Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 19. april 2017

Sist oppdatert 08. oktober 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sjur Hesjevoll



Sjur Hesjevoll (1914 - 1994) var ein framifrå hardingfelespelar frå Jostedalen, og ein av dei viktigaste spelemennene i dette området på 1900-talet.

Sjur Hesjevoll (1914-1994)

Sjur Hesjevoll (1914-1994)

Eigar: Astrid Elvekrok


Sjur Hesjevoll vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen, Luster i Sogn. Foreldra var Anna f. Krokgjelet (1875–1954) og Ola Hesjevoll (1870–1955). Sjur vaks opp i ein stor syskenflokk, med to søstre og ni brør.

Til liks med Sjur, så dreiv fleire av brørne med kunstmåling, treskjæring og dreiing. Fleire av dei prøvde seg og på fela, men det vart Sjur som vart meistaren, og som verkeleg gjekk inn for musikken. Foreldra til Sjur var gode til å syngje og tralle, og med det fekk Sjur tidleg sans for musikken. Sjur var mykje sjuk i barndommen, og han var ikkje sterk nok til å vere med dei andre ute på gardsarbeidet. Sjølv sa han at dette gjorde til at han kunne drive med felespel.

Den eldre broren Hallvard (1899–1972) kom til gards med ei lita flatfele som han hadde fått kjøpt for tre kroner. Dette vart fyrste fela som Sjur spela på. I byrjinga hadde han ikkje feleboge, så han lærde seg tonar og slåttar ved å klimpre på fela. Seinare fekk han hardingfele av broren Olav (1905–34), som laga nokre feler.

I 1930 fekk Sjur, som då var 16 år, vere med til Årdal og delta på Sognastemna. Dette var Sjur si fyrste tevling, og han vart nr. to og fekk ti kroner i premie. Dette var stort, og det var mykje pengar for ein 16-åring.

Seinare deltok han på ei rekkje stemner og kappleikar, og henta med seg mange fine premiar. Men premiane i seg sjølv betydde ikkje så mykje for Sjur. For han var det gleda ved å spela til eit lydhøyrt publikum som betydde mest. Han hadde ei eiga evne til å trollbinde publikum med spelet sitt, og på kappleikar og stemner fann ein ofte Sjur og fela som eit naturleg midtpunkt blant interesserte tilhøyrarar. Men vart det enkelte gonger litt mykje prat blant publikum, så pakka han ned fela, for då var dei ikkje interesserte nok i musikken, meinte han.

Sjur spela mykje til dans. I krigsåra vart ungdomshusa i bygda stengde av tyskarane, men dans og spel vart ikkje stoppa av den grunn. I desse fem åra vart det dansa og spela rundt om i stovene. Sjur, saman med sambygdingen Olaf Sperle (1900–71), var det som oftast sto for musikk til desse stovedansane.

Sjur var aktiv i Sogn spelemannslag, og fungerte i periodar som musikalsk leiar for laget. Han lærde villeg vekk av slåttane sine, på same tid som han også fekk lære slåttar av dei andre sognaspelemennene i laget. Han var ein flink læremeister, og reiste også rundt i andre sognebygder for å halde vekeskurs i felespel. Såleis sette han spor etter seg i heile Sogn. I 1954 var han med på å skipe Jostedal Spel- og Dansarlag saman med Lars Stølen (1923–2008), Olaf Sperle og ei rad andre spelemenn.

Sjur hadde ikkje i mot trekkspelet då det byrja å gjere sitt inntog. Han samarbeidde og spelte saman med trekkspelarane, og fekk på den måten utvida bruksområdet til slåttane. Særleg kjend vart han for samarbeidet med trekkspelaren Oddvar Stegegjerdet (1940–84), og dei gav ut fleire plater med runddansmusikk frå Jostedalen og sjølvlaga melodiar i tradisjonell stil.

Sjur stifta aldri familie, og budde på Hesjevollen heilt til han gjekk bort i 1994.

Musikken i Jostedalen og spelet hans Sjur

Sjur tok til med felespel allereie som gutunge, og fekk lære slåttar av fleire Jostedals-spelemenn, mellom anna Martin Halveg (1885–1966), Olaf Sperle (1900–71) og Johannes Ormbergstøl (1893–1949). Andre han lærde hjå, var Nils Bjørnheim (1872–1943), som anten tralla slåttane eller spelte dei på munnharpe.

Jostedals-spelemennene hadde både bygdedans og runddans på repertoaret, og særleg springaren har hatt ei sterk stilling. Slåttane har ofte ei enkel oppbygging der det rytmiske står i sentrum, men har på same tid ein sterk karakter i form av uvande tonegangar og finurlege melodilinjer. Særleg påfallande er impulsar frå tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen og Nordfjord, noko som kan forklarast ved at Jostedalen i lang tid var ei viktig ferdselsåre for folk som skulle over fjellet. På same tid er påverknaden frå musikken frå bygdene rundt Filefjell tydeleg.

Sjur henta også slåttar og inspirasjon frå grammofonplater og radioprogram, og hadde såleis eit allsidig repertoar som ikkje avgrensa seg til berre det lokale. Mellom anna lærde han mykje etter plateinnspelingar med telemarkingane Gunnulf Borgen (1881–1953) og Torkjell Haugerud (1876–1954), men desse slåttane fekk nok etterkvart eit sognepreg over seg. Sjur hadde ein sterk signatur i spelet sitt, og hadde sin eigen måte å forma slåttane på.

Han var også påverka av andre store spelemenn i si samtid, og tok med seg mykje av deira i sitt spel. Særleg inspirert var han av telemarkingen Gjermund Haugen (1914–76), nordfjordingen Alfred Maurstad (1896–1967) og Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–90) på Voss. Med eit spel kjenneteikna av kraft og spenst, veksla Sjur elegant mellom eit stort spekter av uttrykk; frå det lyriske og ettertenksame til det fossande og storslagne. Eit sterkt rytmisk driv gjorde han også til ein svært ettertrakta dansespelemann.

Innspelingar 

Sjur Hesjevoll gjorde ei rekkje innspelingar, og idag fins det opptak i både NRKs Folkemusikkarkiv, Norsk Folkemusikksamling (NFS), Arne Bjørndals Samling (ABS), Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og i private arkiv. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

TA78CD | Hardingfelespel frå Jostedalen

PERMANENT IDENTIFIKATOR