Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fortun kyrkje



Fortun kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fortun i Luster kommune. Kyrkja, som har 230 sitjeplassar, vart vigsla i 1879. Arkitekt Erik Pedersen Rusten laga teikningane. Fortun kyrkje er soknekyrkje for Fortun sokn i Luster prestegjeld.

Fortun kyrkje står i dag på nedsida av vegen som går gjennom bygda. Kyrkjegarden ligg på oppsida av vegen, der den gamle stavkyrkja i sin tid stod.

Fortun kyrkje står i dag på nedsida av vegen som går gjennom bygda. Kyrkjegarden ligg på oppsida av vegen, der den gamle stavkyrkja i sin tid stod.

Eigar: Luster kommune.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Preikesøndag i september

Glasmåleriet i vindauget bak alteret fanga blikket i det vi gjekk inn i Fortun kyrkje. Eit bilete av Kristus, staseleg kledd i blå fotsid kjortel og raud kappe. Venstrehanda kviler mot brystet. Med den høgre gjer han krossteiknet. Vi var dei fyrste som vart helsa velkomne til gudsteneste denne søndagen i september. Ein etter ein kom folk, mest eldre, inn og fann seg plass i kyrkjebenkene. I det dei gamle kyrkjeklokkene byrja ringe, kom ein familie med bunadskledde born oppover midtgangen og sette seg fremst på venstresida. Like etter kom tre ungdommar inn døra, dei var neste års konfirmantar. Dei sette seg så langt bak som råd.

Eit lite dåpsbarn som låg undrande i fanget til mor si, tre ungdommar og ei halvfull kyrkje med nokre gamle og flest godt vaksne menneske, 30-40 sjeler alt i alt, var kyrkjelyden denne søndagen. Medan vi venta på at presten skulle koma inn, sat vi og mønstra den enkle, men stilreine kyrkja. Fargane som går att er gråtonar, rustraudt, grønt og beige. Preikestolen har verken innskrift eller dekorasjonar. Det som stadig fanga blikket var glasmåleriet i korveggen.

Barnedåp

Vi undrast over at folket som bygde kyrkja for over 120 år sidan verkeleg tok sjansen på å montere eit så fint glasmåleri i veggen som vender ut mot vegen. Men når det ikkje er gudsteneste, vert vindauget dekt til med ein solid lem som vernar kunstverket. Det same vert dei to andre vindauga framme i koret.

Så byrja gudstenesta, og orgelmusikken fylte rommet. Presten kom inn, snart song vi alle saman. Vi såg litt på dei rundt oss medan vi song, og tenkte at det var rart å vere på besøk i ei kyrkje vi aldri før hadde sett, hjå menneske vi ikkje visste noko om. Her er det dei som har tradisjonane og fellesskapet. Det er dei som kjenner folket til dei tre ungdommane som etter ei stund måtte fram i koropninga og vise seg for resten av kyrkjelyden. Presten, Geir Paulsen, presenterte ungdommane og sa at han gledde seg til å ta fatt på konfirmasjonsførebuinga. Ungdommane sa ingenting, berre smilte forsiktig.

Så var det tid for preike. Og vi trudde vel at presten tala like mykje til oss som til dei andre i kyrkja då han las frå Salme 116, og minte om at ein del av trua sitt vesen er å leve i takksemd. Det var minneordet han bad oss ta med heim frå kyrkja denne dagen. Så vart vesle Jakob boren til dåpen, og teken inn i Guds kyrkjelyd. Vi song i lag. Føremiddagsstunda i Fortun kyrkje var snart over. På nytt kom det klokkeklang frå tårnet, og heilt til slutt stod presten att på kortrappa og helste adjø med å løfta handa på same vis som meisteren på veggen bak han, ei helsing og bøn om Guds fred.

Kyrkjeklokkene

Då alle var vel ute av døra var det tid for ei lita omsyning oppe i tårnet. Vi hadde høyrt om dei gamle kyrkjeklokkene og ville gjerne ein tur opp og sjå dei. Presten klatra føre, og tre etasjar lenger oppe fekk vi sjå dei to kyrkjeklokkene frå 1200-talet. Den eine har innskrifta "Deo Karitatis" (Miskunns Gud). Frå tårnvindauget er det utsyn mot staden der den gamle stavkyrkja stod, der dei same klokkene gjennom mange hundre år kalla folket saman.

Fortun kyrkje er ei tradisjonell langkyrkje, slik dei vart bygde på andre halvdel av 1800-talet. På kvar side i kyrkjeskipet er der også store vindauge, tre på kvar side, i småruta farga glas.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1879 er eit glasmåleri i det store korvindauget som syner Jesus kledd i blå fotsid kjortel og raud fløyelskappe kanta med sennepsgule band. Under måleriet står det skrive "Ego sum via, veritas et vita" (Eg er vegen, sanninga og livet). I dei små vindaugsrutene på sida av Jesus-figuren er det målt vinrankar. To andre vindauge framme i koret er dekorerte med akantusrankar. På alteret eit krusifiks i metall-legering saman med to lysestakar. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, alle udaterte.

Altertavla frå den gamle stavkyrkja er frå 1630-åra og måla 1692. Ho er no plassert på ein sidevegg i koret. Ei segn fortel at verken altertavla eller kyrkjeklokkene ville fare frå bygda då den gamle stavkyrkja vart rivi og flytta til Fantoft. Hestane greidde ikkje å rikke lasset, før klokkene og tavla var lesst av. Slik vart tavla verande i kyrkja, saman med klokkene. Tavla var opphavleg laga som ei katekismetavle, med tekstar i biletfelta. Bileta syner til venstre Moses og til høgre Kristus. Biletet i toppfeltet syner Kristus på krossen. Preikestolen og åttekanta døypefonten er frå 1879. Fonten, som er laga av Torkjel Asheim, har måla innskrift som er skoren inn på toppen "Lat småborni koma til meg - hindra dei ikkje for Guds rike høyrer slike til. Luk. 18,16." Dåpsfatet og dåpsmugga er begge i sølv og udaterte. To lysekroner frå 1950-åra og 1997.
Orgelet frå 1991 har 19 stemmer, og er bygt av Gunnar Fabricius Husted Orgelbyggeri ApS, Danmark.

Fantoft stavkyrkje 1883-1992

Då den nye kyrkja stod ferdig, fekk Fortidsminneforeininga tilbod om å kjøpe stavkyrkja for 800 kr. Det var for dyrt for foreininga. I 1883 vart stavkyrkja rivi, og ein stor del av tømmeret vart seld til konsul F.G. Gade. Han restaurerte stavkyrkja på garden Fantoft ved Bergen, men kyrkja som vart gjenreist der, var ulik den som stod i Fortun. Utvendig vart den gjenreiste kyrkja utstyrt med drakehovud, takryttar og mønekam, og førebiletet var Borgund stavkyrkje.

Verken vesttårnet eller det tømra koret kom opp att. Fagfolk uttalte seinare at kyrkja vart utsett for ei temmeleg hardhendt restaurering. Men konsulen gjorde nok sitt til at ho vart så lik som råd, problemet var berre at han kom for seint inn i biletet til at han fekk med seg alle delane av kyrkja. Folk i bygda hadde alt kjøpt noko av tømmeret. Døypefonten var seld på auksjon og skal ha blitt nytta som grisetrau. Alterskåpet kjøpte ein annan bonde, som meinte det var høveleg til oppbevaring av korn. Det var også mykje anna av inventaret som kom på bygda og som ikkje følgde med verken over i nyekyrkja, eller med den som vart flytta til Fantoft.

Fortun stavkyrkje var den siste stavkyrkja i Norge som vart flytta. Ho stod på Fantoft fram til 6. juni i 1992. Då sette nokon eld på den gamle stavkyrkja, og ho brann ned til grunnen. Ein kopi av Fantoft stavkyrkje vart bygd opp att på same staden og vigsla 24. august 1997.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR