Kulturhistorisk leksikon

Reise (6)

  • «Stalin vert dyrka som ein gud i Sovjetsamveldet»

    I 1951 vitja ein norsk fagforeiningsdelegasjon Sovjetunionen. Ein av delegatane var fabrikkarbeidaren Bernhard Valsvik frå Høyanger. Etter turen kritiserte Valsvik fleire sider ved det sovjetiske samfunnet, og starta med det eit varmt ordskifte i norske aviser.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • På snartur med Fylkesbaatane

    Hausten 1941 var Ivar Tveit, redaktør i avisa «Sogn og Fjordane», Leikanger, «på snartur» til Bergen. Reisa tok litt over tre døgn. Etterpå fortalde han om byferda i form av eit lite reisebrev. Vi høyrer om ein ny reisemåte for somme - Flåmsbana, om Fylkesbaatane - Sogn og Fjordane sitt reiarlag, om «Dampen» og folket, båtar og mannskap, om store mengder frukt, og om vanskar med å halda rutene. Vi anar krigstida.

  • Då Henrik Wergeland var i Sogn

    Sommaren 1832 kom Henrik Wergeland over Sognefjellet og ned til Skjolden. Han reiste ut Sognefjorden og var framom fleire stader: Leikanger, Vangsnes, Balestrand, Brekke og Eivindvik. I 1956 hadde Jol i Sogn eit stykke om reisa. Forfattaren var lærar og forfattar Magne Wergeland (1899-1973), fødd i Brekke.

  • Med fembøringer til Island i 1974

    I 1974 feira Island 1100-årsjubileum for det første landnàmet. År 874 vert rekna som året då Ingolv Arnarson frå Rivedal i Sunnfjord busette seg på Island. Eitt av jubileumstiltaka stod ein gjeng norske nordlandsbåt-entusiastar for. Dei segla frå Rivedal til Reykjavik i to fembøringar - i kjølvatnet til Ingolv Arnarson. Høvedsmannen på den eine båten, Arne J. Rødsand, har skrive artikkel om ekspedisjonen til Kulturhistoriske Leksikon.

  • Tre jærbuar på reise i Sogn og Fjordane

    Dette stykket handlar om tre jærbuar på besøk i Sogn og Fjordane. Dei kom hit i bestemte ærend. Dei hadde noko på hjarta og møtte folk fleire stader. I 1873 reiste Sven Aarrestad og Torkel Lende for Vestmannalaget og norsk målreising. Torvald Tu reiste i Firda Ungdomslag hausten 1939 med litterære saker og jærhumor i kufferten.

  • Island - I Egil Skallagrimssons fotefar

    I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson i Rivedal vart avduka. Denne artikkelen handlar om islandsbesøket i 1957.