Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Brekke kyrkje



Brekke kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Brekke ved Risnefjorden i Gulen kommune. Kyrkja, som har 390 sitjeplassar, vart vigsla 19. november 1862 av prost Thomas Erichsen. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane til kyrkja, som skal vera den tredje på staden. Brekke kyrkje er soknekyrkje for Brekke sokn i Gulen prestegjeld.

Brekke kyrkje er soknekyrkje for Brekke sokn i Gulen prestegjeld. Frå 1859 til 1968 høyrde Brekke sokn til Lavik prestegjeld, men høyrer no til Gulen prestegjeld. Kyrkja vart måla opp att utvendig i 2001.

Brekke kyrkje er soknekyrkje for Brekke sokn i Gulen prestegjeld. Frå 1859 til 1968 høyrde Brekke sokn til Lavik prestegjeld, men høyrer no til Gulen prestegjeld. Kyrkja vart måla opp att utvendig i 2001.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bygging av ny kyrkje

Ei kyrkje som står fullstendig til nedfalls tener Gud lite til ære og menneske lite til nytte. Forholda for kyrkjelyden i Brekke var så fattigslege som dei kunne bli for knappe 150 år sidan. Då kyrkja var i ferd med å ramle saman kravde Stiftsdireksjonen bygging av ny kyrkje, viss ikkje omfattande reparasjonar og utviding kunne gjennomførast raskt. Resultatet vart nybygging, nokså sikkert inspirert av arbeidet med ny kyrkje som gjekk føre seg hjå naboane i Eivindvik. Men i Brekke venta dei med å rive gamlekyrkja til den nye var komen opp.

Grunnarbeidet vart her som andre stader utført ved pliktarbeid, og bøndene i bygda hadde også ansvaret for å få tømmeret fram til byggjetomta. Ettersom gamlekyrkja framleis stod medan den nye vart reist, vart kyrkja plassert på den delen av kyrkjegarden som vart utvida i 1861, på sørsida av gamlekyrkja. Dei innvendige måla på Brekke kyrkje er for skipet 16,8 x 10,2 m. Koret har same breidde, og er 5,1 m langt. Våpenhuset er 4,6 m langt. Frå først av var der berre ei trapp opp til galleriet frå tårnfoten, og kyrkja var elles bygt med eit sakristi, prestesakristiet i forlenginga av koret.

Høgt tårn?

Tårnet slik det er i dag, er ganske likt det opphavlege, men det fyrste tårnet var smalare og veikare bygt, og tolte dårleg den sterke sønnavinden i området. Vel 20 år etter at kyrkja var ny, i 1884, vart tårnet rive og eit lågare sett på i staden. Men bygdefolket slo seg aldri til tols med det låge tårnet. Dei ville ha eit høgreist tårn som såg ut slik det fyrste gjorde. Alt tidleg på 1900-talet var det mange som tala for både å byggje nytt tårn, og at kyrkja innvendig samstundes skulle gjerast lunare med panel og måling. Fyrst i 1930-åra vart planane realiserte under rettleiing av arkitekt Lars Norevik frå Ortnevik. Arbeidet vart fullført i 1939. Då var det bygt til sakristi/møterom på eine sida av våpenhuset og eit bårerom på den andre sida. I dag er bårerommet utanfor kyrkjehuset, og i staden har her komme toalett.

Nytt tårn vart reist i full høgde, tekt med kopar, og på den vêrharde sørsida kom det nye glaskarmar og bordkledning. Innvendig vart kyrkjebenkene forbetra, og dessutan flytta litt fram på golvet slik at det vart passasje på sidene. Og no vart det også sett opp panel frå golv til kvelving. Omnane som vart kjøpte til kyrkja i 1901 gav dårleg varme, og kyrkjelyden var stadig plaga av at det kom mykje røyk inn i kyrkjerommet. I 1933 vart omnane difor bytta ut med to nye, store omnar. Desse var i bruk like til kyrkja fekk elektrisk oppvarming til jubileet i 1963. Det innvendige målararbeidet på 1930-talet gjekk føre seg under rettleiing av kunstnaren Mons Breidvik (1881-1950). Han var frå garden Breidvika, eit lite stykke ut langs fjorden frå Brekke, og tok difor på seg arbeidet utan vederlag.

Måla opp att innvendig

Opphavleg var kyrkja bygd med liggjande tømmer måla i ein gråblå farge. På trettitalet vart veggene måla i ein raudfarge og benkene i ein raudbrun farge. Målinga må ifølgje den tidlegare kyrkjetenaren Ivar Botnen si meining ha vore henta frå eit kriselager, for verken benkene eller kyrkja elles vart nokon gong heilt tørr. Det finst fleire historier om folk som forlet kyrkja med øydelagde finklede.

Til 100-årsjubileet i 1962 vart kyrkjebenkene måla opp att i "skikkelege" fargar, no i grønt og perlegrått. Benkedørene er måla kvite med blåfarga felt i midten. Den friske blåfargen går att fleire stader, og det same gjer markeringane i grønt, t.d. rundt felta på benkedørene. Elles er der i koret høge, spisse vindauge, eitt på kvar side, i skipet tre på kvar side. Inspirasjon frå stavkyrkjene ser ein m.a. på dei enkle søylene langs midtgangen i skipet. Der er fire låge søyler under galleriet på kvar side, og dessutan tre søyler på kvar side langs midtgangen. Men trass i solide søyler har kyrkja gjennom alle åra med sterk sønnavind blese seg nokså skakk og skeiv. Heile bygget hallar nordover, og frå golvet til øvst på søylene er der eit avvik på heile 18 cm.

Inventar

Altertavla frå 1862 er "Jesus i Getsemane", måla av Anders Askevold. Ein engel kjem til for å trøyste og styrkje Jesus. (Luk. 22,43). Tavla var ikkje ferdig til vigslingshøgtida, og ein enkel kvit trekross vart sett opp mellombels. Denne står no i siderommet ved orgelet. Tavla er kosta av plassfolk, tenarar og kårfolk.
På alteret står to udaterte lysestakar i messing. Nattverdsutstyreter ein kalk, ein disk og ei brødøskje, alle i sølv, samt ei vinkanne i sølvplett, alle udatert.

Preikestolen er frå 1862. Det same er døypefonten i tre. Dåpsfatet i messing er udatert, med innskrifta: "Den som trur og vert døypt, skal verte frelst" (Mark. 16,16). Dåpsmugga i messing frå 1980 og to lysekroner i messing frå 1962, er gåver frå Brekke bondekvinnelag.
I kyrkja heng to biletvevteppe frå 1950, som er laga av Emma Breidvik, etter kartong av Mons Breidvik. Orgelet er frå 1930 og har sju pluss ei stemme. Kyrkja har to kyrkjeklokker, ei udatert, men truleg frå ei tidlegare kyrkje; og ei frå før 1850, omstøypt i 1946.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR