyare kommunikasjonsmidla som bilar og bussar. Men alle er samde om at han har fyllt oppgåva si på ein verdig måte, og som sin store namnebror går han med all æra inn i soga.

”To menn går frå borde”

Det er dampskipsførar Mons J. Bolstad og maskinist Rasmus R. Gjørven. Begge fekk kongens fortenestemedalje i vinter [1939] for vel utført arbeid om bord.

Mons Bolstad

er fødd på garden Bolstad 25. juli 1876. Foreldra var dugande gardbrukarfolk. Han var fyrst ei tid i smedlære og dreiv dette handverket i nokre år. Ei kort tid var han ved dampskipet ”Faleide” som gjekk i rute på Indre Nordfjord.

23 år gammal vart han tilsett som førar av ”Fritjof Nansen”. Denne stillinga har han no hatt i snart 40 år. Når rutene alltid har vortne haldne og all post-, vare- og passasjerferdsle har godt så godt, er det ikkje minst den dugande føraren å takka. Han har vore ein kjempekar som har skapt tryggleik og ro omkring seg, ein hyggjeleg og grei mann i alle måtar.

Ved sida av arbeidet som dampskipsførar har han hatt eit lite småbruk. På dette har han dyrka opp 12 mål urudd mark.

Rasmus Gjørven

er fødd 21. mai 1870 i Stryn. Etter konfirmasjonen var han i lære hjå dei kjende ljåsmedane i Hornindal, og sjølv var han ljåsmed i nokre vintrar. Om våren var det å ta ljåknippet på ryggen og reisa kring på gardane og venda [selja, omsetja] varene.

Største interessa låg likevel i maskiner og mekanikk og i 1892 gjekk han på Bergens mekaniske verkstad. Då Per Ytreide slutta som maskinist på ”Nansen” etter å ha har hatt stillinga i 1 ½ år, vart Gjørven tilsett. Han har vore ein dugande mann i sitt yrke i heile 47 år, og har greitt seg på ein framifrå måte i dei mange vanskelege situasjonar. Men så er han og ein hag og hendig kar – ein altmogeleg mann av dei sjeldne.

”Syntes riktig vrang, sig tingen
”Jo, jeg kan”, sa Store Bingen”

Desse verselinene er som sagde om om Gjørven. Det skal sjå vrie og vrangt ut det arbeid som han ikkje veit råd med.

I 1901 bygde han seg hus på Hjelle. Seinare kjøpte han seg eit utmarkstykke som var fullt av stein og røter, men som låg so godt til i sørhallet. Dette dyrka han opp og planta der 80 gilde frukttre, og fekk for dette arbeidet diplom i 1917. Slitet og strevet har ikkje teke arbeidskrafta frå han. Trass dei 70 år er han framleis like kvikk og lett på foten som ein ungdom.

”si beste helsing”

Når desse to veteranane frå ”Nansen” no har teke avskil med båten for godt, sender opstryningar heime og ute si beste helsing og takk for trufast teneste i mange år.”’


 

 

kjelder:

Avisa Fjordingen. 28.06.,06.07.1939