Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 14. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - I Egil Skallagrimssons fotefar



I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson i Rivedal vart avduka. Denne artikkelen handlar om islandsbesøket i 1957.

Framsida på programmet for turen med  reiseruta og eit utval av norske og islandske songar.

Framsida på programmet for turen med reiseruta og eit utval av norske og islandske songar.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Inviterte av fylke og ungdomslag
I juni 1957 var 30 "framståande" islendingar på ei 14 dagars reise i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Reisa hadde overskrifta I Egil Skallagrims fotefar. Det var dei tre fylka, fleire kommunar og fylkesungdomslaga som hadde invitert og stod føre programmet. Føremålet var å styrkja sambandet mellom Vestlandet og Island. Islandsbesøket var vellukka. "Det er ikkje tvil om", skreiv avisa Firda, etterpå, "at rundturen på Vestlandet vart noko meir og større enn ein hadde tort å vona på."

"framståande islendingar"
Når avisene brukte ordet "framståande" om islendingane, var det etter alt å døma titlane på deltakarlista som låg til grunn: to statsrådar, tre alltingsmenn, ein syslemann (fylkesmann), dosent og direktør, høgsterettsdomar, høgskulestyrar, lærar og dosent, skald og konsertmeister, kringkastingssjef, gardbrukarar og studentar, - dei fleste personar i viktige posisjonar. Ei liste over 27 personar står til slutt i artikkelen.

Stor merksemd
Islendingane reiste gjennom Sogn og Fjordane i dagane 15. - 19. juni. Besøket var godt førebudd, og det var mange møte mellom islendingar og folk i Sogn og Fjordane langs reiseruta. Lokalblada skreiv mykje om ferda I Egil Skallagrims fotefar.

Artikkelen her er eit oversyn over reisa gjennom Sogn og Fjordane, for det aller meste med lokalavisene som kjelde. Resymeet viser noko av innhaldet i reisa, - kva vertskapet ynskte å by gjestene, gjennom reisemål, talar og framsyningar, - og møtet mellom gjester og folk langs reiseruta. Me har teke med mange namn.

Sogn
Reisefølgjet kom til Bergen torsdag 13. juni og var i Hordaland i to dagar.
Laurdag 15. juni kom følgjet tidleg om ettermiddagen med jernbana til Flåm. Vidare gjekk reisa med båt ut fjorden til Amla. Lektor Anders Ohnstad var med som guide i indre Sogn. Etter omvisning på De Heibergske samlinger-Sogn Folkemuseum (som då var på Heiberg-garden), gjekk turen vidare med buss til Sogndal, Leikanger, Hella og Balestrand.

I Balestrand vart islendingane helsa offisielt velkomne til fylket av fylkesmann Nikolai Schei. Elles var formennene i dei tre fylkesungdomslaga, Sogn -, Sunnfjord - og Firda ungdomslag tilstades, samleis ordføraren i Balestrand, Per P. Hovland, tidlegare lagtingspresident Anders Lothe og islandskjennaren Anders Skásheim. Fylket gav middag på Kviknes Hotel der det og var overnatting.

Frå talen til fylkesmann Schei
Fylkesmann Schei var historieinteressert. I talen sin kom han inn på skyldskapen mellom Island og Noreg og kampen for nasjonalt sjølvstende i begge landa på 18- og 1900-talet. I slutten av talen kom han inn på Island i høve til Norden. Avisa Sogn og Fjordane hadde fylgjande frå talen til fylkesmannen:

"Det er underlege kjensler som tek oss når me får islendingar på vitjing. Det er mest som når me tek imot nokon av våre eigne som lenge har vore heimanfrå på utferd langt borte, sa fylkesmannen. Han kom så inn på sogehendingane og skyldskapen, og sa at det var dei modigaste og stridaste av oss, dei som minst tolde dirigering, som for tusen år sidan fór over havet til Island og sette bu der. Eit nytt folk vart til, men det var eit folk som bar utflyttaren sitt sakn i seg og ved sida av å byggja det nye, heldt dei ei kjær og sterk hand om den delen av den norske arven som dei kunne halda hand om.

Island vart for oss vårt nasjonale livs drøymeøy. Frå den kom tusen års opplevingar attende til oss då me etterkvart vakna til ei nasjonal oppattnying og fann glede i å kjenna at me hadde eit djupt rotfeste i soga, og ein gamal monumental litteratur som kunne vitna for oss.

Når me i dag i Sogn og Fjordane helsar våre gjester og frendar frå Island, er det ikkje berre for å takka for den nasjonale vekkinga det islandske folket har ført inn over oss og landet vårt, eit verk me elles ikkje kan fulltakka for, men me vil og gjerne fortelja at me med levande interesse har fylgt og kjem til å fylgja det islandske folket i det energiske og dugande arbeidet som vert gjort for å skapa eit harmonisk og moderne samfunn på den gamle sagaøya. Me har saman med det islandske folk gledd oss over den fredelege, men sjølvmedvitne måten islendingane gjennomførde det fulle sjølvstendet i landet sitt på og grunnla republikken sin (..).

I vår tidsalder er ikkje Island lenger ei fjern øy ute i havet. Det er eit hovudstøttepunkt for flyruter mellom kontinenta, noko som har ført til at mange ottast [at landet] ein dag skal gli bort frå Norden og gjera hopehav med store, framande nasjonar. Me vonar det ikkje vert så. Norden treng Island, som har halde oppe ei sunn og levande kjerne i nordisk kultur gjennom tusen år. Det er den nordiske kulturen sin utpost mot vest, og det ville gå eit skred i det kulturelle grunnlaget me byggjer på, om Island skulle skilja lag med Norden."

Til Høyanger
Søndag 16. juni gjekk reisa over Gaularfjellet til Høyanger. På denne reisestrekninga, som elles under heile opphaldet i fylket, fekk islendingane høyra om mangt og mykje langs reiseruta. Islendingane fatta alltid interesse for stadnamna. Typisk i så måte var at då dei i Esefjorden fekk høyra om skyttarkongen Lars Ese, snakka dei ivrig om kvar dei hadde Ese-namnet på Island. Mange gardsnamn og fjellnamn kjende dei att frå Island.

Nedover i Eldalsdalen frå Gaularfjellet hadde mange heist flagget. Det var óg typisk for heile reisa, - folk visste om at islendingane skulle koma og helsa dei med flagget. I Høyanger var islendingane tilstades på ei stor friluftsstemne på Sognestemna som i 1957 vart halden i Høyanger. Det var fleire helsingar og skalden Gudmundur Hagalin heldt tale. Om kvelden gav Kyrkjebø kommune middag på Eides Hotell.

Alværa
Dagen etter, tysdag 17. juni, den islandske nasjonaldagen, reiste følgjet til Klævoll, derifrå med båt til Avsnes (dette var før vegen Vadheim-Lavik var ferdig) og vidare med buss. Det var ein halv time stogg på garden Alværa før reisa heldt fram mot Sunnfjord.

Sunnfjord - Fjaler
Reisefølgjet kom til Dale middagstider. Hornmusikk og skuleborn med flagg tok mot gjestene og ordførar Søren K. Hauge helsa velkomen. Hauge sa mellom anna: - "Vi Fjaler-menn er stolte over at det var herfrå dei fyrste landnámsmennene drog ut [Ingolf Arnarson og Herleiv Oddmarson]. Dei var glade i sine heimbygder, men eitt var dei kjærare, fridomen. At de no kan stå her på den islandske nasjonaldagen, viser at de har halde idealet høgt."

Til tonefølgje av Hornmusikken og under leiing av skulestyrar Ragnvald Fagerheim, song nokre skulejenter først den vakre islandske nasjonalsongen, deretter den norske. Alltingsmann Hannibal Valdimarson takka: " - De kan tru det gjer oss islendingar stor glede å stå på denne staden på vår nasjonaldag og sjå det norske og islandske flagget side om side og høyre dei unge gjentene synge den islandske nasjonalsongen så godt."

Fjaler kommune gav lunsj i Vevang, huset til realskulen i Dale. Under bordseta talte Ragnvald Fagerheim om dei sterke banda mellom Noreg og Island. "- Island har ført attende til Noreg rike gåver, ikkje minst ved å taka vare på soga vår," sa Fagerheim mellom anna.

Etter lunsjen gjekk følgjet om bord i fylkesbåten Sandøy som sette kursen ut fjorden mot Rivedal, bygda der ein meiner Ingolf Arnarson budde. Båten la til kai i Rivedal og stogga også ved Kleppeneset litt lenger ute i fjorden. Båten la til i Holmedal før kursen blei sett inn fjorden til Strand - (vegen Dale-Osen var køyrande våren 1958) - der følgjet gjekk i land og vart mottekne av vertskap frå Gaular kommune. Fagerheim var med på heile turen og greidde ut om stadnamn og stader knytta til busetjingssoga på Island. Som takk og avskil til Fjaler, overrekte islendingane ei praktutgåve av Snorre Sturlasons Heimskringla.

Storhending for Rivedalsbygda
Knapt nokon stad var folk så godt førebudde på islands-besøket som i Rivedal, sjølv om det på førehand ikkje var tanken at islendingane skulle gå i land. Ei av dei forventningsfulle var Emmy Falch. Ho skreiv etterpå i dagboka si om besøket.

Om besøket i Rivedal i Emmy Falch si dagbok
"17. juni 1957 fikk Rivedal atter [første gong i 1955] besøk av islandske gjester - hele 30 i tallet. Vi begynte i tanken å forberede oss - glede oss og ønsket godt vær - og at de også denne gang vilde komme op [på land] selv om der stod på prent at "gjestene bare skulde reise ut fjorden og se Rivedal fra sjøen." Og det blev som vi håpet og ønsket."

"Dagen kom med strålende sommervær. Naturen var kledd i sin fagreste sommerdrakt og besøket var meldt til 15 ½ [15.30]. Så i god tid var vi søndags- og festkledte samlet rundt "bautaen" [eldgamal bautastein ved sjøen] hvor der var slått [graset var slege] for anledningen. Flaggene vaiet og viftet som på selveste 17. mai. Småbåtene tøffet på fjorden og skapte stemning. Alles øine var stivt festet, mesteparten av tiden mot Ripeneset for å være den første til å oppdage mastene. Ventetiden blev lang. Men vi var glade og feststemte - så humøret var på topp likevel - selv om enkelte av oss ymtet noget om kaffe og mat og diverse i den retning."

"Plutselig lød: "Der har vi båten" - og nu var det tydelig. Vi kom oss på føttene fortere enn fortest. Flaggene kom i sving og vi belavet oss på mottagelsen som måtte begynne med hurrarop så lenge de holdt sig på fjorden; men da vi så at Sandøy la til ved "Berget" var vi ikke sene om å komme oss til kaien for å ta imot våre celebre gjester. Å, hvor det var gillt de spaserede opover. Og selv syntes de nok de betrådte hellig jord og blev mottatt av skolebarna som sang den gamle islandske nasjonalsangen. (mens de la til kaien sang hele forsamlingen "millom bakkar og berg" - og toget satte sig i bevegelse med vore flinke spillemenn - Henrik og Arne i spissen)."

"[Ordførar] Hauge åpnet med nogen få velkomstord. [Lærar] Sørebø gjorde det [talte] udmerket på bygdens vegne. Lederen for turen Altingsmann Bjarni Bendiksson takket for den gilde mottagelsen for dette - for islendingen så hellige sted. Han var dypt rørt - ja, vi var alle grepne og følte oss i nær kontakt med islendingene. På spørsmål om å få navnetrekkene var det bare "ja" til svar. Og mens tidene blev nyttet til å prate med hinannen skrev en efter en navnene inn i boken til undgomslaget. Det hjalp ikke hvor meget ordfører Hauge stod og maste om at "nu må dere skynne dere" - islendingene gav sig god tid, og inderlig takk skal de ha for det."

"Så bar det om bord. En del av oss blev med for egentlig å gå i land i Holmedal; men hvem kunde det med slikt celebert og koselig reisefølge, nei, vi reiste med til Strand hvor Gaular overtok ansvaret for gjesterne. Så blev den siste sang sunget fra båten som sakte satte kursen hjemover igjen og så lenge vi kunde se bussen med vore "nye venner" så vi vinkende hender. "Velkommen igjen! Dere islendinger skaper god stemning når dere kommer."

Uventa stogg i Bygstad
Frå Strand køyrde bussen til Osen der det berre vart ein kort stogg. Tidsskjemaet hadde vorte sprengt i Rivedal og på Kleppeneset. Fagerheim fortalde om Atle jarl og hovet i Gaulum i førkristen tid.

Etter vitjinga i Osen var det meininga å køyra utan stogg til Førde, men islendingane ville det annleis. Ved skulehuset i Bygstad, stod skuleborna oppstilte langs begge sidene av vegen med flagg i hendene. I følgje Firda sa islendingane "Stogg! Desse må vi få helsa på." Ut av bussane hoppa dei, og nærmast storma oppover vegen for å handhelsa på og veksla nokre ord med borna. Skuleinspektør Bell og alltingsmann Benediktsson helsa frå kvar sin kant."

Tre timar forseine til Førde
Tre timer etter reiseruta kom reisefølgjet til Førde. Ordførar Flaten ynskte velkomen og Musikklaget i Førde spelte både den islandske og norske nasjonalsongen. Førde kommune gav middag på Førde hotell. Firda hadde utførleg utgreiing om seinkvelden i Førde, mellom anna om dei som venta med ferdig middag til fastsett tid.

"Vi kan tenkja oss at kjøkenpersonalet hadde hatt bringeverk for steika, som sikkert var steikt ferdig for snart tre timar sidan. Iall fall er husmødrene til vanleg litt snugne når middagsmaten må venta på "herren" nokre minuttar. Men dette var altså mesta 3 timar. Men middagen var god. Steika, supa og dessert smaka framifrå.

Under middagen minna ordførar Flaten i talen som om "at det var frendar av det islandske folk som var komne hit, og at dei var ættlingar av av dei som drog ut frå Noreg for tusund år sidan" . Han stogga ved dagen og datoen, 17. juni, Islands nasjonaldag og fullt sjølvstende 17. juni 1944, og ba festlyden med på eit 3x3 hurra.

Professor Steingrimurson takka for mottakinga. - Denne ferda har vore ei festferd. Han samanlikna med ein stor symfoni, som kanskje kunne hatt eit litt saktare tempo. Det var så mange inntrykk, og ein hadde vorte møtt med så stor varme og gjestmilde. Det hadde vore stigning frå første dag.

Sunnfjord Museum
Tysdag 18. juni stod besøk på Sunnfjordmuseet og Mo jordbruksskule på programmet. Sunnfjord ungdomslag stod føre tilskipinga på museet med omvisning, spelemenn og folkeviseleik i tunet, bondebryllaup, rømmegraut og spekekjøt. Firda skreiv mellom anna:

" - Islendingane var svært interesserte i bygningane og samlingane på museet, der Nils Husetuft viste rundt. Dei fortalde at ein på Island har svært få slike historiske minne. Husa der var til vanleg bygde av stein og jord. Dei står seg ikkje og må byggjast om ofte, så der på Island ikkje er hus eldre enn 200 år, og innbuet [har] lett for å gå tapt, men ein har no fått skipa eit museum i Reykjavik."

"Brått vart det samanstiming mot inngangsporten til tunet, og der kom brurafylgjet med spelemenn, kjømeister, kronbrur og brudgom, koner og ungdomar i bunad. Islendingane slutta seg til attpå, og vart førde til bords i Østenstadstova for å smaka på bruregrauten. Skuleinspektør Sandnes som kjømeister ynskte velkomen til denne stova som hadde sett så mange gjestebod Etter at ein hadde sunge eit gamalt bordvers, vart grauten spelt inn. Då kvinnene - nokre i konebunad, dei andre i gjentebunad - toga inn døra, vekte det både undring og beundring hjå gjestene."

Mo jordbruksskule
Etterpå gjekk turen til Mo jordbruksskule der skulestyrar Hustveit ynskte velkomen til gards og ba inn til kaffibord. Hustveit fortalde om garden og gardsdrifta, og nemnde at skulen hadde hatt ein elev frå Island, Jon Vidur Einarson, siste skuleåret. Besøket på jordbruksskulen var ikkje minst interessant for gardbrukarane i reisefølgjet.

Jølster
I kveldinga bar det så nordover til Jølster med varaordførar Loftheim som kjentmann i bussen. Dei stogga på Ålhus der islendingane fekk høyra om mellomalder-baronen Audun Hugleikson og kunstnaren Nikolai Astrup. Jølster kommune gav kveldsmat på Skei Hotell der det og var overnatting.

Nordfjord
Om morgonen Onsdag 19. juni reiste islendingane til Nordfjord. På Byrkjelo tok dei avskil med formannen i Sunnfjord ungdomslag, Olav Njøsen, og takka for dagane i Sunnfjord med Snorre Sturlasons Heimskringla. Dei vart mottekne av styret i Firda Ungdomslag, formannen i Sunnmøre frilynde ungdomslag Ivar Grimstad, ordførar Kåre Maurset, Hornindal, varaordførar Simon Haugen, Stryn, og bonde og forfattar Olav A. Loen. Formannen i Firda u.l., Thorleif Iversen, helsa gjestene velkomne.

På Byrkjelo var det bussbyte og no med Olav A. Loen som guide, gjekk turen over Utvikfjellet og inn Nordfjord til Loen og Bødalen. Her fekk dei sjå Ramnefjellet og høyra om rasulukkene i 1905 og 1936. Stryn kommune gav lunsj på Alexandra hotell. Ein leikarring frå Olden viste fram folkeviseleik og gamal dans i Vikingahallen. Skalden Gudmundur Hagalin bar fram helsing og uttrykte von om at det måtte verta endå betre samarbeid mellom Island og Noreg i framtida.

Etter Loen gjekk turen til Hornindal der ordførar Maurset ynskte velkomen. Islendingane fekk omvisning på Svormuseet og kommunen baud på kaffi og forfriskningar på Raftevold Hotel. Kringkastingssjef Viljalmur P. Gislason takka for mottakinga. Deretter gjekk turen langs Hornindalsvatnet og opp Stigedalen til fylkesgrensa.

Berle - også eit fotefar.
Etter besøket i Møre og Romsdal reiste islendingane attende til Bergen med Hurtigruta.
Måndag 24. juni gjekk fleire av dei i land i Måløy og vart skyssa med bilferja Måløy sørover skipsleia til Berle på Bremangerlandet. På vegen fortalde ordførar Larsen i Sør-Vågsøy om om Sør-Vågsøy kommune og lærar Hunskår fortalde om fjellet Hornelen. Det vart servert kaffi og smørbrød og Alfred Maurstad underheldt med felespel.

I Berle vart gjestene mottekne med salutt og mange frammøtte på kaia. Lærar Lars Førde fortalde om bygda og tilknytninga til Island. I følgje soga om Egil Skallagrimsson var Salbjørg, farmor til Egil Skallagrimsson, frå Berle. "For folket i Berle var det ein stor dag, og det var eit hjarteleg møte", skreiv Fjordabladet. Måløy førte så gjestene ut til hurtigruta Polarlys som no var komen etter og låg og venta.

Dei som var med i 1957
Me har funne namna på 27 islendingar som var med på ferda i 1957. Utanom islendingane var den norske ambassadøren på Island, T. Andersen-Rysst, med. Han ætta frå Ryst i Eid.

Gylfi P. Gislason, professor og undervisningsminister
Hannibal Valdimarsson, sosialminister
Bjarni Benediktsson, alltingsmann og redaktør
Petur Otteson, bonde og alltingsmann
Haldor S. Sigurdsson, alltingsmann
Gissur Bergsteinsson, høgsterettsdomar
Vilhjalm P. Gislason, kringkastingssjef
Torhallur Asgeirsson, ekspedisjonssjef
Jon Steingrimsson, syslemann
Haldor Haldorson, dr. og dosent

Torleifur Tordarsson, direktør
Eirikur J. Eiriksson, sokneprest og høgskulestyrar
Arni G. Eylands, fullmektig i landbruksdepartementet
Othar Ellingsen, disponent
Bjørn Olafsson, konsertmeister
Olafur Torsteinsson, overlækjar
Gudmundur Hagalin, skald
Bjarni Gudbjørnsson, visekonsul
Jon Bjarnason, målsmann for Island Bladmannafelag
Torarin Bjørnsson, lærar

Olafur Hansson, overlærar
Gudrunn Magnusdottir, stud. mag.
Solveig Kolbeinsdottir, stud. mag.
Ingvar Stefansson, stud. mag.
Gudmundur Erlandsson, revisor
Snorri Torsteinsson
Sigurdur Greipsson

kjelder:

Emmy Falch si dagbok, kopi utlånt av Henning Rivedal.
Lokalaviser i Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR