Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Bremanger kyrkje



Bremanger kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Hauge, inst i Bremangerpollen i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart vigsla 4. september 1914 av biskop Johan Willoch Erichsen. Entreprenør Anders Karlsen frå Eid laga teikningane. Bremanger kyrkje er soknekyrkje for Bremanger sokn i Bremanger prestegjeld.

Bremangerpollen annekssokn vart oppretta frå 1. juli 1908. På seinsommaren i 1914 stod Bremangerpollen annekskyrkje ferdig.

Bremangerpollen annekssokn vart oppretta frå 1. juli 1908. På seinsommaren i 1914 stod Bremangerpollen annekskyrkje ferdig.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Annbjørg Hauge Nygård.

Eige kyrkjesokn frå 1908

Fekk dei kyrkje i si eiga bygd ville mange fleire få høve til å høyre Guds ord. Det var det viktigaste argumentet for nordbygdingane då dei i 1890-åra starta arbeidet med å få reist ny kyrkje i bygda, etter at dei hadde vore utan eiga kyrkje sidan kyrkja på Grotle vart riven i 1865. Og for det argumentet måtte også presten til slutt bøye av.

Etter at kyrkjestaden vart flytta frå Grotle til Frøya hadde dei fått ein stri kyrkjeveg, meinte folket lenger nord på øya. Sjøvegen rundt Novene gjorde at folk kvidde seg for å reise til kyrkje, og løysinga vart etter ei tid at gardane frå Vetvik til Nøtset vart skilde frå hovudsoknet med eiga kyrkje på Hauge, inst i Bremangerpollen. Bremangerpollen annekssokn vart oppretta frå 1. juli 1908, og få dagar seinare vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk. Frå Vetvik vart kyrkjevegen framleis meir enn lang nok. Var det ikkje farande på sjøen måtte dei gå i tre timar over fjellet.

Interiøret

På seinsommaren i 1914 stod Bremangerpollen annekskyrkje ferdig. Steinen til grunnmuren var henta i fjellet rett ovanfor kyrkjestaden. Den hadde bygdefolket teke ned på dugnad, og også transporten av alle trematerialane vart utført av folk som sokna til den nye kyrkja. Mannen som tok på seg byggjearbeidet skulle ha 30 000 kr for å få arbeidet utført, og då kyrkja stod ferdig sat han att med tap.

Utvendig har kortilbygget i Bremanger kyrkje same oktogonforma som Frøya kyrkje. Innvendig er altertavla ein annan fellesnemnar, men her er motivet måla mørkare og dessutan har ramma andre fargar. I koret er der små vindauge oppe på veggene mot skipet og to store vindauge i spissbogeform nærast altertavla med glasmåleri av dei fire evangelistane. Glasmåleria var tidlegare plasserte oppe på korveggen, men flytta til korvindauga i 1929 og samstundes supplert med fleire glasmåleri. Dei fire vindauga på kvar side i kyrkjeskipet har same forma som vindauga i skipet.

Veggene i koret er gulmåla med brystning i ein mørk raudfarge, medan brystninga i skipet er måla grå i stil med kyrkjebenkene. Det kvelva kyrkjetaket er nedfelt og flatt ut mot sidene. Kraftige berekonstruksjonar går heilt opp i sidetaka, to av dei er delvis innebygde i galleriet. Dei boga konstruksjonane mellom søylene og ut til sidene har mørkeblått som hovudfarge. Eit særpreg i fargevalet er også dei fiolette benkesidene.

Namnestrid

Bremanger kyrkje vart måla opp att i 1952 med fargane ho har i dag. Til 50-årsjubileet i 1964 var det komme på plass elektrisk varme. Utvendig er kyrkja eit flott syn og særleg legg ein merke til det uvanleg flotte tårnet. Avslutninga både på tårnfoten og tårnhalsen har gavlar ut mot sidene med små kvite krossar øvst på dei små møna. Dei små sakristia på kvar side av koret er bygde pent inn i kvar sine hjørne.

Bremanger kyrkje er den tredje i rekkja på Bremangerlandet som har dette namnet. Ho er den fyrste som er plassert midt i bygda og den kyrkja som slik sett best har fortent nemninga. Namneskiftet frå Bremangerpoll annekskyrkje til Bremanger kyrkje vart gjort gjeldande frå 1. januar 1953, etter ein namnestrid som toppa seg på slutten av 1940-talet. Kyrkja på Frøyalandet vart likevel verande hovudkyrkje i prestegjeldet sidan prestegarden låg der.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1914 er laga av ein ukjend kunstnar. Motivet er nattverden, og teksten "Til minne om meg" er henta frå Jesu innstiftingsord. Opphavleg var innskrifta "Til min ihukommelse". Idealistiske landsmålstilhengarar fekk forandra teksten til kyrkja vart vigsla i september. I november kom det brev frå Stiftsdireksjonen i Bjørgvin om at den opphavlege teksten måtte på plass. Ei plate vart så måla og festa utanpå den fyrste. Slik stod det til 1940 då plata vart fjerna og den nynorske teksten kom fram att.

Antependiet frå 1980, er laga av Kari Egeland. På alteret står i alt fire lysestakar, to er i sølv og frå 1964. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje, og ei vinkanne frå 1953, alle i sølv. Glasmåleria i korvindauga er frå 1920-åra. Dei har bilete av dei fire evangelistane. Preikestolen er truleg frå 1912. Døypefonten er truleg frå 1914. Dåpsfatet er frå 1911. Dåpsmugga er utan dato.
Orgelet frå 1965 har 15 stemmer, og er laga av Vestre Orgelfabrikk. Kyrkjeklokka frå 1914, er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS, og har innskrifta "Ære være Gud i det Høieste".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR