Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. mai 2007

Sist oppdatert 28. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Hebridene - Kjetil Flatnev



"Ketil Flatnev var sogning." Det var overskrifta i eit stykke i Høyanger Folkeblad 8. desember 1956. Den historiekunnige balestrendingen Anders Skåsheim konkluderte på eit ordskifte som hadde vore - om kvar vikingkongen Kjetil Flatnev høyrde heime, i Sogn eller i Romsdal.

Utsyn mot sør frå det høgaste fjellet på Hebridene, Cliseam, 799 moh. Fjellet ligg sør på øyane Lewis og Harris som i røynda er <i>ei</i> øy, berre delte frå kvarandre med eit smalt eid.

Utsyn mot sør frå det høgaste fjellet på Hebridene, Cliseam, 799 moh. Fjellet ligg sør på øyane Lewis og Harris som i røynda er ei øy, berre delte frå kvarandre med eit smalt eid.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Namnet

Førenamnet Ketil eller Kjetil er av norrønt opphav og tyder kjel (kokekar). (Her brukar me forma Kjetil med j). Mange etternamn i vikingtida uttrykkjer fysiske kjennemerke ved ein person eller eigenskap, så som Harald Hårfagre, Inge Krokrygg og Aud eller Unn den djuptenkte. Flatnef eller Flatnev er eit slikt namn. Det tyder flat nase - Kjetil Flatnase.

Stor viking

Anders Skåsheim fortel mellom anna dette om kven han var, denne Kjetil Flatnev som det hadde vore usemje om:

"Vikingkongen Ketil Flatnev er ofte nemnd i soga vår på den tid Harald Hårfagre rådde i landet [ca 860-ca 940]. Ketil var son til hersen [herse: hovding] Bjørn Buna, og Ketil vart sjølv herse. Han vart tidleg ein stor viking, og han vann seg mykje makt på vesterhavsøyane. Aud [den djuptenkte], dotter hans, vart gift med Olav Kvite, og ho vart soleis dronning i det norrøne vikingriket i Dublin."

Eintydig utsegn frå islandsk vitskapsmann

Sogning eller romsdaling? Det var dr. phil Johan Horstad som hadde skapt uro. Han hadde skrive at Kjetil Flatnev var herse i Romsdal, og vist til at så står det i den islandske ættesoga Laksdøla. Einkvan hadde skrive til Horstad og sagt frå om at Laksdøla ikkje er heilt å lita på, men Horstad hadde stått på sitt. Dei hadde då teke kontakt med fleire "kjende" vitskapsmenn, mellom dei islendingen Sigurdur Nordal, som då var Islands ambassadør i Danmark. Nordal var rekna som den mest kunnige på norrøn soge og bokheim.

Nordal sitt svar var ikkje til å misforstå: "Om Buna-ættens hjemstavn kan man ikke sige noget nærmere efter kilderne end at den stammer fra Sogn. - En sammenblanding af Ketill-navnet i Romsdal og Ketil Flatnef beror på en misforståelse i Laxdæla."

Kjelder

Vitskapsmannen Nordal viste til "kilderne". Med det meinte han truleg det skriftlege kjeldematerialet der det finst opplysningar om Kjetil Flatnev, - dei originale, islandske "sagaskriftene" (mest slektssoger) og andrehaldskjelder som avskrifter og trykte bøker der det er skrive noko om Kjetil Flatnev.

Kjetil Flatnev levde på 800-talet, det vil seia før det utvikla seg ein skriftkultur i landet. Dei originale kjeldene vart først skrivne fleire hundre år etter mannen levde. Historieskrivarane på Island bygde på munnleg tradisjon, slikt folk hadde høyrt og fortalt vidare. Opplysningane i ulike kjelder er av og til motstridande. Skåsheim skreiv litt om kven Kjetil Flatnev var. Me skal ta med kva det står om han i nokre andre "kjelder", også eit par døme frå Hebridene.

Om Kjetil Flatnev i Norsk Allkunnebok

"Son til sognahersen Bjørn Buna, og etter Laksdøla herse i Romsdal, ein av dei mange hovdingane som etter sagatradisjonen flydde frå Noreg som fylgje av det strenge herredømet til Harald Hårfagre. Etter "Laksdøla" nekta Kjetil Flatnev å fylgja framlegget frå sønene om å dra til Island, med desse orda; "Til den fiskestaden kjem eg aldri på mine gamle dagar". Etter denne kjelda slo han seg ned i Skottland. Etter Øyrbyggje soga" vart han hovding på Sudrøyane [Hebridene]. Kjetil Flatnev var far til Aud den djuptenkte."

Om Kjetil Flatnev i Store Norske Leksikon

"Ketil Flatnev, norrønt Ketill Flatnef ("Flatnese"), annen halvdel av 800-tallet, norsk vikinghøvding fra Sogn, styrte Sudrøyene (Hebridene) fra midten av 800-tallet. Gjennom sønner og døtre som drog til Island ble han stamfar til store slekter der."

Andreas Holmsen i Norges historie, 1961

"Den mektigste nordmannen på Sudrøyane i 9. århundre [800-talet] var Ketil Flatnev, sønn til hersen Bjørn Buna i Sogn. Han kom dit ut før 850 og ble igjen da de fleste av hans ætt en menneskealder etter dro til Island; Han ville ikke ut til "det fiskeværet." En datter av Ketil ble gift med Olav Hvite i Dublin, og hans barn og frender ble på Island regnet for høvdinger av første rang, så det kan lyde rimelig når Landnåmabok sier om Ketil selv at "han la under seg alle Sudrøyer og gjorde seg til høvding over dem."

Om Kjetil Flatnev lokalt

I den lokalhistoriske litteraturen står det om Kjetil Flatnev fleire stader. Her tek me med to tilvisingar (sjå fullstendige tilvisingar nedanfor).

Amund Helland, 1900:
Dette er eit tobindsverk om Nordre Bergenhus Amt der det står eit kapittel på 88 sider om "Forhistorie" og "Historie". Forfattaren fortel om hersar i Sogn og trekkjer særleg fram Bjørn Buna. "Sannsynligvis" heldt han til i Ytre Sogn, nær Kyrkjebø og Måren av di sonesonen Bjørn, hadde namnet Høyangsbjørn etter Høyangsfjorden. Høyangsbjørn ser ut til å ha vore den einaste av slekta som vart att i Noreg etter at dei andre var farne til "Suderøerne eller Island." Om sønene hans får me høyra at Ketil Flatnev er den mest vidgjetne.

Bygdebok for Kyrkjebø, 1963:
Boka har eit eige kapittel om Bjørn Buna og ætta hans og ættetavle frå omkring 650 til George Washington (1732-1799), første president i USA. Her og er ei forteljing om Kjetil Flatnev med Landnámabok som kjelde. Etter denne kjelda reiste Kjetil Flatnev vestover og sette sonen sin Bjørn til å styra med eigedomane sine i Sogn. Kjetil vart ein stor hovding og la under seg Suderøyane.

Hebridene - Sudrøyane

Øygruppa Hebridene ligg vest for Skotland og strekkjer seg kring 180 km i nordaust-sørvestleg retning. Sundet eller havstykket mellom det skotske fastlandet og Hebridene heiter The Minch. Det vart vikingane si sjølei sørover frå Orknøyane på vestsida av det britiske fastlandet. På Hebridene nemner dei gjerne tidsbolken frå ca 800 til til 1266 som "The Vikings" eller "The Norse periode". Det siste årstalet knyter seg til freden i Perth då norskekongen vart tvinga til å avstå overherredømmet over Hebridene til skottekongen.

Vesterhavsøyane vart brukt som namn på alle øyane og øygruppene i Vesterhavet som frå tid til anna meir eller mindre var under norrøn påverknad i viking-perioden. Hebridene vart kalla Sudrøyane til skilje frå Orknøyane og Shetland lenger nord. Eit interessant spor etter lekken Sudr finst framleis i namnet på eit britisk bispedøme, Diocese of Sodor and Man. Hebridene høyrer ikkje med til bispedømet lenger, men Sodor heng att i namnet frå den tida øygruppa var ein del av bispedømet.

Busetjing

Ein reknar gjerne at åtaket på Lindisfarne kloster på den engelske austkysten i 792 var starten på vikingtida i det området som no utgjer Storbritannia og Irland. Mykje talar likevel for at vikingar var tilstades i Vesterhavet lenge før åtaka på kyrkjer og kloster i første halvdel av 800-talet. Holmsen skriv: "Vi må regne med norsk utflytting til Hjaltland [Shetland] og Orknøyane alt i merovingertiden [550-800 e.Kr.] og nå våger enkelte flokker seg videre derfra - langs Storbritannias kyster mot de rikere egnene i sør."

Hebridene blei og ein del av "The Norse World", som ein stad å herja og røva, som opphaldsplass mellom raids andre stader, og etter kvart som eit område der vikingane busette seg, dyrka jorda og dreiv handel, og ved giftarmål blanda seg med folket som budde der frå før. Stadnamn av norrønt opphav eller med norrøne element vitnar om stor påverknad, særleg på den største øya i nord, Lewis og Harris. Derimot er det arkeologiske materialet førebels heller sparsamt, men det aukar med nye funn og nye utgravingar.

 

kjelder:

Armit, Ian: The Archaeology of Skye and the Westrn Isles. Edinburgh 1996.
Thompson, Francis: Lewis and Harris. History and Pre-History. Edinburgh 2005.
Holmsen, Andreas: Norges Historie. Fra de eldste tider til eneveldets innførelse i 1660. 2. opplag. Oslo-Bergen 1964.
Førsund, Adolf - Førsund, Sigurd: Bygdebok for Kyrkjebø. Band 2. 1963.
Helland, Amund: Topgrafisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Band 1. Kristiania 1901.
Høyanger Folkeblad. 08.12.1956.
Informasjon frå:
Diocese of Sodor and Man, 17.01.2007

PERMANENT IDENTIFIKATOR