Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. oktober 2019

Sist oppdatert 18. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Samferdsle på Hornindalsvatnet - D/S Dølen og M/B Honndølen



"Dølen" ferda over Hornindalsvatnet frå 1880 til 1950, og i 1952 tok "Honndølen" over rutene. Båtane vart drifta av gamle Hornindal kommune frå 1909.

Dølen og maskinist Per R. Lødemel

Dølen og maskinist Per R. Lødemel

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1946

Fotograf: Bjarne Lodøen

Mange turar over Hornindalsvatnet

Den første båten "D/S Dølen" kom til Hornindalsvatnet i 1880. Båten heitte tidlegare "Ronen" og var kjøpt privat av Jakob Reed. I 1881 søkte Reed heradstyret om tilskot eller garanti, og at det skulle veljast ein direksjon. Heradstyret vedtok at dei skulle garantere for drifta overfor staten for ei tid på 3 år, på vilkår av statstilskot. Det vart bestemt at det skulle vere ein direksjon på seks mann. Tre av desse skulle veljast av heradstyret.

Heilt i frå starten av forsynte båten seg glupsk frå dei kommunale budsjetta. Det var vanskelig å få forteneste og ofte var det naudsynt med kostbare reparasjonar på dampkjelen. Ingen ville drive ein båt som gjekk med underskot, så i ei tid då vatnet var ferdselsåra i Hornindal, tok kommunen over drifta i 1909. Det tok ikkje mange år før båten på ny trengte reparasjonar, og tankar om å kjøpe ny båt kom på agendaen. Denne gongen vart det bestemt at ein skulle ruste opp "Dølen" med nytt hus og forlenge han med 2 meter. 

Dei nye reparasjonane gjorde at lyden av dampkjelen til "Dølen", dunka over Hornindalsvatnet i mange nye år. Dei siste åra "Dølen" var i drift, var høge prisar på ved til dampkjelen og rust i røyra eit problem. I 1950 vart ikkje "Dølen" godkjent av skipskontrollen. Etter 70 år var tenestetida til ein trufast dampbåt over. Sjølv om vegnettet i kommunen etterkvart var blitt betre, ynskte honndølene framleis å ha eit rutetilbod over vatnet og 3. mai 1953 gjekk "M/B Honndølen" sin første tur. Han frakta honndøler over vatnet i 20 år, før han vart lagt til kai 31.juli 1972.  

Fraktebåt

Båten var òg brukt til å frakte varer over Hornindalsvatnet i tidsrommet 1921-1953. Her vart det frakta sekkar med ull, smør og ved mot Eid, som kanskje skulle vidare til Bergen for å seljast der. Privatpersonar fekk frakta eigendelar, til dømes fekk Jørgine med seg ei symaskin og Knut ein divan. I desember var det som regel kassar med epler og appelsiner om bord for ekstra stas på matbordet i juletida.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Binder, Sturla (2014) "D/S Dølen" [digital forteljing]


Lillestøl, Karl (1937) Hornindal herad gjenom hundrad år 1837-1937. Søreide Prenteverk. Sandane.


Lødemel, Halfdan (2013) Streif frå båtferdsla på Hornindalsvatnet. Jul i Nordfjord, 66. s. 8-11.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. K-14440.154. Arkivet etter "D/S Dølen" og "M/B Honndølen" 1909-1964


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. K-14430.150.  Møtebok for Eid formannskap 1864-1875


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. K-14440.150. Møtebok for Hornindal formannskap 1867-1886


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-88032. Møtebok for «Dølens» direksjon 1882-1914

PERMANENT IDENTIFIKATOR