Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Meisterspelemannen Jon Rosenlid



Jon Rosenlid (1891-1974) var frå Fjelli i Nordfjord, men budde mesteparten av tida i Bergen. Han er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar. Han var ein av dei første som tok i bruk hardingfela i Nordfjord.

Fotograf: Olav Sande

Skreddar og spelemann

Jon Rosenlid var fødd på Fjelli i Stryn, og som kameraten Samuel Bergset fekk han tidleg kome i lære hos Magne Maurset på vanleg fele. Det var vanleg fele som var mest brukt i Nordfjord på denne tida, men 16 år gamal fekk han høyre Sjur Helgeland frå Voss. Det gjorde slikt inntrykk at han kjøpte seg hardingfele hos felemakar Rasmussen i Bergen.
Rosenlid flytte til Bergen i 1907, der han budde mesteparten av livet sitt. Her dreiv han sitt yrke som skreddar, og på fritida vart det tid til musikk. Han var med å stifta spelemannslaget Fjellbekken, der han og var leiar i mange år, og han var trufast dansespelemann for leikarringen i Bondeungdomslaget Ervingen i over 50 år. Den som har vidareført mest av Jon Rosenlid sitt spel er Finn Vabø i Bergen.

Mange speleferder

Det vart mange speleferder på Jon Rosenlid. I 1924 gjorde han stor lukke med konsertturne i Amerika, og i 1925 vann han Landskappleiken. Jon Rosenlid vart og kjend for sitt lydarspel, og komponerte både danseslåttar og lydarslåttar. I 1932 spelte han inn fleire slåttar på 78-plate saman med Leif Thomasgård. Ein har elles opptak av Rosenlid både i NRK sitt folkemusikkarkiv og i Arne Bjørndal-samlinga. Rosenlid var notekunnig og etterlet seg ei notesamling som tel kring 900 slåttar. Nokre av desse er hans eigne komposisjonar. I 1965 vart Jon Rosenlid heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull for sin innsats som spelemann.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Honndalstausene: Honndalstausene. (LP) Heilo, 1988.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo, 1982.
Skrede, Per M.: Meisterspelemannen Jon Rosenlid. Jul i Nordfjord 1966.
Loen, Leif Arnold: Til Jon Rosenlid. Dikt. I Jul i Nordfjord. 1966.
Myklebust, Rolf: Spelemannen Jon Rosenlid. I Årbok for Nordfjord. 1977.
Rosenlid, Lars: Jon Rosenlid og heimbygda. I Årbok for Nordfjord. 1977.

PERMANENT IDENTIFIKATOR