Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. august 2015

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

På snartur med Fylkesbaatane



Hausten 1941 var Ivar Tveit, redaktør i avisa «Sogn og Fjordane», Leikanger, «på snartur» til Bergen. Reisa tok litt over tre døgn. Etterpå fortalde han om byferda i form av eit lite reisebrev. Vi høyrer om ein ny reisemåte for somme - Flåmsbana, om Fylkesbaatane - Sogn og Fjordane sitt reiarlag, om «Dampen» og folket, båtar og mannskap, om store mengder frukt, og om vanskar med å halda rutene. Vi anar krigstida.

<p>Redakt&oslash;r Ivar Tveit reiste hausten 1941 med ds &laquo;Hornelen&raquo; fr&aring; Leikanger til Bergen. <br />
&laquo;Hornelen&raquo; var bygd i 1866 og gjekk i rute for Fylkesbaatane til sommaren 1950. </p>

Redaktør Ivar Tveit reiste hausten 1941 med ds «Hornelen» frå Leikanger til Bergen.
«Hornelen» var bygd i 1866 og gjekk i rute for Fylkesbaatane til sommaren 1950.

Eigar: I boka 101 Fjordabåtar, 2000.

Datering: 1930-1940.

Fotograf: Atelier K.Knudsen

Forteljaren - avismann frå Hyllestad

NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon har følgjande kortbiografi om Ivar Tveit:

«Ivar Tveit (1880-1952) frå Bøfjorden [Hyllestad kommune, fødd på garden Tveit], busett i Leikanger. Lærar, avisutgjevar og redaktør. Utdanna lærar. Han var redaktør i avisa «Velgeren» på Gjøvik før han ca. 1925 vart første redaktøren i Sogns Avis i Vik.

Tveit starta sjølv i 1932 avisa Sogn på Leikanger. Frå 1936 vart denne avisa kalla Sogn og Fjordane. Tveit måtte rømme til Sverige under andre verdskrigen, men kom tilbake til Leikanger og styrde avisa til 1947, då Einar Svartefoss tok over som redaktør og aviseigar.»

 - alle for med Fylkesbaatane

Tidene skifter, i mannsaldrar var sjøleia allfarvegen mellom Sogn og Bergen, alle fòr med Fylkesbaatane, like frå det gjeve tiltaket vart røyndom [1858]. No er det mange i dei indre sognebygder som reiser om Flåm – Myrdal [til Bergen, Flåmsbana opna sommaren 1940]. Og dette er naturleg nok, lenge måtte ein venta før Flåmsbana var ferdig [arbeidet byrja 1916], det er berre rimlege at sogningar nyttar ho. Og kven har ikkje hug å sjå dette underverket, det er verkeleg ei oppleving, stup og djup og avgrunnar så det sterkaste hovud kan svimra.

 - alltid eit eventyr

Men gamal kjærleik døyr ikkje, eg hugla Fylkesbaatane alt i ungdomsår, det var sambandet med verda, den visse byvegen, eventyret som kom til bygdene. Smågutane og smågjentene stunda til fyrste turen med «dampen», og denne opplevinga gløymde dei aldri. Sameleis med meg, ein tur med Fylkesbaatane er alltid eit eventyr, gamle minner strøymer på, nye opplevingar støtt og jamnt, og så alle dei hyggeleg folk ein vert kjent med, kapteinar, styrmenn, matrosar, maskinfolk, restauratørane, og dei snille gutar og gjenter som oppvartar, jau, det er alltid godtfolk å finna, tida fell aldri lang.

- lat oss (…) aldri svika Fylkesbaatane

Dei siste månader har vore ein merkeleg bolk i Fylkesbaatane si soge, aldri var forseinkingane større, aldri fall ventetida så lang. Men me kjenner så godt årsakene, veit at rutene er få, og varesendingane store, båtane kan ikkje ta alt saman, rutene kan ikkje haldast, endå om dei er mykje meir romsame enn tidlegare. Skipsfolka slit og balar både dag og natt, finn leia så trygt, lastar og lossar, gjer tenester og beiner både for den og hin, og mest alltid med blide andlit og god humor. I sanning, folket i Sogn og Fjordane er Fylkesbaatane stor takk skuldig, dei er meir for oss enn me veit og skjønar, lat oss difor aldri svika Fylkesbaatane.

Hornelen» greidde det

Eg skulle til pressemøte i Bergen, skulle gjera den reine snøggferd. Og såleis vart det og. Eg reiste utover [ein torsdag morgon, frå Leikanger] med «Hornelen», som har fruktrutene [ekstrarute] på Sogn, det er ein utifrå grei og vensam Brekke-sokning, styrmann Lovisendal som fører båten. I dei siste vekene har «Hornelen» vore både fruktbåten og snøggbåten på Sogn, ruta heldt han, om dei vanlege rutebåtar var døger etter. Såleis denne gongen og, enda «Hornelen» måtte omframtur innom Vadheim. Og der låg det telegram at båten skulle bia på Firdabilane, så ferdafolket nordfrå slapp å venta på ein rutebåt som var bortimot eit døger for sein. Me andre ville fort fram, og me ottast ille, no kjem «Hornelen» i utur, tenkte me; for båten kom ikkje frå Vadheim før klokka 22, klokkeslettet da han skulle vera i Skjerjehamn og halda nattekvild der. Men «Hornelen» tok igjen heile seinkinga, gjekk heile natta og var i Bergen klokka 8.30. [fredag, ein halv time etter ruta]

Kommandøren» heimatt

Skulle ein koma heim igjen i rimeleg tid med Fylkesbaatane, måtte ein reisa frå Bergen allereie dagen etter [laurdag]; for neste båt gjekk ikkje før tre dagar seinare. Og det var sjølvaste «Kommandøren» som skulle ha turen, den «dampen» som var gjævast av alle i min ungdom, og som enda er ei av dei flottaste skuter på Vestlands-fjordane. Det var ein styrmann som førde «Kommandøren» og, bergensaren Borge, ein av dei populæraste av alle styrmennene i Fylkesbaatane; og korleis det no hang saman; båten kom frå Bergen på klokkeslettet [08.00], og han heldt ruta heile tida, like til han vart eit grann seinka ved to korrespondansar i Balestrand. Det får ein vel seia er bra gjort i desse dagar da dampskipsseinkingar er regelen.

 - denne herlege frukta

Det er all denne herlege frukta (sjå merknad nedafor) som seinkar Fylkesbaatane mest, varer som må handsamast fint, det krev både omtanke og tolmod. Eg vonar at fruktsendarane skjønar på dette med med eit og anna eplet i denne overflodstida. Og slike småting kan gjera underverk, det lettar arbeidet, knyter skipsfolk og bygdefolk nærare saman, desse to folkeslag som treng kvarandre så inderleg vel.

Tid til bergens-revy

«Om byen og bylivet er det ikkje stort å fortelja denne gongen, for knapp tid til å oppleva noko. Det einaste var ein morosam kveld på den Nationale Scene. Dei spela ein Bergens-revy av Arne Svendsen: «Undrer meg på –», ein revy i 27 bilete eller smådeilder som fylgde slag i slag med berre eit einaste lite opphald. Revyen var morosam, hadde mange småærend som løyste låtten, vink og minningar om dagsens hendingar, men var elles heilt harmlaus. Der var både prolog og songar. Og spelet var framifrå som alltid på den Nationale Scene, liv og lyst frå fyrst til sist.»

Merknad: «me kjenner så godt årsakene»

Reisebrevet til Ivar Tveit stod i avisa hans, Sogn og Fjordane, 7. oktober 1941. Han fortel at «dei siste månader» hadde vore «ein merkeleg bolk i Fylkesbaatane si soge,» med stor forseinkingar og «få ruter». Han finn det ikkje naudsynt å seia noko nærare om kva vanskane skuldast, berre dette «… me kjenner så godt årsakene.» Okkupasjonsmakta vakta på innhaldet i alle aviser. Tveit nemner likevel ei «ufarleg» årsak: «denne herlege frukta». Året 1941 var eit særs godt fruktår samanlikna med året før. Men vanskane skuldast først og fremst krigen. Det skorta på fartøy (okkupasjonsmakta hadde rekvirert fleire båtar) og brennstoff. I Fylkesbaatane si årsmelding for 1941 står det:

«Dei vanskar som Fylkesbaatane hadde med drifti i 1940 har auka på i 1941, særleg var det vanskeleg å skaffa brenselolje og brukande kol, og ved har det etter kvart vore [vanskeleg] å få tak i. Det som har vore brukt av brensel, har ein [måtta ha] løyve til av statsmaktene. Fylkesbaatane har under desse vanskelege tilhøvi søkt å halde ferdsla best mogleg uppe, men rutor og drift, har sjølvsagt ikkje vore slik som ynskjande kunde vera.»

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 07.10.1941
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, rutehefte 1941/1942
Årsmelding for Fylkesbaatane 1941. I Sogn og Fjordane fylke: Fylkestingsforhandlingar 1942.