Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Nord-Vågsøy kyrkje



Nord-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje i betong som står i bygda Raudeberg i Vågsøy kommune. Kyrkja, som har 420 sitjeplassar, vart vigsla 24. oktober 1960 av biskop Ragnvald Indrebø. Arkitekt Ole Halvorsen laga teikningane. Nord-Vågsøy kyrkje var fram til 1. januar 2002 soknekyrkje for Nord-Vågsøy sokn i Vågsøy prestegjeld. Frå den datoen vart dei tre sokna i prestegjeldet slått saman til eitt, slik at Nord-Vågsøy kyrkje miste sin status som soknekyrkje.

Som eit landemerke ligg Nord-Vågsøy kyrkje på Røysaneset på Raudeberg. Den treskipa betongkyrkja er den andre på staden, bygd like inntil tomta der den førre stod. Kyrkja er ei av dei siste i tradisjonell stil her i fylket, og ei av dei få som ikkje har inventar frå tidlegare kyrkjer på staden. Årsaka er brannen som la 1800-tals kyrkja i oske i 1945.

Som eit landemerke ligg Nord-Vågsøy kyrkje på Røysaneset på Raudeberg. Den treskipa betongkyrkja er den andre på staden, bygd like inntil tomta der den førre stod. Kyrkja er ei av dei siste i tradisjonell stil her i fylket, og ei av dei få som ikkje har inventar frå tidlegare kyrkjer på staden. Årsaka er brannen som la 1800-tals kyrkja i oske i 1945.

Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1. Nordfjord og Sunnfjord.

Datering: 2000.

Fotograf: Thomas Bickhardt.

Kyrkje med barnehage

Årsaka til at kyrkja vart bygd i betong kan ha litt å gjere med dei vonde minna etter brannen. Det var ein tryggleik i å satse på betong framfor treverk. Men praktiske omsyn har nok også talt med. Røysaneset er ein vêrhard plass, og mange meinte at betong stod seg betre mot vêr og vind enn tre. I ettertid har det vel vist seg at betongkyrkjene ikkje krev noko mindre vedlikehald enn trekyrkjene.

Sjølv om Nord-Vågsøy kyrkje er bygd som ei klassisk langkyrkje, har ho fått plass til fleire rom enn ein elles finn i kyrkjene. Den halve kjellaren som er bygd inn i terrenget, inneheld både møtesal, kjøkken og toalett. På midten av 1970-talet vart denne delen av kyrkja omgjort mellombels til barnehage, og har vore brukt til det sidan. Soknerådet har bede kommunen om å finne anna areal til barnehage, slik at kjellarhøgda i kyrkja i staden kan nyttast til kyrkjelege føremål, men det har teke tid å ordne nye lokale til barnehage.

Bilete av Nord-Vågsøy kyrkje på avstand.

Interiøret

Sjølve kyrkjeskipet er lyst og nokså enkelt innreidd. Benkene er måla i lyseblått og beige. Taket er flatt og måla i blå felt. Kortaket har dessutan eit stort midtfelt dekorert med stjerner. På kvar side av midtskipet er det reist seks firkanta søyler i betong, og under galleriet to søyler. Langs veggene er det sett opp panelbrystning, medan brystninga i koret er måla plater.

Bilete av kyrkjeskipet.

Kyrkjerommet har vindauge på rekkje både oppe på midtveggene og nede langs sideskipa. Sakristia er plasserte som vanleg framme på kvar side av koret, og attmed dåpssakristiet er det toalett. Sett utanfrå er det dei utbygde sidene som gir kyrkja eit ekstra staseleg preg. Den firkanta tårnfoten når over mønet og står fint i stil med resten av bygget. Over er der ein liten tårnhals med vindauge i, og øvst eit kopartekt spir. Tårnet fekk store skader under nyttårsorkanen i 1990 og måtte reparerast. På resten av kyrkja er det berre utført vanleg vedlikehaldsarbeid sidan ho stod ferdig.

Skipsklokke i interimkyrkja

Kort tid etter at den førre kyrkja brann ned til grunnen i 1945, vart den største tyskarbrakka på Halsøyr vigsla til interimkyrkje. Det skjedde berre ein knapp månad etter brannen, og denne mellombelse løysinga kom til å vare i 15 år. Ein kuriositet i den samanhengen er kyrkjeklokka i interimkyrkja. Det var sjølvast skipsklokka frå "Sanct Svithun", hurtigruteskipet som vart søkkt i Ervika på Stadt under krigen. Klokka var gitt som gåve til ervikarane for modig berging av folk frå skipet som gjekk ned. Etter førespurnad frå sokneprest Ola Tungesvik fekk nabofolket i Vågsøy låne klokka i ein periode. Seinare fekk "Sanct Svithun"-klokka sin rettkomne plass i Ervik kyrkje.

Lokaliseringsdebatt

Diskusjonen om plasseringa av ny kyrkje skapte strid. Ein del meinte at kyrkjestaden måtte vere der den var, andre gjekk inn for å byggje ny kyrkje meir sentralt i bygda. Argumentet for å byggje i sentrum, var at det ville auke bruken av kyrkja utanom dei faste gudstenestene. Men soknemøta viste eit fleirtalet for kyrkjestaden på Røysaneset. Trass alt hadde det vore kyrkjestad frå midten av 1800-talet. Her var gudshuset synleg for kystfartøya som fór forbi i sundet like nedanfor, og like ved kyrkjetufta låg gravhaugane som batt banda bakover like til vikingtida. Argumenta var sterke, og det vart vedteke å byggje den nye kyrkja på same staden som før, berre litt lenger oppe i terrenget.

I 1952 godkjende kommunestyret planane, og tre år seinare gav Kyrkjedepartementet si tilslutning. Det tok endå eit år før finansieringa gjekk i orden, og årsaka var at forsikringssummen frå den førre kyrkja dekte mindre enn 1/5-del av det nyekyrkja vart budsjettert til (endeleg kostnad var 750 000 kr). I 1956 gjekk omsider finansieringa i orden, og like etter vart det gitt byggjeløyve.

Kunst og inventar

Altertavla er laga av Jørgen Skaare frå Vanylven. Ho er eit glasmåleri med motiva "Nattverden" og "Den sigrande Kristus".

Bilete av glasmåleri.

På alteret står to lysestakar, som til liks med det meste av inventaret er frå 1960. Ein tre-arma lysestake i nysølv frå 1980, er ei gåve frå Raudeberg Indremisjon i høve 400-årshøgtida for bygginga av Vaagsøe Capel på Kapellneset. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk og ei vinmugge. I tillegg kjem ei brødøskje i nysølv frå 1982, med krossymbol på loket. Både preikestolen og døypefonten er i tre. Dåpsfatet og dåpsmugga er begge i messing.

Her er to kyrkjeklokker, begge er laga av Ole Olsen Nauen AS. Den eine har innskrifta "Lov Jesu navn og Herredom", og den andre har innskrifta "Alt er færdig, kom!" Orgelet frå 1965 har 17 stemmer.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR