Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vikingperioden i Irlandssoga på frimerke



Det irske postverket har tre frimerke-utgåver med tilknytning til vikingperioden i landet si soge, den eine i høve 1000-årsmarkeringa for Dublin i 1988, den andre i høve tusenårsmarkeringa for irsk myntslaging i 1997, og den tredje i 2014 i høve slaget ved Clondarf 23. april 1014. Sogn og Fjordane hadde samband med Irland i vikingtida.

<p>Dublin-tusen&aring;rsfrimerket p&aring; fyrstedagskonvolutt som er illustrert med vikingskip og vikingtid-bygningar. Husa ligg tett i tett og det det ryk fr&aring; somme av dei. Her m&aring; leggjast til at byggem&aring;ten i hovudtrekk ikkje skil seg ut fr&aring; vanleg byggem&aring;te hj&aring; irarane sj&oslash;lv. Ei teikning av eit rekonstruert bygninsglandskap slik ein meiner det kan ha sett ut kring Clonmacnoise-klosteret midt inne i landet fr&aring; nokolunde same tida, syner dei same hovudtrekka, rektangulere hus med avrunda hj&oslash;rne i lett og ikkje s&aelig;rleg lengevarande byggevyrke.</p>

Dublin-tusenårsfrimerket på fyrstedagskonvolutt som er illustrert med vikingskip og vikingtid-bygningar. Husa ligg tett i tett og det det ryk frå somme av dei. Her må leggjast til at byggemåten i hovudtrekk ikkje skil seg ut frå vanleg byggemåte hjå irarane sjølv. Ei teikning av eit rekonstruert bygninsglandskap slik ein meiner det kan ha sett ut kring Clonmacnoise-klosteret midt inne i landet frå nokolunde same tida, syner dei same hovudtrekka, rektangulere hus med avrunda hjørne i lett og ikkje særleg lengevarande byggevyrke.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Longphorts - basar

Etter at skandinaviske vikingar, dei aller fleste frå Noreg, tok til med herjeferder i Irland på slutten av 700-talet etter prinsippet hit and run, byrja dei etter kvart å slå seg ned, for kortare eller lenger tid. Etter irske annaler tok dei frå 839 til å byggja longphorts, som var basar med forsvarsverk for å bu og for å driva ymse slag verksemd i nærområdet eller lenger unna, til dømes herjeferder. Fleire slike stader er no store byar, så som Dublin, Limerick og Waterford.

Det fyrste viking-settlementet i Dublin

Den fyrste overvintringa ved Dublin fann stad i 841. Dette var den andre longhport i landet, og sjølv om arkeologane ikkje har funne viking-leivningar som med visse kan daterast så langt attende, vitnar det skriftlege kjeldetilfanget om eit ubrote viking-prega Dublin frå midten av 800-talet. Året 988 er fastsett som offisielt grunnleggingsår då ein irsk konge erobra byen.

Bygningar gjennom 1000 år

Tusenårs-frimerket for Dublin er laga av Stephen Conlin. Han uttrykkjer seg med bygningar frå ulike periodar i byen si soge. Dei er samansette i kronologisk rekkefylgje frå venstre mot høgre. Den bygningsmessige bysoga startar med eit vikingskip og eit lite rundt hus med kjegleforma tak. Bygningen representerer husa i Viking-Dublin som ein har fått godt kjennskap til etter omfattande utgravingar i Wood Quay-området og svært rike funn frå perioden 950-1100.

Den første, eller ”eldste” bygningen på frimerket er eit eit høgt steintårn. Med dette får kunstnaren fram at området ved utløpet av Liffey-elva ikkje var folketomt før vikingane kom. Desse rund towers er typiske for Irland, og vart bygde i ein periode med ufred og herjing som forsvarsanlegg ved kloster og nærliggjande busetnad, klosterbyar

Kunstnaren har teke med fleire kyrkjer. Den fyrste store til venstre er Christ Church Cathedral, innvigd i 1038. Den norsk-ætta Dublin-kongen Sigtrygg III Silkeskjegg (ca 980-1042) har fått namnet sitt knytta til denne kyrkja. Han skal ha gjeve byggjegrunn og store gåver.

Irsk mynt 997

Sigtrygg III Silkeskjegg var konge i Dublin frå 989, men måtte heile tida kjempa for herredømmet, og i år 1000 måtte han erkjenna den irske Brian som overkonge. Denne tredje Sigtrygg ætta frå Ivar Gudrødsson som var konge i Dublin på 800-talet. Sigtrygg III Silkeskjegg er også kjend for at han i 997 laga dei fyrste myntane i Irland. Dei vart laga med importerte pregestempel frå England, som vart endra noko på for å få med kongsnamnet eller namnet på byen eller begge deler.

Mynt-frimerket

Frimerket til markering av irsk mynt i 1000 år kom ut i 1997. På utgjevingsdagen kom og ut ein fyrstedagskonvolutt med historisk informasjon. I tillegg til opplysning om at det var den norske Dublin-kongen Sigtrygg III som fekk laga og sette i sirkulasjon dei fyrste irske myntane, vert hendinga halden fram som eit positivt bidrag til Irland frå vikingane, The Norse men som samtidige annalistar berre måla med svarte fargar. Informasjonen sluttar med at the old image of the viking as a plunderer and brigand has been replaced with more balanced view of trader and craftsman.

Arven frå vikingtida

Den 23. april 1014 stod slaget ved Clondarf, ein stad ikkje langt frå sentrum i noverande Dublin. På den eine sida stod irske hærmenn under leiing av Brian Boru, på den andre sida ein hær med for det meste vikingar. Vikinghæren tapte, og hendinga har vorte rekna som vendepunkt i «the Norse dominance» i Irland.

Tusen år etter, den 24. april 2014, vart hendinga markert med frimerkeutgåva «Viking Heritage», til ære for ("in honour of") landet si rike «Viking history» og den store innverknaden «the Vikings» hadde i Irland. Det irske postverket skriv også:

«Very importantly for Ireland, the Vikings established ports at Dublin, Waterford, Wexford, Cork and Limerick which are some of our biggest port cities today.» (…)

Sogn og Fjordane - Irland

Vi har mange vitnemål om hopehav mellom Sogn og Fjordane og Irland. Egilssoga fortel om Brynjulv herse i Aurland og sonen Bjørn. Faren rusta ut eit handelsskip til sonen og rådde han til å fara til Irland. Han sa: "Det er mi meining, Bjørn, at du skal sigla søretter til Dublin, den ferdi likar eg best."

Ættesoga Laksdøla fortel om Unn eller Aud den djuptenkte. Ho var dotter til Kjetil Flatnev, vikingsjøkonge frå Sogn som eit tid hadde tilhald på Hebridene. Unn eller Aud vart gift med Olav Kvite, konge i Dublin 853-871. Etter at ho vart enkje reiste ho med følgje til Skotland, seinare til Island der ho vart landnamskvinne i Laksdal.

kjelder:

The Course of Irish History (2001, revised edition)/

Opplysningar i epost, 12.11.2014, frå Liv Helga Dommasnes, Universitetet i Bergen

PERMANENT IDENTIFIKATOR