Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

DS "Thorolf" - agentbåt i over femti år



Agentbåt var eit kjent begrep på første halvdelen av 1900-talet. Det var ein båt som frakta ein handelsreisande og varene hans til landhandlarar og andre forretningar rundt omkring på kysten og i fjordane. D/S "Thorolf" frå Langevåg på Sunnmøre var ein kjend agentbåt i Sogn og Fjordane. Agenten tok opp ordrar på dei kjende produkta Devolds blåtrøyer og Rose-makko. I dag fraktar båten turistar og kan smykka seg med å vera Nordens eldste dampbåt bygd av tre.

D/S "Thorolf". Båten er 26,85 brutto register tonn. Lengda er 60 fot og breidda 14,5 fot. Djupne er 4-9 fot. Dampmaskina er typ Compound 1911, 75 IKH, og marsjfart 7-8 knop. Båten tek 40 passasjerar og har eit mannskap på tre.

D/S "Thorolf". Båten er 26,85 brutto register tonn. Lengda er 60 fot og breidda 14,5 fot. Djupne er 4-9 fot. Dampmaskina er typ Compound 1911, 75 IKH, og marsjfart 7-8 knop. Båten tek 40 passasjerar og har eit mannskap på tre.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Kring 1995

Fotograf: Ukjend.

"Ei verkeleg perle"

I 1992 kunne avisa Sogningen/Sogns Avis melda om "ei verkeleg perle" i programmet til Fjordkulturdagane. Arrangørane hadde sikra seg besøk av dampbåten D/S "Thorolf" frå Sunnmøre. Båten har ei "lang og omskiftande historie", skreiv avisa.

Bygd i 1910

"Thorolf" vart bygd i Hardanger. I 1910 tinga det kjende tekstil- og trikotasjefirmaet A.A. Devold et Sønner i Langevåg på Sunnmøre eit skrog hjå treskipsbyggjaren Andreas Svoldal i Kvinnherad i Hardanger. Skroget vart slept til Ålesund der Bruholmens mekaniske Verksted installerte dampmaskin og kjele, og gjorde båten ferdig på slippen sin, Slinningen i Ålesund.

Langs heile kysten i eit halvt hundre år

Agentbåtane var eit karakteristisk trekk ved kystlivet. Dei ofte elegante fartøya vekte alltid interesse, og det fylgde ein viss festivitas med dei. Mannskap og den handelsreisande var eit slags kystens friherrar ubundne av fiskarslitet og varetransporten.

I meir enn femti år nytta Devold "Thorolf" som båt for omsetning av dei kjende produkta sine, Devolds blåtrøyer og Rose-makko. År etter år farta denne gode sjøbåten langs kysten frå Sørlandet til det værharde Finnmark, inn og ut kvar einaste fjordarm, på besøk hjå landhandlarar og bykjøpmenn.

Men då vegar og ferjesamband vart utbygde i ti-åra etter krigen, vart "Thorolf " overflødig og gjekk i opplag.

Frå havarist og vrak til båt i god stand

I slutten av 50-åra havarerte båten og sokk. Forsikringsselskapet bestemte seg for å heva havaristen, og kjøpte vraket. Dei selde straks etter til ein mann som tenkte å nytta båten i turistfart. Det gjekk ikkje som planlagt, men i 1977 tok Foreningen til Dampskipet Thorolfs bevarelse over. Dei greidde hellerr ikkje å fullføra. Etter tre år gav foreininga opp og vraket vart liggjande i Ålesund.

Derimot lukkast det tredje forsøket. I 1988 gjekk ein gjeng "gamlekarar" frå Langesund i gang med stor entusiasme og tilskot frå kommune, fylke og stat. To år seinare var gamle "Thorolf" fullt ut restaurert, og frå 1992 stodD/S Thorolfs Vennersom reiarlag.

Langevåg sitt kulturminne

I Kulturminneåret 1997 vart kommunane i landet oppmoda om å velja kommunen sitt kulturminne. Avrøystingsresultatet i Sula var eintydig: 2/3 av stemmene gjekk til D/S "Thorolf." Båten fekk også det ærefulle oppdraget å delta i Kulturminnestafetten langs kysten, og "Thorolf" gjekk etappen mellom Alnes og Herøy 30. juli.

kjelder:

Sogningen-Sogns Avis. 23.04, 17.07.1992.
DS Thorolfs Venner.
Nettstad: http://www.thorolf.net/velkommen.htm

PERMANENT IDENTIFIKATOR