Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskeværet Torskangerpollen



På vestsida av Vågsøy, i den inste delen av Kvalheimsvika, som smalnar av og vender sørover, ligg fiskeværet Torskangerpollen. Frå midten av 1800-talet samlast folk frå store delar av Nordfjord her til vintertorskefiske. Det vart bygt mange sjøbuer, eller havstover som dei òg vart kalla. Det særprega fiskeværet står der enno, men havstovene husar ikkje lenger fiskarar.

Det er ikkje heilt slutt på fisket i Torskangerpollen, men det er ikkje i nærleiken av kva det var i perioden 1890 til 1920. Her ser me rekkja med sjøbuer, havstover og naust sett frå inst i pollen og utover med Kvalheim i bakgrunnen.

Det er ikkje heilt slutt på fisket i Torskangerpollen, men det er ikkje i nærleiken av kva det var i perioden 1890 til 1920. Her ser me rekkja med sjøbuer, havstover og naust sett frå inst i pollen og utover med Kvalheim i bakgrunnen.

Eigar: På internettsida www.fichtenbuck.de.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Ukjend.

Torskefiske

Kvalheimsvika og Torskangerpollen var dei beste fiskeplassane for vintertorskefisket i distriktet. Nesten årleg kom torsken inn i store mengder og mange sunnmøringar og folk frå heile Nordfjord strøymde hit for å delta i fisket. Fleire hadde sine eigne båtlag og ein del dreiv som leigekarar hjå båteigarar i sjøbygdene. I fiskesesongen hadde mange båtlag frå indre delar av Nordfjord fast tilhald i Vågsvåg og Torskangerpollen. Dei hadde eigne hus her som dei kalla havstover, men det fanst også dei som leigde seg inn hjå fastbuande. I dei åra fisket var årvisst og godt, var det mange nordfjordingar som eigde havstover på bygsla eller hevdvunnen grunn. Ei tid var det rett mange av dei.

Bilete av Torskangerpollen i inste delen av Kvalheimsvika.

Bilete av sildeopptak, med Kvalheim i bakgrunnen.

Havstover på bygsla grunn

Det eldste bygselbrevet ein kjenner til frå Vågsøy er skrive ut av Peder P. Bang 6. september 1756 til Rasmus Josephson og gjaldt hus, båtnaust og eit stykke utmark i garden Våge. Torskangerpollen er ein del av garden Våge. Dei yngste bygselbreva er skrivne ut så seint som 1914-15. Då var det eit båtlag frå Alsåker og Hundeidet i Eid som fekk bygselbrev på ei tuft til havstove og båtstø på Myrestrand i Torskangerpollen. Tufta var på 9 x 5 alner med båtstø på sørsida og ein platting på nordsida. Grunnavgifta var 8 kroner året.

Det var elles handelsmannen i Vågsberget, Peder P. Tonning (1738 - 1811), som for alvor sette fart i utbygginga av fiskeværet i Torskangerpollen. I perioden 1772 - 1784 bygsla han bort grunn til sju havstover. Men det kan ha vore fleire. Dødsbuet til Tonning i 1812 bygsla bort fire tufter. Ettermannen hans på Vågsberget heldt fram med bortbygslinga, og i tida mellom 1812 og 1823 skal det ha vorte bygsla bort 20 tufter til havstover. Dei fleste til båtlag frå Eid. Innhaldet og vilkåra er svært like for alle desse bygslebreva. Mellom anna tok grunneigaren som regel unna forkjøpsrett til husa.

Bilete av dei fyrste verkelege havstovene.

Godt fiske 1890 - 1920

Den eldste havstova ein kjenner til i Torskangerpollen er den som brørne Anders og Ingebrigt Kråkenes bygde i 1863. Det var eit sjøhus med losjement i andre høgda. Det var både båtnaust, skjåer og sjøbuer her før 1863, men dette var den fyrste med såkalla losjement.
I perioden mellom 1890 og 1920 gjekk det føre seg eit eventyrleg torskefiske i Torskangerpollen og Kvalheimsvika. Talet på havstover auka kraftig i denne perioden, og i byrjinga av 1920-talet stod det 46 sjøbuer, åtte båtnaust og 20 bustadhus med uthus i Torskangerpollen. På 1920-talet minka det årvisse torskefisket og talet på tilreisande fiskarar gjekk sterkt attende. Etter denne tida har det ikkje vore noko storfiske i Pollen. Sjøbuene og havstovene vart ståande ubrukte og utan tilsyn. Forfallet sette inn, slik at det i dag er mange mosegrodde grunnmurar som minner om at her har stått fleire havstover, sjøbuer og naust. Ein stor del av havstovene er likevel tekne vare på. Dei som står att minner oss om farne tider - ein tidbolk av fiskarhistoria vår.

Bilete av sjøbuene på Torskangerpollen.

Måløykollektivet

Ein del av havstovene vert i dag leigde ut til turistar på rorbuferie, men nokre vert nytta som behandlingsstad for ungdom med rusproblem. Måløykollektivet er privat eigd og er ein del av Stiftelsen Klokkergården, som har hovudsete på Arneberg i Hedmark. Kollektivet tek imot born og unge med åtferdsvanskar og har i alt sju ungdommar her til ei kvar tid.

Bilete av nokre havstover som i dag blir nytta til utleige for rorbuturistar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy - Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo 1957.
Vold, Svein L.: Handelsstaden Vågsvåg - fiskeværet Torskangerpollen. Artikkel i Jul i Nordfjord, 1973.
NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon: Torskefiskeriet.
Myre, R.: Velkommen til Vågsøy og Torskangerpollen.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Tilsyn med barneverninstitusjonane - årsrapport 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR