Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 05. april 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

«Stalin vert dyrka som ein gud i Sovjetsamveldet»



I 1951 vitja ein norsk fagforeiningsdelegasjon Sovjetunionen. Ein av delegatane var fabrikkarbeidaren Bernhard Valsvik frå Høyanger. Etter turen kritiserte Valsvik fleire sider ved det sovjetiske samfunnet, og starta med det eit varmt ordskifte i norske aviser.

Frå Leningrad til Moskva tok delegasjonen det legendariske toget ”Krasnaja Strela” (raud pil), som har gått i rute mellom dei to byane sidan 1931. Heilt til venstre står Bernhard Valsvik.

Frå Leningrad til Moskva tok delegasjonen det legendariske toget ”Krasnaja Strela” (raud pil), som har gått i rute mellom dei to byane sidan 1931. Heilt til venstre står Bernhard Valsvik.

Datering: 1951

Fotograf: Ukjent


Delegasjonen på 14 mann reiste etter invitasjon frå den russiske landsorganisasjonen, og var vekke i om lag ein månad. Reisaruta gjekk via Stockholm til Helsingfors, og deretter med tog gjennom Karelen til Leningrad og vidare til Moskva.

Vestlege besøk til Sovjetunionen var heilt ikkje sjeldsynte, men mange av dei hadde karakter av å vere politiske pilgrimsreiser. Den britiske journalisten Edward Crankshaw har hevda at reiser til Sovjetunionen hadde ein dobbel funksjon:

Utlendingen skal ikke bare være et talerør for Sovjet-Samveldet i sitt hjemland. Han skal også overfor russerne bekrefte de påstander Kreml sender ut: at Vestens folk står på Sovjets side mot sine egne regjeringer.

Besøket til den norske fagforeiningsdelegasjonen i 1951 gjekk såleis inn i ein større reisetradisjon til Sovjetunionen. Debatten i etterkant viste også at enkelte av deltakarane i gruppa til Valsvik retta få eller ingen kritiske blikk på Stalin sitt styre.

Valsvik sitt inntrykk frå reisa

Valsvik beit seg tidleg merke i forfall og fattigdom. Reiselaget drog mellom anna forbi Viborg i Karelen, eit område finnane måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Sjølv mange år etter at krigshandlingane hadde stilna av, var byen i fylgje Valsvik eit ”syrgjeleg syn”, mest folketom, og med ruinar overalt.

Under togturen frå Leningrad til Moskva noterte han at gardsbruka var små, med

stovehus som ikkje var større enn stølshusa i Norge. Dei hadde ikkje serskilte uthus til husdyra. Det var berre sett opp ei halvtekkje til stovehuset.

Vidare var både kvinner og menn "kledde i kler av grovt stoff i triste fargar."

Ei sentral oppgåve for delegasjonen var å røkje etter korleis stoda var for vanlege russarar med omsyn til inntekt og levestandard. Valsvik hevda at prisane på viktige vareslag var ”svimlande høge”. Hovudkonklusjonen hans måtte difor bli at norske arbeidarar hadde ei langt høgare kjøpekraft og ein større levestandard enn sine sovjetiske yrkesbrør.

Valsvik kritiserte også bustadtilhøva i den sovjetiske hovudstaden:

I utkantane i Moskva var bustadstandarden svært låg. Folk budde i falleferdige rønner. Vatn var innlagt i husa berre i sentrum i den russiske hovudstaden. I utkantane gjekk born og husdyr om ein annan i gatene. Dette måtte vera nokså usanitært.

Ei anna viktig innvendig for han var einsrettinga i det sovjetiske samfunnet. Det var ei utbreidd persondyrking av Stalin, og hjernevaskinga tok til alt på barnehagestadiet. Vidare var pressa knebla, og formidla vrangbilete av dei vestlege samfunna:

Det delegasjonen fekk omsett av den russiske tolken, gjekk ut på at i vest arbeidde dei natt og dag med oppvæpning for å gå til åtak mot Sovjet-Samveldet. Blada oppmoda difor alle, kvinner som menn, om å ofra alt for fedrelandet og for den store føraren Stalin […] Det var vanskeleg for ein nordmann å forstå den avgudsdyrking dei dreiv med. Det var Stalin som tilrettelagde alt og styrde med alt. Han var eit symbol, ein gud, som var så heilt borte frå det verkelege liv at han jamvel ikkje var å sjå på ein dag som den 7. november. Den menige russar var på ein måte eit mekanisk menneske som berre utførde ordrar etter diktat av Stalin.

Men Valsvik la også merke til positive sider ved det sovjetiske samfunnet. Folk hadde tilgang til mange sosiale gode, og skulestellet var godt utbygd. Dessutan var kvinner i stor grad yrkesaktive. Framfor alt var det russiske folket svært gjestfritt.

Høglytt debatt

Synspunkta til Valsvikt vekte harme hjå mange av dei andre i reisefylgjet, særleg dei kommunistiske deltakarane. Delegasjonsleiaren Harry Hansen var ein av dei som opponerte mot Valsvik. Hansen var i ei årrekkje formann i fagforeininga til heismontørane. Han var med å byggje opp det som skulle bli ein svært kampvillig fagforeningsorganisasjon.

Mykje av debatten handla om levestandard og velferdsgode. Valsvik sin konklusjon var at kjøpekrafta til sovjetiske arbeidarar jamt over låg langt unna det norske nivået. Fleire andre i delegasjonen var usamde i dette, og hevda at dei observasjonane dei gjorde i landet tydde på at folk levde godt, og at vanlege sovjetborgarar kunne kjøpe det dei måtte ha lyst på.

Valsvik reagerte òg på det han oppfatta som antinorsk propagande frå ein del av delegasjonsdeltakarane. Under festtalane kom fleire med påstandar om at norske arbeidarar ikkje hadde råd til å ete seg mette kvar dag, og at nordmenn i det store og heile var nikkedukker for amerikanarane. Talande var også helsinga delegasjonen kom med til den russiske landsorganisasjonen sitt organ ”Trud”. Der står det avslutningsvis at:

Oppholdet i Sovjet-Samveldet ga oss en urokkelig tro på sosialismen og på sovjetfolkets framtid. Vi har sett oppbyggingens voldsomme omfang, vi har sett de store resultater som det ikke finnes make til noe sted i verden. Vi er blitt overbevist om sovjetfolkets enstemmige ønske om fred. Dette har også økt vår tro på vårt folks framtid, på framtiden til verdens folkeslag. Når vi nå vender hjem føler vi trang til å takke sovjetfolket fra bunnen av våre hjerter for dets gjestfrihet og for alt vi har sett, hørt og lært. Men først og fremst takket vi dem for det håp og den tro på framtiden som sovjetfolket har gitt oss. Lenge leve sovjetfolket! Lenge leve freden! Lenge leve sovjetfolkets store leder, Stalin!

I motsetnad til denne panegyrikken kom Valsvik med ei balansert og nøktern vurdering av forholda i Sovjetunionen. Seinare delegasjonsreiser sat att med same hovudinntrykk som det Valsvik formidla. Eit fagforeiningsfylgje vitja landet i 1955, og undra seg over korleis den jamne mann og kvinne fekk endane til å møtast. Det blei òg reagert på djupe forskjellar i inntekt og levekår mellom folk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2000003 Valsvik, Bernhard


På besøk i Sovvjet-samveldet : beretning fra den norske fagforeningsdelegasjons opphold i Sovjet-Samveldet i tiden 29.aug.-10.sept. 1955 / Utg. av Arbeidernes faglige landsorganisasjon

PERMANENT IDENTIFIKATOR