Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sør-Vågsøy kyrkje



Sør-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i kommunsenteret Måløy i Vågsøy kommune. Kyrkja, som har 600 sitjeplassar, vart vigsla 5. september 1907 av biskop Johan Willoch Erichsen. Arkitekt Lars Sølvberg, frå Utvik, laga teikningane. Sør-Vågsøy kyrkje var fram til 1. januar 2002 soknekyrkje for Sør-Vågsøy sokn i Vågsøy prestegjeld. Frå den datoen vart dei tre sokna i prestegjeldet slått saman til eitt, slik at Sør-Vågsøy kyrkje i dag er soknekyrkje og hovudkyrkje for heile prestegjeldet.

Sør-Vågsøy kyrkje ligg flott til oppe på ei av dei få flatene i Måløy, på det som heiter Sæteneset. Herifrå er det godt utsyn både til fiskehamna, sentrumslivet og trafikken over Måløybrua. Men likevel ligg kyrkja langt nok unna til at lyden frå ein hektisk kvardag vert borte når du står i inngangsdøra.

Sør-Vågsøy kyrkje ligg flott til oppe på ei av dei få flatene i Måløy, på det som heiter Sæteneset. Herifrå er det godt utsyn både til fiskehamna, sentrumslivet og trafikken over Måløybrua. Men likevel ligg kyrkja langt nok unna til at lyden frå ein hektisk kvardag vert borte når du står i inngangsdøra.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Arkitekt frå Nordfjord

Det er ei fin oppleving å kome inn i dette gudshuset. Dei mektige grå søylene frametter heile midtskipet gir kyrkja eit særeige, monumentalt preg. Eit preg arkitekten har framheva med det uvanleg høge, kvite skråtaket. Arkitekten er ikkje ein av dei kjende, store norske arkitektane, sjølv om ein gjerne kunne tru det. Kyrkja er teikna av nordfjordingen Lars Sølvberg, som hadde lært seg faget og teikna framifrå byggverk med fine detaljar. Søylene i Sør-Vågsøy kyrkje har kapitél og elegante utskjeringar til alle sider. Til og med nummertavlene har eit majestetisk preg over seg, forma som to vindauge med tak over og med spir på kvar side. I skipet er der fem vindauge på kvar side, alle med glasmåleri i midtfeltet. Dei er resultatet av ei pengeinnsamling tidleg i 1950-åra, der enkeltpersonar gav til dels svært store tilskot for at kyrkja skulle bli endå finare. Biletserien endar med altertavla, der motivet er Jesu oppstode frå dei døde påskemorgon. Sjølve koret har fem sider av åttekanten (oktogonforma), og eit tak som skrånar ut frå midten i fem felt. Veggene både her og i skipet er gulmåla over den mørkare brystninga. Korbogen er raudmåla som mykje av det andre inventaret.

Bilete av midtskipet.

Kampen for eiga kyrkje

Historia til Sør-Vågsøy kyrkje strekkjer seg tilbake til tida kring 1900, då Vågsøy høyrde til Selje kommune, som då var den folkerikaste i fylket. I mai 1899 var over 100 oppsitjarar i Skramsbygda samla i skulehuset for å få fortgang i arbeidet med eiga kyrkje i den sørlege delen av kommunen. I fyrste omgang forma dei eit krav om deling av Vågsøy sokn. I vidareføringa var kravet å få byggje eiga kyrkje. Samstundes starta pengeinnsamlinga til føremålet. Den politiske delen av kyrkjesaka vart ei historie for seg. Mellom anna var det avgjerande for folket i Sør-Vågsøy å få flest mogleg representantar i Selje kommunestyre for å vinne fram. Dei klarte etter ein del strid å få inn seks representantar, og det gav i neste omgang utslag i vedtaka som vart fatta.

Soknedelinga var eit faktum i 1905, etter fleire år med korrespondanse mellom soknestyret og dei kyrkjelege styresmaktene. Kyrkjevegen var eit viktig moment, og i eitt av breva til "Den norske Kirkebestyrelse" stod ei skildring av denne. Der går det fram at strekninga frå Sør-Vågsøy til Raudeberg var svært vanskeleg å sigla med småbåtar grunna sterk vind. Vinden gjorde det også vanskeleg å landa ved Raudeberg. Folk frå Sør-Vågsøy måtte ofte liggje over på Raudeberg, om vinteren gjekk somme over fjellet i halvmørke for å koma til kyrkje.

Pengeinnsamlingar til kyrkja

I 1906 vart byggjenemnda vald og arbeidet kom i gang. Året etter stod kyrkja ferdig. Bilete frå vigslingsdagen i september viser store mengder folk på kyrkjebakken, minst like mange som det var plass til inne. Innsatsen frå kyrkjelyden var i hovudsak arbeid knytt til pengeinnsamling, men mange deltok også med praktisk arbeid. I den samanhengen nytta biskopen høvet under festmiddagen vigslingsdagen til å takke "ungdommen", fordi dei hadde vist stor interesse for å hjelpe til. Prosten i Nordfjord, Anton Prytz, skreiv eit eige stykke i bladet Nordfjord om den store offerviljen hjå folk flest. Her fortalde han om kva dei tre krinsane Skram, Skavøypoll og Våge hadde samla inn av pengar og om alt utstyret dei hadde skaffa. Berre lysekroner mangla, men det var meininga å gå i gang med desse òg.

Bilete av kyrkja i 1907.

Lite endra

Sommaren 1951 vart det utført eit større restaurerings- og målingsarbeid i kyrkja, og det vart montert elektriske omnar. Året etter fekk kyrkja toalett.

Sør-Vågsøy kyrkje er elles lite endra sidan ho vart bygd. Framme på kvar side av koret er dei vanlege sakristia. I vest er der eit fint inngangsparti med boga glas over både hovuddøra og sidedørene. Tårnfoten gir plass til våpenhus og trapper opp til galleriet. Han går midt opp på vestveggen, der han smalnar inn i ein firkanta tårnhals og går vidare opp i eit kopartekt spir.

Bilete av kyrkja i 2002.

Inventar

Altertavla frå 1907 er laga av Sveinung Aanondson (1854-1919). Motivet er "Oppstandelsen", ein kopi av Adolph Tidemand (1814-76) sitt bilete "Christi Opstandelse" i Bragenes kyrkje i Drammen. Skildringa av Kristus er meir naturalistisk enn tradisjonen. Han stig fram frå grava. Soldatane er slått av redsle, engelen, med palmegrein, tilber.

På alteret står to lysestakar frå 1907. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinmugge, alle i sølv og frå 1907. Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1907. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølv og frå 1907. Åtte glasmåleri frå 1952, har motiv frå Jesu liv. Fire utskorne stolar i eik frå 1932, er laga av Martin Endal.

Orgelet frå 1989 har 20 stemmer, og er laga av Marcussen & Søn. Kyrkjeklokka frå 1907 er tysk.

Bilete av folk med dåpskanna.

Bilete frå markeringa av 100-års jubileet for 17. mai 1814.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR