Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Anders Viken - nyskapar i folkemusikken



Anders Viken (1898-1977) var spelemann og komponist frå Jølster, og komponerte kring 500 slåttar. Han fekk òg utvikla ei hardingfele som fekk namnet Idealfela, - ein kombinasjon mellom hardingfele og vanleg fele.

Anders Viken i samspel med dottera Alvhild Viken Øvrebø.

Anders Viken i samspel med dottera Alvhild Viken Øvrebø.

Eigar: På omslag til Indre Sunnfjord Spelemannslag LP 1994.

Datering: 1968.

Fotograf: Firda.

Lærar i heimbygda

Anders Viken var fødd i Jølster, og fekk tidleg interesse for felespel. Faren, Ola Viken, spelte hardingfele, og av han fekk Anders lære dei gamle jølstraslåttane. Anders Viken var berre ni år gamal då han spelte i bryllaup, og to år etter spelte han saman med spelemannen Moses Paulen. Seinare var det mest til underhaldning han opptredde. Etter kvart vart det musikken som fanga all hans interesse, han ville verte musikar. Men faren sa nei, det var ikkje rekna for noko gjevande yrke.

Etter eit år på Voss folkehøgskule og lærarskulen i Volda, vart han lærar i heimbygda i 1930 og arbeidde der til han gjekk av med pensjon. Attåt læraryrket og småbruket vart det tid til mykje musikk. Anders Viken gifte seg i 1919 med Rakel Bolset (f. 1890), og dei fekk fem born. Musikken er vidareført i familien, m.a. ved dottera Alvhild og sonen Arne, som begge spelar hardingfele.

Konsertspelemann med eigne slåttar

Anders Viken var amatørfiolinist, og tok tidleg til å improvisere på fela. Han var ein nyskapar innanfor folkemusikken, og allereie i 12-14-årsalderen viste han gode evner til å komponere. Han reiste mykje rundt og heldt konsertar på Vestlandet. Han ynskte å få noko meir ut av hardingfelespelet enn dei vanlege slåttane. Difor endra han stolen på fela og tok til med vibrator i spelet og spelte med dobbeltgrep også i høgare posisjonar.

Til eige bruk komponerte han tonestykke og slåttar som kravde ein annan teknikk enn hardingfelespelet. Til slutt fekk han ein felemakar til å lage ei ny hardingfele som var ein kombinasjon av vanleg fele og hardingfele, den såkalla "idealfela" som var ei hardingfele med halslengd som ein fiolin. Han komponerte kring 500 slåttar; tonestykke, lydarslåttar og gamaldans-slåttar. Mange av slåttane er i dag blitt vanleg spelemannseige, og er godt kjend hos folkemusikk-interesserte, men slåttane set store krav til utøvaren både fingerteknisk og i bogestrøk.

Kordirigent

Anders Viken var og engasjert med korsong. Han var dirigent for Stardalen Mannskor i tida 1937-1945. Han var ein særs dugande kor-dirigent som la eit fundament etterkomarane kunne byggje vidare på. Songar som Viken øvde inn med koret er framleis på repertoaret i koret.

Minnestein

Ein minnestein er reist ved Skei hotell i Jølster til minne om Anders Viken. Bysta er laga av Olav Dag Viken, medan Ludvik Eikaas har laga bronserelieffet som er festa på sjølve bautasteinen. Den vart avduka 23. juni 1998, i samband med hundreårsjubileet for fødselsåret.

Utgjevingar av Viken-slåttar

Det er utgjeve 3 notehefte med slåttar av Anders Viken: Dansar frå Jølster (1970), I ring og feiande sving (1977) og Jubileumsalbum (1999). I 1994 kom CD'en "Frå folkemusikk til kammermusikk", utgjeven av Arne Viken.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ein god granne fyller år. I Jul i Nordfjord. 1973.
Grønfur, Ingvar: Spelemann og komponist Anders Viken. I Sunnfjord Ungdomslag gjennom 75 år. 1973.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo, 1982.
Indre Sunnfjord spelemannslag:Indre Sunnfjord spelemannslag. (LP/ MC). Heilo, 1984.
Klakegg, Lidvald: Anders Viken - eit hundreårsjubileum. I Jul i Sunnfjord. 1998.
Viken, Anders: Dansar frå Jølster. Oslo 1970.
Viken, Anders: I ring og feiande sving. Oslo 1977.
Viken, Anders: Jubileumsalbum. Notehefte. Oslo 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR