Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 25. februar 2020

Sist oppdatert 02. mars 2020

Kategori

Rå-data

Om dampbåten «Duen» på Hornindalsvatnet



«Opplysningane vi har om ”Duen” er heller få, og (…) særs vanskelege å kontrollere», står det i heftet "Båtferdsla på Hornindalsvatnet" (semesteroppgåve i historie grunnfag 1982). Det er kanskje ikkje så rart. Den vesle dampbåten «Duen»/«Fram» på Hornindalsvatnet rundt århundreskiftet 1800/1900 var berre eit kort innslag i båtferdsla på vatna i Nordfjord. Denne artikkelen byggjer på resultatet av ein liten leiteaksjon etter kunnskap om «Duen»/«Fram».

Dampbåten «Duen»/«Fram»  på Hornindalsvatnet. Skroget av dampbåten «Fram», tidlegare «Duen» under transport ca 1920 frå Hornindalsvatnet til Nordfjordeid. Spesialtransporten er her komen til Øyabakken.

Dampbåten «Duen»/«Fram» på Hornindalsvatnet. Skroget av dampbåten «Fram», tidlegare «Duen» under transport ca 1920 frå Hornindalsvatnet til Nordfjordeid. Spesialtransporten er her komen til Øyabakken.

Eigar: Fotohistorisk arkiv/L. Lunde

Datering: Kring 1920

Fotograf: I.I. Hellebust

Resultat av leiteaksjonen

Det var ikkje all verda å få på bordet av spor etter føretaket «Duen»/«Fram»; eit dokumentomslag med diverse papir oppbevart hjå Fylkesarkivet i Vestland, eit livsminne i det nemnde studentarbeidet, tre foto, ein gjenstand, ein rest etter dampkjelen frå «Duen». Men likevel, når kjeldematerialet er magert, er det dessto meir interessant og verdfullt det vesle ein har å hjelpa seg med. Og einskilde kjeldestykke kan vera spesielt innhaldsrike.

Siste reis - eit bilete fortel

Fotgrafiet over viser dampbåten «Fram» (tidlegare «Duen»), eller meir presist skroget av «Fram», under transport på land (frå Hornindalsvatnet til Nordfjordeid). Biletet er ei heil forteljing i seg sjølv, om båten (skrog, form og linjer, byggjematerial, m.m.), om transportanordning (vogn», trekkraft/hestar/menn med taumar), andre folk, m.a. to gutar om bord, den sitjande i baugen, den andre ståande på hekken. Og det let seg gjera å berekna lengda på båten. Høgda på ein av mennene som målestokk, lagd frå baug til akterende, gjev som resultat, kring 1.75 m x 8 = 14-15 meter, som tilsvarar i underkant av 50 fot, ei anna måleeining ofte brukt om båtar. Det må ha vore ein krevjande transport, og kostbar. Biletet er tidfesta til rundt 1920.

På plass våren 1888

Transporten andre vegen, frå Nordfjordeid opp til Hornindalsvatnet, skjedde våren 1888. Fjordenes Blad, Nordfjordeid, hadde ein mykje kortare omtale om ankomsten av dampbåt nummer to på Hornindalsvatnet enn om den første, «Dølen» i 1880, berre ei lita notis, 30. mai 1888:

Dampbaaden «Duen» transporteres i disse Dage fra Søen og op i Hornindalsvandet. Hr. Maskinmester Frich fra Bergen havde paataget sig dette Arbeide. Det viste sig at være vanskeligere end paaregnet, saa det tager adskillig Tid med Transporten. To Dampbaade paa Hornindalsvandet! Ja, det blir nok (…) kjækt for de reisende. Men det er vel mere end tvivlsomt, om det blir saa kjækt for Rederne.

Konkurrent til «Dølen»

Rundt 1880 hadde Hornindal kommune i aust vegsamband nord-sør ved den Trondhjemske postveg (Bergen – Trondheim) som kryssa Nordfjord mellom Faleide og Utvik med båtskyss. Vestover til dampskipsstoppestaden Nordfjordeid var Hornindalsvatnet ferdselsvegen, for grendene Grodås og Kjøs i øvste enden av vatnet og gardane på begge sidene av vatnet vestover. Dampbåten «Dølen» kom i fart på Hornindalsvatnet i slutten av desember 1880.

Så kom «Duen», sommaren 1888, på same vatnet, med tilbod om transport til dei same grendene og gardane. - Bra for dei reisande, meinte Fjordenes Blad, men «vel mere tvivlsomt» for «Rederne», rekna i kroner og øre.

Dokument underskrive «Grodaassanden» 11. mai 1896

I Fylkesarkivet sitt dokumentomslag påskrive Dampbåten Dølen/Fram er eitt av papira særleg interessant. Det inneheld handfast informasjon om eigarskap, styring og drift. I røynda er det ein underskriven «møteprotokoll» frå eitt einskild møte, eit eigarmøte, ein generalforsamling, halde på Grodås 11. mai 1896.

Dokumentet opnar med å rekna opp 6 eigarar (3 eigarar var ikkje tilstades) i «Dampbaaden Duen», og at dei dags dato har fatta «følgende» vedtak, i alt 6.

Vedtak 1: Val på direksjon (styre): O. Holmø, L.P. Navelsaker og Lars O. Lillestøl. Valet gjeld for tida fram til «førstkommende Nytaar», dvs. 1. januar 1897.
Vedtak 2: Lars O. Lillestøl tilsett som båtførar. Årsløn kr. 30, på vilkår om justering i høve til driftsresultat.
Vedtak 3: Anders Rasmussen Lødemel tilsett som maskinist på same vilkår som førar.
Vedtak 4: Styret («de tre valgte direktører») skal syta for at at det blir ordna med reparasjon av «Dampbaaden» på alle eigarane si rekning, ta opp lån og elles «forvalte det hele efter bedste Skjøn.»
Vedtak 5: «Direktørerne» skal avleggja rekneskap for «Baadens Fart» når året er ute.
Vedtak 6: Val på kasserar, som «fra i dag at føre Regnskab over Dampbaadeens Udgifter og Indtægter»: Rasmus K. Grodaas

Dette eine dokumentet viser at pr. 1896 var føretaket «Duen» organisert, (kan henda nyorganisert), som eit forretningsdrivande næringstiltak med føremål/oppgåve å driva dampbåtfart på Hornindalsvatnet. Føretaket har ein dampbåt, «Duen», med nødvendig mannskap til rådvelde. Eit styre skal syta for drift, og det skal førast og leggjast fram rekneskap.

Eigarskap

Føretaket «Duen»/»Fram» var eit privat føretak, ei ikkje-offentleg verksemd, organiset som andelslag/partslag/interessentskap. Semesteroppåva Båtferdsla på Hornindalsvatnet opplyser at år 1888 kjøpte «Elias Nes Nordfjordeid og fleire ein liten eimbåt (dampbåt).»

Det førnemnde møtereferatet og nokre andre dokument, fortel meir om eigarskapen, men ikkje nok til å gje eit fullgodt bilete. Eit trekk er at eigarskapen endrar seg, ved kjøp og sal av andeler, ved eigarar går ut, og nye kjem inn. År 1899 kan det sjå ut som R. Grodaas var eineeigar. Eit styremøte i dampbåten «Dølen», 26. september 1899, handsama under sak 3 korleis rutefarten kunne haldast oppe etter at Kontrollkommissionen for dampskip, Bergen, hadde nekta vidare fart før ein «ubrugelig» kjel var sett i stand. I referatet står følgjande: «Eieren (uthevae her) av Dampbaaden Fram [tidlegare «Duen»], R. Grodaas, indfandt sig i Mødet» og sa frå at han med «Fram» kunne ivareta farten med dampbåten «Fram» til «Dølen» var reparert.

Om båten

Biletet over viser dampbåten «Duen», til kai i moloen på Grodåssanden. Båten har kvitmåla felt (skansekledning?) frå baug til hekk. Dampmaskina står om lag midtskips med ein tunn skorstein opp gjennom overbygg som går over halve båten. Båten er utstyrt med stenger/stativ for bruk av duk/presenning. «Duen» fører nasjonalitets-flagg i aktermasta og DUEN-vimpel i gjøsen (flaggstonga framme). Ei annonse datert 12. desember 1907 inneheld mål: 48 fot lang og 10 fot brei.

Biletet er datert til kring 1890. Kan henda er kring 1893 meir presist. Ei andelskjøpekontrakt datert 29.mai 1893 har ein klausul om at handelen ikkje omfattar «de ikke brugte træmaterialer til Overbygningen.» Dette vil ikkje utan vidare seia at «Duen» dei første åra hadde segla utan overbygning . I kontrakten kan det vera tale om ei ny overbygning, ein større og meir solid.

«Rute for Dampbaaden «Duen»

Ei bevart rute fortel om rutefarten, om dagar og klokkeslett «Duen» gjekk «opover», det vil seia frå stoppestaden Nord til Grodåssanden, og tilsvarande om når båten gjekk «nedover», det vil seia andre vegen, frå Grodåssanden til Nord. Ruteoppsettet inneheld stoppestadene Nord, Meleim (Heggjabygda), Grimslid og Navelsaker til Sanden på nordsida av vatnet, og på sørsida Skrede, Holmø (Holmøy) og Kjøs før Sanden. Tysdag og torsdag ligg båten i ro, venteleg på Nord der båten er «stationeret.» Det er høve til å leiga båten til ekstraturer. Ruta er utferda av «Interessentskabet» (andelslaget). Ho er udatert, men ikkje usannsynleg kring 1893.

Inspeksjon og godkjenning

Kring 1898 endra «Duen» namn til «Fram». Truleg var grunnen endring i eigarskap. Som passasjerførande båt var både «Duen» og seinare «Fram» underlagt eit offentleg regelverk med inspeksjon (tilsyn) og godkjenning. Ein statleg tilsynskommisjon «for Dampskibe» med underliggjande distrikt, t.d. Bergen, sytte for regelmessig «Besigtigelse» og utskriving av sertifikat. Når tilsynskommisjonen fann noko å setja fingen på, gav kommisjonen påbod om utbetring og i verste fall mellombels forbod mot vidare fart. Dokumentet her, frå Tilsynskommissionen for Dampskibe, datert 15. august 1900, er godkjenning av Hans O. Holmøvik som maskinist på «Dampbaaden «Fram»» i rutefart på Hornindalsvatnet.

Stor omvøle 1892 og 1898-1899

Det tilgjengelege kjeldematerialet seier og noko om vedlikehald og reparasjonar. Det ser ut til at «Duen» hadde ei større overhaling vinteren/våren 1892. Av to brev datert same dag, 27.09.1892, frå Ole R. Lødemel, går det fram at han har vore i arbeid med/på båten i fleire dagar; 3 dagar på skraping og 11 dagar i smia, «med Anders» på «Jernverket». Breva gjev elles inntrykk av at båten pr. september 1892 framleis ikkje er ferdig sett «istand», og at båten ikkje har vore i fart på ei stund, slik meininga var, å få den til «å gå i den forbigaaende sommer.» Ei stor omvøle rundt 1898/1899 er betre dokumentert, likevel på ingen måte fullgodt. Fleire posteringar på eit ark med overskrift «Materialer og Arbeide til Dampbaaden Fram (Duen)» og nokre rekningar inneheld detalj-opplysningar om det som kan kallast varer og tenester, til dømes «Stål og stålplater», «Arbeid ved Svein Heggen» (smed), «Træmaterialer frå Ivar Ous», Nordfjordeid. «Et flag» kosta 10 kr, kan henda var det ein vimpel med namnet FRAM.

«.. en sørgelig lang Tid at vente paa Opgjør.»

«To dampbaade paa Hornindalsvandet! Ja, det blir nok (…) kjækt for de reisende. Men det er vel mere end tvivlsomt, om det blir saa kjækt for Rederne.», skreiv Fjordenes Blad då «Duen» sommaren 1888 var under transport frå Nordfjordeid opp til Hornindalsvatnet. Avisa fekk rett. Det var ikkje økonomisk grunnlag for to båtar, og det var «Duen»/ «Fram» som blei taparen Føretaket hadde heile tida utgifter på lån i Nordfjords Sparebank, til mannskap, drivstoff (kol og ved), vedlikehald og reparasjonar. Og det ser ut til at «Duen» ikkje hadde andre inntekter enn frå personbillettar og varefrakt (konkurrenten «Dølen» hadde derimot faste inntekter for posførsle).

Alt tyder på at det slett ikkje var «saa kjækt for Rederne». Det finst fleire døme på at kreditorar purra på sitt «tilgodehavende.» Firmaet I. Trumpy & Søn i Bergen, som hadde leigd ut «Redskaber», vinteren/våren 1892, kvitterer 22. august 1892 for innbetalt beløp, 30 kroner, med følgjande haleheng: «Det var en sørgelig lang Tid at vente paa Opgjør.» Eit anna døme: I brev, datert 13. februar 1892, purra Mathias O. Lillestøl på sitt «tilgodehavende» Han var då busett på adresse Kjeringdal ved Mosjøen. Mathias Lillestøl meiner han har til gode løn for 7 månader og 5 dagar. No har han kjøpt seg part i ei not som skal betalast «i Marts», og treng pengane per omgåande. Han trugar jamvel om nødvendig å ta kravet «til Sagfører».

«Dampskibsskrog til salgs.»

Alt tyder på at «Fram» var i god stand ved århundreskiftet 1800/1900, og at eigaren satsa optimistisk på rutefart. Me veit ikkje korleis det gjekk. Det føreliggjande kjeldmaterialet seier ingen ting om åra næraste etter. etter 1900. Neste «aktstykke» i soga om «Duen» på Hornindalsvatnet vitnar om kraftig nedtur, er ei auksjonsannonse, datert 12. desember 1907, frå lensmann R.M. Kirkhorn i Hornindal: "Dampskibsskrog tilsalgs.» Det kan berre vera «Fram», eks. «Duen». Ordlyden tyder på at båten er temmeleg ribba, men framleis har «hel Træoverbygning».

Auksjonen vart halden 30. desember 1907 på Hornindals lensmannskontor. Det går fram av auksjonsprotokoll at landhandlar R. K. Grodaas var eigar, og at auksjonen vart halden etter krav frå «overrettssagfører Bottelsen» i Bergen, altså ein tvangsauksjon. Grunnlaget var at «bemeldte dampbåd», «Fram», var gjeven som «utlegg» (betaling) for gjeld til Ragnar E. Næs ved eksekusjon av 6. juni 1906. Rekvirenten, overrettssakførar Bottelsen, fekk tilslag på høgste bod, kr. 250. -. Peder Larsen Holmøy hadde nest høgste bod på 200 kroner.

Til botnar og maskinstopp

Ulike uhell høyrer med i ein kvar farkost si soge; grunnstøyting, kollisjon, maskinskade, brannskade, m.m. Så også med «Duen». Me har vitnemål om to, det eine at båten gjekk til botnar år 1888, det andre at båten fekk maskinskade med mange passasjerar om bord år 1896.

Dampbaaden «Duen» er sunket tilbunds ved Bryggen paa Nord. Propellen havde faaet stor Skade, og under Istandsættelsen af den, havde man lastet ned Forænden med Melsække, Sten o.s.v. Medens Mændene var i Smien, havde «Duen» fundet paa at dukke under, og nu ligger den rolig paa Bunden. Der er dog Haab om at den snart kan komme opigjen. (Fjordenes Blad, 18.12.1888)

Ingebrigt Lindvik (1892-0000), fortalde år 1982 om eit uhell då Nordfjordeid hadde kongevitjing sommaren 1896:

Frå Grodås kom «Duen» nedover vatnet, fullasta med folk som skulle til Nordfjordeid. Rett overfor Lindvik fekk båten maskinskade å vart liggjande og drive ei god stund ute på vatnet. Ein båt frå Skaugset kom til unnsetning. Om nokon av passasjerane nådde tidsnok fram til å sjå den celebre gjesten denne junidagen [kongevitjing 21. juli 1896], skal vere usagt.»

Eit tilskot til soga om «Dølen»/«Fram»

Kvar einaste båt har si historie, frå fartøyet blir bygt til det «går ut or verda»; med omsyn til eigarskap, fart, ombygging, uhell, m.m. Me kjenner berre ein del av soga til dampbåten «Duen»/«Fram». Me veit til dømes ikkje kvifor skroget etter auksjonen i 1907 vart liggjande i mange år før det vart frakta ned frå vatnet. Me kjenner heller ikkje til om «Duen» kom nybygd til Hornindalsvatnet i 1888, eller kva som skjedde med skroget etter kring 1920. Framstillinga her er eit bidrag til heile soga om «Duen»/ «Fram» på Hornindalsvatnet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnlege opplysingar frå Lars Lunde


Anne-Marie Førde, Norma Strand Kjerstad: Båtferdsla på Hornindalsvatnet. Semesteroppgåve i historie grunnfag. Våren 1982. Volda distriktshøgskule


Fylkesarkivet i Vestland: SFF-88032 Dølen D/B. Møtebok. 1882-1909


Fylkesarkivet i Vestland: SFF-93014. Dampbåten «Duen»/«Fram»


Statsarkivet i Bergen: Lensmannen i Hornindal: Auksjonsprotokoll 1897-1917


Fjordenes Blad 30.05.1888


Fjordenes Blad 18.12.1888

PERMANENT IDENTIFIKATOR