Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. desember 2019

Sist oppdatert 12. desember 2019

Rå-data

Om Aud den djuptenkte frå Aurland – landnàmskvinne på Island



«Aud the Deep-Minded (…) the most famous female settler of Iceland», står det å lesa i eitt av mange oppslag på Internett. Historikaren Anders Ohnstad (1911-2007) var interessert i Aud den djuptenkte. Han skreiv om henne i bøker og sogehefte. Artisten Claire White på Shetland er òg fasinert av Aud the Deep-Minded. Ho har laga song. Andre óg har skrive om Aud den djuptenkte, frå Aurland.

Aud den djuptenkte. Utstillinga Dublinia i Dublin tek folk med på ei reise gjennom Dublin si soge. Dei møter vikingkongen Olaf the White i byrjinga. Men kona hans, dronning av Dublin, er ikkje nemnd, Aud frå Aurland.

Aud den djuptenkte. Utstillinga Dublinia i Dublin tek folk med på ei reise gjennom Dublin si soge. Dei møter vikingkongen Olaf the White i byrjinga. Men kona hans, dronning av Dublin, er ikkje nemnd, Aud frå Aurland.

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Om Aud i korte trekk

Anders Ohnstad skriv m.a. om Aud den djuptenkte i heftet Aurlandsætti i mellomalderen – på Island og her heime. (1999). Den gamle Aurlands-ætta hadde delt seg i to; «den eine delen støtta rikskongen [Harald Hårfagre] og samlingstanken, den andre delen, Buna-ætta, nekta å bøya seg. Dei rømde landet.»

Son til Bjørn Buna, Kjetil Flatnev, hadde dotteri Aud Djupauga [den djuptenkte]. Ho var gift med Olav Kvite, vikingkonge i Dublin. Men då keltane [irane] gjorde oppreist mot vikingkongane, fall både Olav Kvite og sonen, Torstein Raude, som var konge i Skottland. Aud laut røma med heile sitt fylgje nordover. Ho var innom Sudrøyane (Hebridane) og ville få med seg faren. Men han tykte han hadde det bra der han var, og svara han ikkje ville fara til Island, det fiskeværet. Aud gifte bort eit par av sonedøtrene sine på Vesterhavsøyane og siglde vidare til Nordvest-Island der ho tok seg land og kalla garden sin Kvam, truleg ei oppattkalling etter den gamle setegarden Kvam i Aurland.

Sendeferd frå Island

Eit kapittel i Anders Ohnstad sitt hefte har overskrifta «Ei planlagd, men fårefull ferd frå Island til Aurland». Ferda er omtala som «Håskuld si sendeferd». Håskuld var av Aud den djuptenkte si ætt, Buna-ætta. «Soga fortel», skriv Ohnstad, at «Håskuld og fylgjet hans lende i Bjørgvin (Bergen) og tok landevegen vidare, etter råd frå Aud. Sjøvegen inn Sognefjorden ville vore eit vågestykke. Aud og hennar folk var framleis Harald Hårfagre sine fiendar. Rikskongen sine folk var herrar på «kongsgarden Husabø på Systrond [Leikanger]».

Vidare fortel Anders Ohnstad at sendeferda, «ser ut til å ha vore vellukka». Dei nådde fram til Aurland, «til den garden eller godset der Aud trødde sine barneskor», og Aud heime på Island «fekk (…) den gleda at hennar eigne folk bar helsing både hit [til Aurland] og bort over havet [til Island].»

Studiereiser til Island

Anders Ohnstad fortel vidare om to reiser han gjorde til Island, «til sagaøyi der vest i havet», den eine i 1977, den andre i 1999.

«Det var ei stor, ja, nesten høgtidleg oppleving då me svinga inn i den dalen der Aud den djuptenkte (Aud Djupauga) sist på 800-talet gjorde sitt landnàm og kalla garden for Kvam. Islendingane har store tankar om denne trauste og rakryggja kvinna, ho som hadde vore dronning i Irland og som midt i sorg og store tap, likevel hadde mot og krefter til å reisa seg etter dramatiske og tragiske hendingar. Det skal mindre til å kua eit menneske enn det å missa husbond og son på slagmarki og deretter sigla over store hav mot ukjent land.»

Song om Aud 2018

Hausten 2018 gav artisten Claire White i Lerwick på Shetland ut albumet Lasses trust in providence. Albumet er ein hyllest til shetlandske kvinner, men islandske Aud den djuptenkte er og med. Claire White hadde lenge vore nysgjerrig på kvinnene sin plass i «viking-samfunnet», og ho hadde nærast ved eit slumpetreff fått høyra om Aud. Artisten sette i gang med å finna ut meir, og resultatet blei ein song; Song of Aud the Deep-Minded. Songen er forma som ei forteljing. I seks vers fortel Aud livssoga si, frå ho rømde heimlandet Norge til ho døydde som mektig og høgvyrd landnàmskvinne på Island.

Reiste også på studieferd til Island

Anders Ohnstad reiste til Island, til «sagaøya der vest», på leit etter Aud den djuptenkte (og andre historiske personar med trådar til Aurland). Det gjorde Claire White frå Shetland og, «in search of Aud the Deep-Minded». Dei hadde begge same oppleving; ei sterk kjensle av å vera på historisk grunn: «Gamletidi steig på ein måte opp or marki», «I could put myself in her shoes, transporting myself instantly back over one thousand years».På nettstaden Follow the vikings fortel ho om ferda, sommaren 2017, heilt fram til garden Hvammur (Kvam) der Aud bygde og budde.

«Aud den dyptenkende Kjetilsdatter»

Fleire andre har og skrive noko om Aud den djuptenkte. Søk på Internett gjev mange treff. Dømet nedanfor handlar om ei turistreise. Ei kvinne gleder seg til neste tur, sommaren 2018, som er «dedikert (…) Aud den dyptenkende Kjetilsdatter." I siste setninga seier ho noko om kvar Aud kom frå, «Aurland i Sogn og Fjordane.»

Gleder mig til neste Vikingtur til Island, dagene 27. august til 2. september 2018. Turen blir dedikert den islandske landshøvding Aud den dyptenkende Kjetilsdatter. En kvinne som utvandret til Island og tok land der på slutten av 800-tallet. Hun levde et dramatisk liv, som flyktning opp til flere ganger, som dronning av Dublin og til slutt som rik landbesitter på Island. En fri kvinne, med stor ære, en omfangsrik ætt og med store kunnskaper. Hun ble født og vokste opp i Norge og er hverken mer eller mindre enn urmoren min 32 ledd tilbake i mitt fine islandske slektstre! Auds sine røtter finner vi både på øst- og vestlandet. Faren hennes Kjetil Flatnev kom fra Aurland i Sogn og Fjordane men moren hennes fra Ringerike.

Frå Romsdal eller frå Sogn?

Turisten som gledde seg til å få eit møte med «Aud den dyptenkende», skriv at Kjetil Flatnev, far til Aud, var frå «Aurland i Sogn og Fjordane». Anders Ohnstad meiner jamvel at Aud kom frå garden Kvam. Han nemner i det heile ikkje at det somme stader står at Aud var frå Romsdal. Claire White si Aud the Deep-Minded kom med far sin Kjetil Flatnev frå «Raumsdal», Romsdal.

My father Ketil Flatnose
From Raumsdal he fled
Escaping Harald Hairfair
A king we’d come to dread

Claire White har temmeleg sikkert hatt den islandske ættesoga Laksdøla som kjelde. Der står det at Kjetil Flatnev, far til Aud, kom frå Romsdal. Oppslag på Internett gjev både Romsdal og Sogn. Spørsmålet om Sogn eller Romsdal var oppe til ope ordskifte midt på 1950-talet. Sogn-partiet støtta seg på den islandske vitskapsmannen Sigurd Nordal:

«Om Buna-ættens hjemstavn kan man ikke si noget nærmere efter kilderne end at den stammer frå Sogn. En sammenblanding af Ketill-navnet i Romsdal og Ketil Flatnef beror på en misforståelse i Laksdøla.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders: Aurlandsætti i mellomalderen – på Island og her heime. (1999).


Laksdøla (1899). Kristiania : Det norske samlaget


Vikingperioden i Irland på frimerke


Hebridene – Kjetil Flatnev


Icelandic roots


Follow the vikings

PERMANENT IDENTIFIKATOR