Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 26. mars 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Driftevegane gjennom Sogn og Fjordane



Ein drifteveg er ein veg eller ei transportåre der folk (driftekarar) gjekk med krøtera/dyra sine når dei skulle gjennomføre kjøp og sal av fe. Driftevegane over fjella frå vest til aust vart nytta fram til ca 1900, då dampbåten og jernbana tok over.

To menn og tre kløvhestar er på veg gjennom Setesdalen ca 1940-42.

To menn og tre kløvhestar er på veg gjennom Setesdalen ca 1940-42.

Datering: 1940-42

Fotograf: Elisabeth Meyer

I områda der jordsmonnet er djupt nok, kan driftevegen syne seg i terrenget som djupe furer, i marka med vollar på sida, - som ein holeveg. Der jordsmonnet er skrint, eller der det er berg/steinar, er det ikkje synlege spor etter vegen. Mange av vegstrekningane er framleis synlege, medan andre for lengst er grodd att av tre og kratt eller er øydelagd av utbygging til dømes nye vegar/nydyrking/bygningar. Fleire av rutene blir brukt som turstiar og er på den måten enno i bruk utan at folk kanskje er klar over at dei går på ein drifteveg.

Driftekar

Ein driftekar, var ein mann som livnærte seg av å drive dyr frå vest til aust for å gjennomføre sal. Han vart gjerne kalla for «normann» på Austlandet. Driftekaren kunne òg vere skrepphandlar på same tid. Det vil seie at han òg kunne selje ymse småting som han hadde med seg i skrøppa si (sekken sin) eller som hestane bar med kløv. Det kunne vere tøy, lerret, plagg av ymse slag, halsknutar, band, finare garn, sølvsaker, tråd, kammer, sakser og andre småvarer som han selde.

Ofte var det yngre bondesøner som vart driftekarar. Dei som ikkje hadde krav på odel. Når ein gut var 14 år var han gamal nok til å vere med i driftinga. Å vere driftekar var eit hardt liv som ikkje passa for alle. Han måtte ha god fysikk og ha godt hovud. Ein god driftekar måtte til dømes kunne vurdere 30 ulike tilhøve ved ein hest. Og han måtte vere god til å snakke for seg. Men var han god, kunne han bli rik.

Klesdrakta til driftekaren skifta lite. Han hadde på seg vadmelsdress, anten grå eller svart. I tillegg bar han ullundertrøye, skjorte, ei skinnhuve og tresko. Etter kvart vart treskoa bytt ut med beksaumsko og han fekk vindjakke òg.

Bilete av ein mann som sit på ein benk, kledd i svart, med skjegg, og med ein vandrestav i ei hand og ein hatt i den andre.

Kvifor gjekk driftene frå Vestlandet til Austlandet? Og korleis gjekk den føre seg? Kvar gjekk rutene?

Det lønte seg for austlandsbonden å få fe og hestar over fjellet frå Vestlandet framfor å avle opp dyra sjølve. Her på Vestlandet er det mildare og kortare vintrar. Med den rikelege nedbøren blir det òg rikare grasvekst. Dette gjorde at vestlandsbygdene kunne halde større femengder om vinteren enn det austlandsbygdene kunne klare. Dessutan gjorde fjellbeitene mellom vest og aust den lange transporten mogeleg. Dyra gjekk på beite heile sommaren før dei vart samla igjen og drive vidare til austlandsbygdene og byane for sal.

Frå 1600-talet vart det etter kvart stor etterspurnad etter hestar til skogsdrifta på Austlandet. Det var trong for mjølkekyr til storgardane og til store mengde med slaktefe. På same tid førte dei etter kvart aukande mengdene med bergverksdrift og vekst i byane til at kjøt vart ei ettertrakta vare. Truleg er handelsforma langt eldre, kanskje så langt tilbake som til mellomalder og viktingtid.

Årsrytmen til driftinga var slik: I februar mars reiste driftekarane rundt på gardane og gjorde avtalar og oppkjøp. Desse avtalane var munnlege, men etter kvart vart dei òg skriftlege. Driftekaren var nyhendeberaren, difor var han ein kjærkomen gjest rundt omkring i grendene. Og det var vanleg å tilby driftekaren ein dram.

I slutten av juni månad var det sanketid. Deretter var det driving av dyra opp på fjellet. Det seiast at kvar drift hadde med om lag 20-30 dyr. Dei batt hestane saman i halane, slik at dei danna ei lang rekke.

Bilete av ein mann som køyrer hest og kjerre, med mange hestar og ein hjelperyttar i følgjet.

Det var vanleg å gå saman med 2-3 drifter. Etappane var på om lag 2-3 mil kvar dag. Driftene hadde frihamner/hagar på vegen der dyra kunne beite ein dag eller to utan betaling. Dømer på slike hamner finn vi i Jølster; «Haaheimshagen» og i Lærdal «Grøtahagen». Betalinga for å ha dyra i slike hamnar var som regel mjølk.

Driftekarane hadde hevdvunnen rett til fritt å føre dyra over ein annan manns eigedom, så sant dei ikkje gjorde skade. Når dei passerte gardar var det vanleg å halde seg ovanfor dyrka mark, slik at dei ikkje trakka i innmarka. Oppe på fjellbeitet i austfjella hadde dei «sommarhamner» der dyra beita gjennom sommaren og feita seg opp. Driftekarane leigde gjerne hjelparar til gjetinga. Medan dei sjølve for heim igjen ein tur til slåttånna. Det var òg vanleg at konene var med på sommarbeitet og mjølka til ost og smør. Det tok om lag fire til fem veker å drive dyra frå Nordfjord til sommarbeita i austfjella.

Siste dagane i august samle driftekarane dyra og for med drifta vidare austover for sal. Før dei reiste hadde dei gjerne ein fest «Fekarshelgi» oppe på fjellet. Då kom det ofte folk opp frå bygdene ikring for å vere med. På vegen austover stoppa dei i «hamner» for kvile under vegs, og då var det vanleg å betale i kontantar. Kring slutten av 1800-talet kosta ein sengeplass omlag 5-7 øre.

Fram til våren neste år reiste gjerne driftekarane ut «på kravet» for å samle inn pengar dei ikkje hadde fått inn for fea. Driftekarane kunne ha mykje kontantar liggande i lommeboka si, derfor kunne dei vere utsette for tjuveri. Det gjaldt å passe på.

Driftekarane tok dei lettaste vegane. Dersom dei måtte gå over snø eller brear, gjekk dei på natta når snøen var hard. Dei gjorde avtalar i god tid med båteigarar der dei måtte krysse vatn og fjordar. Etter kvart som vegane utvikla seg, tok dei gjerne desse i bruk. Og med dampbåten vart det slutt på drivinga over fjellet.

Frå Sunnmøre fylgde driftene fleire ulike tilførselsvegar til Nordfjord, Honrindal og Stryn. Sør for Sognefjorden er det motsett, då spreidde driftevegane seg ut over eit mykje større område. I hovudsak er det tre hovudruter som går gjennom Sogn og Fjorande:

- Frå Nordfjord, Sandane, Breim, Våtedalen, Skei, Haukedalen, Viksdalen og Sværafjorden til Vik, Vikafjell, Rauandalen, Hallingskeid og vidare til Austlandet.
- Frå Nordfjord, Stryn, Sunndalen, Raudalen til Gubrandsdalen.
- Frå Nordfjord, Stryn, Jostedalsbreen, Jostedalen, Skjolden-Årdal-Lærdal-Aurland-Flåm mot Tyinfjella, Sognefjellet, Stemmerdalen, Strandafjorden og til Austlandet.

Det seiast at det kom drifter heilt i frå Eikefjorden i vest og knytte seg til hovudruta frå nord. Denne sidevegen gjekk over Ramsdalsheia, gjennom Trodalen til Angedalen og gjennom Lonene til Hjelmbrekka i Jølster og vidare opp Gjestdalsdalen og gjennom den tronge Langedalen til Holsa og vidare opp til Rørvikfjellet og til Mjell i Viksdalen der dei møtte driftene som kom i frå Nordfjord. Det var fleire tilførselsvegar som kom inn på desse hovudrutene og som fylgde hovudrutene vidare.

Vegvala vart bestemt av ulike ting. Uansett kva for vegval som vart tatt, samla dei heile tida dyra medan dei gjekk. Erfaring, kvar dei var kjende, ver og vind spelte òg inn på vegval.

Trapp av stein i berget.

Omfang

På slutten av 1800-talet var det om lag 1000 storfe og 300-400 hestar austover kvart år frå fylket vårt. Det kunne variere frå år til år. I 1840 var det til dømes om lag 600-1000 hestar og storfe som gjekk gjennom Sværaskardet. Berre i sølvverksbyen Kongsberg hadde dei åleine trong for 800 dyr årleg.

Dyra gjekk oftast til slakt. Gamle hestar som skulle slaktast bar kløv, medan unge hestar som skulle vere livdyr, slapp å bere noko. Ofte var det vanskelegare å få selt hesten som gjekk lengst bak i rekka. Folk visste at den hesten kunne vere ein villstyring, og derfor plassert der.

Båtetappane

Båttransportane gjekk i hovudsak over Nordfjorden frå Lote til Anda, over Kjøsnesfjorden i Jølster, og over Sognefjorden anten frå Sværafjorden, eller frå Gaupne. Det fanst eigne driftebåtar som driftekarane måtte avtale transport med i god tid på førehand. Båtane over Sognefjorden kunne laste 30-40 beist i gongen. Storebåten kunne ha råsegl. Ein kar sto bak på vengen  og rodde med ei svær åre, samstundes som han førte roret, «å båts-ro». Fleire båtar kunne òg vere på rekke i slep. Då var det fleire som måtte ro. Å føre slike båtar var ein kjærkomen måte å skaffe seg kontantar på for bøndene. Båten frå Sværafjorden gjekk anten til Vik, Aurland, Flåm eller Lærdal.

Rutene vidare frå Sognefjorden og opp på fjellbeita

Båten frå Gaupne/Marifjøra gjekk oftast til Lærdal, eller til Kroken der turen bar vidare over fjellet til Øvre Årdal og vidare opp gjennom Moadalen og Tyedalen mot Filefjell.

Frå Sværafjorden til Vik bar turen vidare over Vikafjellet til Myrkdalen og vidare austover mot Tauandalen og Hallingskeid. Frå Aurland gjekk turen vidare gjennom Aurlandsdalen og Stemmerdalen. I Stemmerdalen var det veldig godt beite. Og det kunne vere fleire drifter som heldt til her. Driftekarane bygde små steinbuer gjennom generasjonar, der det var plass til ein til to mann. Desse steinbuene gjekk i arv frå far til son. «Felæger» er ei hamnestrekning i fjellet der fekarane låg med driftefe i beite og budde i ei febu.

Frå Flåm bar det vidare opp frå Fretheim til varden Geisme, over Brimstovra ned til Fretheimsdalen og Vindesdalen og austetter langsmed Svartevatn over Henadalen, langs vesle og store Vargevatn til Geiteryggen og Strandvarn i Hol. Både holingar, numedølar og vossingar låg med drifene i desse fjelldalane før dei byrja å drive mot Austlandet.

Frå Lærdal gjekk vegen vidare over Filefjell eller over Skjolden/Turtagrø til Tyin. I øvre Årdal gjekk dei inn Moadalen til Sletterust og Tyinosen.

Bilete av to menn med hestar som driv kyr over snøen på fjellet.

Kor synlege er driftevegane i dag?

Fleire stader var det heilt umogeleg å finne att stien, medan andre ruter er merkt i karta som turstiar, og er dermed lettare å følgje. DNT har i samarbeid med Riksantikvaren lagt til rette for nokre historiske vandreruter. Ei av desse går opp Kamperhamrane i Stryn til Rauddalsvatnet (sjå UT.no) mot aust.

Mange av desse rutene vart prøvd gått opp i samband med eit prosjekt i 2003. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og Sogn og Fjordane turlag samarbeida om prosjektet. I prosjektrapporten finn ein både historier og songar om driftehandelen, i tillegg til å skildre hovudrutene og ein del av sidevegane til driftene.

Som eit vidare ledd i arbeidet med rapporten om driftevegne i Sogn og Fjordane, har fylkeskommunen digitalisert hovuddriftevegane. Med dette er hovudrutene gjort tilgjengelege i www.fylkesatlas.no:

kjelder:

Driftevegen gjennom Sogn og Fjordane, prosjektrapport 2003.  Del 4: Hjelpemiddel i det praktiske arbeidet


Driftevegen gjennom Sogn og Fjordane, prosjektrapport 2003.  Del 1: Prosjekt gamle ferdselsvegar og tilrettelegging for friluftsliv. Del 2: Utdrag frå historia kring driftehandelen.


Driftevegen gjennom Sogn og Fjordane, prosjektrapport 2003.  Del 3: Driftevegen gjennom den einskilde kommune

PERMANENT IDENTIFIKATOR