Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. juli 2019

Sist oppdatert 05. juli 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Om dampbåten «Faleide»



Sommaren 1891 skjedde noko viktig i indre Nordfjord. Folk på Faleide tok til med lokal dampskipsfart. Dei hadde kjøpt seg ein liten brukt båt i Hordaland, som no segla med namnet FALEIDE i baugen. I fleire år gjekk båten kvar sommar i rute til og frå Utvik . - Det har vore lite å finne av båthistorisk informasjon om «Faleide», og lenge var berre eitt einaste foto kjent.

Faleide kring 1900. Ved bryggja nærast ligg dampbåten «Faleide» til kai.

Faleide kring 1900. Ved bryggja nærast ligg dampbåten «Faleide» til kai.

Eigar: Hermund Kleppa

Datering: Kring 1900

Dampbåten «Faleide» til kai på Faleide

Postkortet som er attgjeve her, påtrykt Nordfjord og Faleide, viser Faleide rundt århundreskiftet 1800/1900. Den store bygningen opp frå sjøen er Tendens Hotel, opna 1880. På nedsida av hotellet viser vegen til bryggja, der dampbåten «Faleide» - ikkje heilt lett å få auge på - ligg til kai. Båten ligg med baugen mot eit naust, og den høge, tunne skorsteinen viser godt mot endeveggen.

Partseigarlag - aksjeselskap

Dampbåten «Faleide» høyrde til på Faleide i dåverande Innvik kommune. Faleide var trafikalt knutepunkt med skysstasjon, hotell, dampskipstoppestad, føringsjekt, handel og postopneri. Ei kunngjering i Norsk Kundgjørelsestidende, datert 20, juli 1891, inneheld informasjon om eigarskap o.a. Det går fram at selskapet (firmaet) «Faleide Dampbaadlag» «driver Dampskibsfart i indre Nordfjord» med dampbåten «Faleide». Dampbåtlaget er organisert som partslag med ein kapital på 9300 kroner fordelt på 4 aksjar. Eigarane er: Olai Johan Tenden, Anders Hansen Faleide, Jørgen Lassesen Faleide, og Rasmus Lassesen Faleide. Hans Andersen Faleide er båtlaget sin «Bestyrer» og kontorstaden er garden Faleide, der alle partseigarane har «sin Bopæl.» Båtlaget var i eitt og alt eit reint Faleide-føretak.

Dampslupp med overbygg

Det har ikkje lukkast å finne fartøyhistoriske data om DB «Faleide», så som byggeår, mål, eigarskap før og etter Faleide-perioden, m.m. Dampbåtlaget kjøpte båten brukt frå Hordaland og selde båten tilbake til Hordaland. Lenge gjekk eitt foto (under) for å vera det einaste ein visste om. Seinare har det kom til eit par andre. Dei «fortel» eit stykke på veg om båten den tida han skyssa reisande i indre Nordfjord.

Dampbåten «Faleide» var av den minste og enklaste typen lokalbåt, dampsluppen; ein båt der det ikkje er plass til verken last eller anna under dørken. Dei første dampsluppane var opne båtar der «maskineriet – kjel og dampmaskin – stod synleg for alle midtskips, med ein tunn skorstein som blikkfang,» (Kolltveit). Seinare fekk nokre dampsluppar enkle overbygg med glas. «Faleide» er eit godt døme på dampslupp, først utan overbygg, seinare med overbygg.

Bileta her (over og under) viser «Faleide» med overbygg sett skrått mot styrbord side. Overbygget går frå eit lite dekk over baugpartiet til hekken akter. I akterenden viser ei kappe, eit lite hus, som er opning til og frå opphaldsrommet, salongen. Framme er det opning i overbygget laga til for om bord- og ilandstigning. Ventilen (luftrøyret) framme er truleg montert for å skaffe god trekk til dampkjelen, som var nødvendig når båten fekk overbygg. Rundt ventilen er bygd ei kappe, med opning opp til baugdekket. Båtføraren stod truleg på dørken framfor luftrøyret og styrde båten. Herifrå hadde han god utsikt framover og til sidene. 

På dette biletet er «Faleide» i fart langs landet inn mot Strynebukta. Det er regnver. Seglduk er trekt ut over eit rammeverk og ein passasjer sit med oppslegen paraply. Dekket på overbygget må ha vore dimensjonert for at reisande kunne opphalde seg der. Segldukstaket tyder på det, sameleis det som kan sjå ut som ein taburett framfor kappen/dekkshuset. Bileta viser elles at glasfag kunne takast ut og setjast inn.

Biletet under (eit utsnitt) viser «Faleide» (til kai på Faleide) før båten fekk overbygg; ein heilt open båt med rammeverk der det kunne strekkjast seglduk på ein gråversdag med fare for regn. «Faleide» ligg her til kai på Faleide. Båten er pynta «med grønt», 6-7 furebusker. Det må vera i eit heilt spesielt høve. Biletet viser òg at «Faleide» hadde ein kortare og litt tjukkare skorstein før båten fekk overbygg.

Triller og kalesjevogner

Faleide hadde både sjøverts og landverts trafikk i det offentlege skysstellet, høvesvis mellom Faleide og Utvik og Faleide – Hellesylt (på Sunnmøre). Paul Svarstad fortel noko skysstrafikken til Hellesylt i boka Innvik. Eit prestegjeld gjennom 200 år. Ein sparebank gjennom 100 år (1981).

«Faleide Trillekompagni var eit dotterselskap av Faleide Dampskibsselskab [AS Faleide Dampbaadlag]. «Kompagniet» sette inn [i Innvik Sparebank] kr. 13.20 i august 1891. I turistrafikken mellom Faleide og Møresjøen var det trong til noko finare enn stolkjerra. (…). Det gjekk bra med Trillekompagniet. Det syner at dei noko seinare investerte i ei trille med kalesje. I same rennet endra dei firmanamnet til «Faleide Chalesjekompagni.»

«Kongeskip»

Dampbåten «Faleide" gjekk berre om sommaren, i turistsesongen, og trafikkerte strekninga Utvik - Faleide - Visnes - Loen - Olden. Båten gjekk også ekstraturar. Sommaren 1896 hadde vesle «Faleide» oppdrag som «kongeskip». Indre Nordfjord hadde kongebesøk. Den belgiske kongen Leopold II kom frå Meråk over Strynefjellet og ned til Stryn der kongen tok inn på Olai J. Tenden sitt nye Hotel Central på Visnes. Kongen reiste inkognito under namnet Graf Ravenstein og hadde med seg eit føgje på fire. Brev til Morgenbladet, Kristiania, datert «Hotel Central, Visnæs», 25.08.1896, fortel om opphaldet i indre Nordfjord.

Onsdag 19. august 1896
Avreise frå Meråk, om Hellesylt, til Geiranger, til Grotli, over Strynefjellet, til Visnes
Til Hotel Central, kl. 21.00.

Torsdag, 20. august 1896
Til «Oldevand». Planen var så å reisa til Sandane og vidare til Vadheim, men avreisa blei utsett, for å få med tur til Loen dagen etter.

Fredag, 21. august 1896
Til «Briksdalsbræ» (meir rimeleg Kjenndalsbreen) «Loenvand». «Dampskibet «Faleide» leiedes» (truleg også dagen før).

Laurdag, 22. august 1896
Kongen kvilde, spasertur «helt til Faleide» (kan henda reiste kongen med «Faleide» tilbake til Visnes?)

Kl. 16.00 med DS «Lærdal» til Sandane. Mange folk var samla då kongen reiste frå Visnes og turistskipet «The Midnight Sun», som denne dagen låg inne på Strynebukta, helsa med skipsfløyta.

Søndag, 23. august 1896
Kl. 05.00 frå Sandane på veg til Vadheim

Dampbåten «Gordon» før «Faleide»

Faleide» var ikkje den første båten i lokalfart på indre Nordfjord. Ein privateigd dampbåt gjekk i skyssfart i Indre Nordfjord før «Faleide» blei sett i fart sommaren 1891. Det går fram av ei reiseskildring i ein engelsk publikasjon. Engelskmannen Goodman fortel om ei reise sør-nord på Vestlandet sommaren 1890. Han kom over Utvikfjellet, ned til Utvik og skulle reise vidare om Faleide til Hellesylt. Han var budd på å måtte vente lenge på robåt, men vart gledeleg overraska over at dampbåten "Gordon" låg klar til å gå inn fjorden til Faleide. Goodman fekk greie på at dette var eit nokså nytt transporttilbod, og at det var eigaren av Gordon Hotel på Reed som eigde båten. "Gordon" gjekk visst to-tre gonger dagleg mellom Utvik og turiststadane lengst inne i fjorden.

Det var ruskevêr og litt sjøgang, men dei kom seg vel inn fjorden og over til Faleide, der Goodman gjekk i land. "Gordon" heldt fram i ruta innover til Stryn. Goodman fatta interesse for "Gordon" si rute på Indre Nordfjord, for han hadde blitt tilrådd av andre britar å besøke breane i Kjenndalen og Briksdalen. På skysstasjonen og hotellet på Faleide spurde han etter ruteopplysningar for "Gordon".

Men han vart forundra over at ingen av dei han møtte på Faleide, ville ha noko snakk om "Gordon"! Enten sa dei at dei visste ikkje noko om båten, eller dei svarte ikkje i det heile tatt. Korkje på kaia, hotellet eller andre stader var det hengt opp ruteplan. Goodman sitt inntrykk var at dei prøvde å "teie ihel" rutesambandet med "Gordon".

Dette kunne han ikkje skjønne og begripe; han skriv at viss det er noko som verkeleg trengst i fjordane på Vestlandet, så er det betre og meir effektive rutesamband med moderne fartøy, og alle i desse bygdene burde applaudere og heilhjerta støtte opp om dei få initiativa som blir tatt i den retning! Han forlet Faleide på vegen mot Hellesylt, litt hovudristande - fordi haldningane til dampbåten verka så bakstreversk.

Sette fart i faleidarane

Det som då heilt sikkert har vore situasjonen, er at faleidarane sjølve ikkje var involverte i "Gordon". Dei dreiv fjordskyssing med tradisjonelle robåtar i alle storleikar - alt frå færing til femkeiping. Rundt 1880 kjøpte skysstasjonen t.d. ein ny, stor åttring frå Gloppen, til å bruke særskilt i "ferjesambandet" Utvik-Faleide, der dei også av og til måtte frakta karjolar/kjerrer/triller (reisebyråa hadde teke til å utstyre turistane med køyretøy som dei hadde på heile reisa, skifte då berre hester på skysstasjonane). At "Gordon" vart sett inn i konkurransen med faleidarane og utvikarane sin robåtskyss, fall vel naturleg nok ikkje i god jord.

Alt dette er jo ikkje å vente at Goodman skulle kjenne til. Men denne konkurransen frå "Gordon" kan nok ha framskunda at faleidarane måtte gjere sitt mottrekk: skaffe seg dampbåt sjølve.

Fylkesbaatane tok over

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe tok til med ruter Bergen – Nordfjord i januar 1859. Dei første rutene hadde Faleide som endestogg, etter at båten hadde vore innom Visnes (Nedstryn). Dei første åra hadde NBAD ein tur i veka, seinare to. Smått om senn byrja Fylkesbaatane med lokalfart, først i indre Sogn år 1876 etter at eit privateigd skip hadde drive lokalrute-fart i 10 år, deretter i ytre Sunnfjord. I indre Nordfjord ser det ut til at Fylkesbaatane kom i gang med lokal rutefart frå sommaren 1894, med DS «Lærdal» i dagleg rute Sandane – fleire stader i indre Nordfjord – Sandane.

I åra 1891-1893 var «Faleide» åleine i lokalrutefarten på indre Nordfjord» Frå 1894 fekk båten konkurranse, og i det lange løp måtte «Faleide» gje seg for «overmakta» Den 11. september 1905 melde AS Faleide Dampbaadlag til Firmaregisteret at laget var oppløyst.

Årstalliste

1750 – 1850 Den Trondhjemske Postvei bygd
1786 Postruta Utvik – Faleide – Hellesylt tok til
1831 Postopneri på Faleide
1847 Tingstove, står framleis (2019)
1859 Dampskipsrute Bergen – Nordfjord, Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane)
1871 (pr.) Faleide kunne tilby kost og losji for reisande.
1876 Fast skysstasjon på Faleide
1880 Faleide: Olai Tenden opna nytt hotell
1884 Olden: Yris Hotell
1884 Loen: Loens Hotell, Alexandra Hotell
1888-1890 Veg frå Oldedalen til Briksdalsbreen
1889 Veg Geiranger – Grotli ferdig
1890 (pr.) Dampbåten «Gordon» i rute Utvik - Faleide
1891 Ny veg Stryn - Faleide
1891-1905 Dampbåten «Faleide» - rutefart i indre Nordfjord
1894 Central Hotel, Visnes
1894 Fylkesbaatane byrja lokalfart i indre Nordfjord, DS «Lærdal»
1895 Strynefjellsvegen ferdig.
1892 Den første dampbåten på Lovatnet
1906 Vegen Stryn – Loen opna
1909 Vegen Loen – Olden opna
1922 Veg langs Strynevatnet ferdig

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Harvey, Charles, W.: Around Loen. Nordfjord – Norway. 1950.


Harvey, Charles, W.: 1884-1984. Alexandra – eit familiehotell  alltid i takt med tida. 1984


Goodman, E. J.: "The best tour in Norway", London 1892.


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1958


Kolltveit, Bård: Lokalbåten. I serien Norsk kulturarv, Det norske samlaget, 1982.


Morgenbladet 01.09.1896.


Norsk Kundgjørelsestidende 07.08.1891


Faleide, Edvard Langeland: Historia om ei hotellverksemd. I Årsskrift for Stryn historielag. 2000, 2001

PERMANENT IDENTIFIKATOR