Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Høyanger kyrkje



Høyanger kyrkje er ei langkyrkje i betong som står på Sæbø i Høyanger tettstad. Kyrkja, som har 374 sitjeplassar, vart vigsla 11. september 1960 av biskop Ragnvald A. Indrebø. Arkitektane Arnstein Arneberg og Olav Platou laga teikningane til kyrkja. Høyanger kyrkje er frå 1. januar 1997 soknekyrkje for Høyanger sokn i Lavik prestegjeld, då vart Kyrkjebø sokn delt.

Orgelet.

Orgelet.

Eigar: Høyanger kyrkjekontor.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Gåve frå NACO

Den 11. september 1960 var ein historisk dag for Høyanger-samfunnet. Etter å ha arbeidd med kyrkjesaka i 40-45 år, var dei endeleg komne i mål. Norsk Aluminium Company (NACO) stod for bygginga og overleverte kyrkja gratis til kommunen. Ordførar Albert Hellem meinte at kyrkjegåva var det største som hadde hendt Høyanger, nest etter sjølve starten av industrien.

Høyanger kyrkje er utforma som ein moderne variant av den tradisjonelle 1860-tals basilikakyrkja. Den høgreiste langkyrkja er bygd i betong, og attåt skipet har ho to sideskip. Tårnet på kyrkjeskipet ragar nesten 38 meter til vêrs. Sett frå utsida vert inntrykket av ei stolt og rak kyrkje forsterka av dei smale vindauga i tårnhalsen og sideskipa. Dei fire vindauga på kvar side har alle eit farga motiv i midten: alterkalken, ei stjerne, eit timeglas og krossen. Både tak og tårn er dekt med gudbrandsdalsskifer.

Moderne kyrkje

Innvendig er kyrkja kvitkalka, og golva er av raude teglsteinfliser. Vindauga er i antikkglas og har blysprosser. Det mest særmerkte med kyrkja er korveggen bak alteret, eit bogeforma vindauge i småruter som fyller nesten heile veggen. I midten er glasmåleriet av Jesus på krossen.
Det store vindauget syter for rikeleg lys inn mot skipet og kyrkjelyden. Den same bogeforma i eit noko mindre format tener som veggramme for orgelet på galleriet.

Høyanger kyrkje er ei moderne kyrkje, men likevel ikkje ei arbeidskyrkje, ettersom ho ikkje har bruksrom utanom dei som trengst til kyrkjelege handlingar. I kjellaren er der eit lite bårerom, med heis opp til kyrkjeskipet. Dette er ei svært praktisk løysing, som NACO meinte det var verd å nytte ekstra pengar på. Elles har kyrkja to sakristi og toalett. Høyanger kyrkje vart bygd i ei brytningstid, like før arbeidskyrkjene med sine meir fleksible romløysingar kom på 1970-talet. Likevel har ho eit absolutt moderne preg.

Mange utsetjingar

Alt i 1923 gjekk leiinga ved NACO i gang med å planleggje kyrkje i Høyanger, og året etter låg det føre teikningar til ei trekyrkje av arkitektane Bjercke og Eliassen. Men på grunn av dei usikre økonomiske tidene vart planane lagde på is. I 1932 kjøpte aluminiumsverket kyrkjetomt frå garden Sæbø, og byggjeplanane vart tekne opp att. No ønskte leiinga ikkje lenger å byggje ei verkskyrkje i tre, men i staden ei åttekanta kyrkje i stein. I 1938 starta grunnarbeidet, men det stansa etter kvart opp på grunn av krigen. Om lag ti år seinare vedtok NACO-direksjonen at det skulle utarbeidast nye planar.

Men planane vart utsette grunna økonomisk skiftande tider og endra ønskje om korleis kyrkjebygget skulle vere. I tillegg førte den raske framveksten av industristaden med seg mange andre behov, som bustader, skule, samfunnshus m.m. Det nye industrisamfunnet var i hovudsak tilflyttarar som søkte fellesskap med likesinna, og som skulle finne fotfeste på sida av ein etablert bygdekultur. Den nye arbeidarkulturen som voks fram var nok meir interessert i fagforeiningsarbeid enn kyrkje og misjon.

Del av byplanen

Både kyrkja og brua i Høyanger er oppført rundt 1960, prosjektert av Arnstein Arneberg, ein av dei fremste arkitektane i landet. Kyrkja, brua og byporten står i ein samanheng og set eit sterkt preg på Høyanger sitt bybilete. Opphavleg var kyrkja plassert litt lengre mot vest, framme på terrassen på Sæbø, løfta over byen og fjorden.

Då tilkomsten til Høyanger etter kvart vart flytta frå kaien og båten til Byporten og bilen, valde dei å leggje ein storslått akse mellom Byporten og kyrkja. Kyrkjetomta vart noko endra, og kyrkja dreia slik at våpenhuset stod nøyaktig mot byporten. Denne nye byaksen var eit brot med den opphavlege ideen i byplanen. Tidlegare var bedriftsporten det sentrale punktet i byen, staden alle gatene og aksane hadde sitt utgangspunkt i. Slik gir den stramme aksen mellom Byporten og kyrkja eit godt tidsbilete frå siste delen av 1950-talet. Aksen dokumenterer sterk trua på det moderne, på bilismen, på teknisk utvikling, kombinert med sterk forankring i barndomstrua.

Altertavla

Altertavla frå 1960 er ein kombinasjon av eit stort glasmåleri i austveggen og ein mosaikk under. Glasmåleriet er laga av Borgar Hauglid og framstiller "Kristus på krossen". Tornekrona er uvanleg markert med sterk raud farge. Litt uvanleg er det også at såret er plassert på Jesu venstre side mot tradisjonelt høgre. Mosaikken er laga av Ragnvald Andersen.

Det sentrale motivet er Føniks-fuglen, som etter segna vart fødd på ny gjennom eld. Den opphavleg egyptiske segna vart i oldkyrkja omtolka og nytta som symbol på Kristi siger over døden. I moderne tid har Føniks-fuglen som symbol vorte meir sjeldan, men symbolikken er klar nok: Ved dette alteret vert det liv som Kristus vann ved å gi seg sjølv, som gjennom eld, delt ut, og dei som tek imot vert delaktige i livet som ikkje kan døy. Målaren Ragnvald Andersen har også laga måleriet på galleribrystninga. Fuglane representerer skaparverket som syng til Guds ære. Gudstenesta til kyrkjelyden skjer saman med naturen si gudsteneste. Andersen har også dekorert søylene under galleriet og dekorasjonane i våpenhuset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR