Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein over første ordføraren i Kinn



På sørsida av Kinn kyrkje står ein minnestein over den fyrste ordføraren i Kinn, Elias N.H. Skorpeide. Steinen har ei lang historie. Ei tid låg han opp ned som dørhelle ved inngangsdøra i nordveggen.

Kinn kyrkje 2007. Minnesteinen over den fyrste ordføraren i Kinn står på sørsida av kyrkja.

Kinn kyrkje 2007. Minnesteinen over den fyrste ordføraren i Kinn står på sørsida av kyrkja.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Kommunehistorikk

Kinn kommune vart oppretta i 1837. Kommunen var identisk med Kinn prestegjeld. I 1860 vart Florø skilt ut som ladestad (by). I 1864 vart Bremanger kyrkjesokn skilt ut som eige prestegjeld og i 1866 som eigen kommune. I 1923 vart Eikefjord og Bru skilde frå som eigne kommunar. I 1964 vart kommunane Kinn, Florø, Bru og Eikefjord slegne saman til Flora kommune.

Steinen

Ordførarsteinen på Kinn er av ein finkorna, grønleg bergart med slipt framside og bakside. Steinen er om lag 120 cm høg, 52 cm brei og 18 cm tjukk. Det er innskrift på begge sidene, men overgroing gjer at innskriftene er vanskelege å lesa. Steinen er festa i eit betongfundament.

På framsida står:

ELIAS. N.H. SKORPEIDE
FØD 1796
DØDE 1844
FYRSTE ORDFØRAREN
I KINN
1837 – 1839
 

Merknad: Innskrifta på framsida er todelt: a) namn, fødselsår og dødsår, og b) opplysning om kven mannen er. Skriftteikna på første delen er ikkje så godt forma som skriftteikna i siste delen. Siste delen er på nynorsk. Det er sannsynleg å slutta at første delen er den opphavlege innskrifta og at den andre delen er sett til seinare.

På baksida står:

STEINEN ATTEREIST
AV KINN KOMMUNE
1937

Magnus Seim

Den 30. juli 1953 hadde florøavisa Firda Folkeblad eit stykke under overskrifta Gravi hans Elias Skorpeide. Det var skrive av signaturen ”M.[Magnus] N. Seim”. Magnus Seim (1872-?) var gardbrukar og laksefiskar på Kinn. Han var næraste nabo til Kinna-kyrkja og ein historisk interessert mann. Magnus Seim var medhjelpar då kyrkja vart restaurert i år 1910-1911. Han skreiv seinare eit lite hefte om Kinna-kyrkja.

Kom for ein dag i 1910-1911

Seim fortel at då dei restaurerte kyrkja i 1910-1911 måtte dei flytta ein flat stein som låg utanfor inngangsdøra på nordsida av kyrkja. Det synte seg då at det var ein gravstein med innskrift på undersida: ”Elias. N.H. Skorpeide, fød 1796, døde 1844”

Sett til sides

I 1912 vart steinen sett til sides attmed kyrkja. Ingen kunne med visse seia kor grava til Elias Skorpeide var. Men folk i slekta meinte det var eit stykke frå kyrkja på nordsida. Ingen hadde noka forklaring på korleis det hang saman at steinen var plassert som stein for inngangsdøra, om det hadde med gammal tru å gjera, at det var ein symbolverdi i at han vart lagd under ufsedråpane frå kyrkja, eller berre fordi han høvde som ”tritt” (stein til å trø på ved inngangsdør).

Kommunejubileum 1937

I 1937 feira kommunane 100 år. Magnus Seim tykte det høvde å markera jubileet for formannskapslovene ved å reisa ordførarsteinen på ein passande stad; - ”på den frie plassen, tilsides for Stordøri, hovudinngangen i Vestgavlen.” Vidare føreslo han å hogga inn ei innskrift på framsida: ”Fyrste ordføraren i Kinn” og på baksida: ”Steinen atterreist av Kinn Kommune 1937.”
Og ”Dette vart gjort”, skreiv Magnus Seim i 1953.

Spor i møtebok

Møteboka til formannskapet og kommunestyret i Kinn stadfester Seim si utgreiing. I 1937 finn me to innførsler om ordførarsteinen, 26. februar og 16. august. I februar vart det, etter framlegg frå Magnus Seim, vedteke å ”verna um gravsteinen åt Elias H. Skorpeide som var fyrste ordføraren i det gamle Kinn.” Det vart vald ei nemnd til å ta seg av saka vidare: Magnus Seim, Bernhard Skorpen og M. Eide.

I august vart det vedteke å sjå nærare på saka i samband med eit møte som skulle haldast på Reksta seinare om hausten. Det ville då ”høve å taka ein tur til Kinn med det same”. Dette møtet vart halde i Klokkargarden på Reksta 11. oktober, men noko om Kinn og ordførarsteinen står det ikkje notert noko om.

Oppsummering

Minnesteinen over første ordføraren i Kinn, Elias H. Skorpeide, som no (2009) står på sørsida av kyrkja, var opphavleg ein gravstein. I 1910-1911 kom steinen for ein dag som dørstein framfor inngangsdøra på nordsida av kyrkja. Steinen vart sett tilsides ”attmed kyrkja”. I 1937 vart steinen attreist på vestsida, ikkje langt frå hovudinngangen. Det vart ordna med tilleggsinnskrift, på framsida og baksida. Etter alt å døma vart steinen flytta frå denne staden i samband med omfattande endring av kyrkjegardslandskapet i 1984 til noverande stad.


 

kjelder:

Firda Folkeblad, 30.07.1953
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Kommunearkivet for Flora: Kinn kommune, formannskapet, møtebok 1934-1938

PERMANENT IDENTIFIKATOR