Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fjærland kyrkje



Fjærland kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden nedre Mundal sin grunn i Sogndal kommune. Kyrkja vart bygd i 1861, etter teikningar av arkitekt Christian Henrik Grosch. Arkitekt Johan Lindstrøm hadde ansvaret for utvidinga av kyrkja i 1931. Kyrkja vart vigsla på ny den 13. august 1931 av biskop Andreas Fleischer, og har no vel 300 sitjeplassar. Fjærland kyrkje er soknekyrkje for Fjærland sokn i Sogndal prestegjeld.

Sideskipa langs kyrkja vart bygt til i 1931, og dermed fekk den tidlegare kvitmåla kyrkja ein heilt ny stil. Raudfargen fekk ho året etter.

Sideskipa langs kyrkja vart bygt til i 1931, og dermed fekk den tidlegare kvitmåla kyrkja ein heilt ny stil. Raudfargen fekk ho året etter.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1970-åra.

Fotograf: Ukjend.

Frå Balestrand til Sogndal

Dei fyrste dampskipa byrja i rutetrafikk på Fjærlandsfjorden i 1861, same året som den nye kyrkja på Mundal stod ferdig like ved kaien. Båten på fjorden var sjølve livsnerven i Fjærland heilt til vegutløysinga kom. Om dei søkte eit offentleg kontor, prest eller ordførar, måtte dei ta turen til Holmen i Balestrand. Eit mangehundreårig hopehav tok slutt då bygdefolket, med få stemmer overvekt, vedtok at frå 1. januar 2000 skulle Fjærland vera ein del av Sogndal kommune.

Frå tarveleg til staseleg

Då kyrkjegranskar Bendix Bendixen vitja Fjærland på 1890-talet, noterte han at her var ei lita og nokså tarveleg trekyrkje, kvitmåla med våpenhus og breie, firesida takryttarar over vestre gavl. Koret var litt smalare enn skipet og var rettvinkla avslutta, bak det låg det låge sakristiet i flukt med kyrkja. Frå fyrst av var kyrkja langt frå så staseleg som ho er i dag. Innvendig var der eit lågt kvitmåla skråtak. Veggene i kor og skip var umåla. Benkene og mykje av inventaret elles var derimot gulmåla. I veggene var der glas med farga ruter øvst i trekanten.

Kyrkja i Fjærland fekk etter ombygging i 1931 det ein kan kalle ein tradisjonell stil. Tidlegare var ho ei kvitmåla, nokså typisk langkyrkje (basilikastil), men fekk ein radikalt endra utsjånad i 1931, då det vart bygt til nye sider langs heile kyrkja. Dermed vart skipet utvida og talet på sitjeplassar auka frå 240 til vel 300. Utvidinga førte også med seg at det vart to små rom på kvar side av koret, avdelte med nokre enkle stolpar. Romma har av fjærlendingane sjølve fått namnet båsane, og er i bruk dei gongene kyrkja er fullsett.

Raudmåla kyrkje ved fjorden

I samband med den store ombygginga i 1932 vart kyrkja måla raud. Den særeigne stilen har stavkyrkjemodellen som førebilete (treskipa), men har ei moderne og forenkla form. Dei tidlegare høgreiste vindauga med spissboge langs sidene vart erstatta av småruta vindauge berre halvparten så store. Forma på tårnet vart også endra i og med at det kopartekte spiret vart erstatta av ei stang med ein kross øvst.

Av alle kyrkjene i fylket vårt er vel Fjærland kyrkje av dei få som nesten har snødd ned. Det skjedde i januar i 1981. Nede ved fjorden låg det 2,20 meter snø på flat mark. Etter kvart som snøen lava ned, voks han over vindauga i kyrkjeskipet. Til slutt kom det lys berre gjennom stripene som var att i vindaugsrekkja opp under taket. Men vegen fram til inngangsdøra vart jamleg moka, og folk kom seg til kyrkjes. Det staselege gudshuset er solid bygt og toler godt dei snøtunge vintrane. Fargen gjer det dessutan til ei triveleg "vinter-kyrkje". Og på ein heilt vanleg, litt grå vårdag, gir ho varme og glød til naturen, dei mektige fjella og Fjærlandsfjorden som bølgjar mot land berre eit lite stykke unna.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1931 er måla av Bernt Tunold. Motivet er "Emmausvandrarane". Dei andre delane av tavla er utført av den lokale kunstnaren Harald Rutle. Tavla har innskrift frå Lukas 24,28-29: "Daa dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger. Men dei nøidde honom og sagde: Ver med oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar. So gjekk han inn og var hjaa dei."

Ei anna altertavle er truleg frå 1861. Denne er ein kross på grøn bakgrunn, som no står i eit rom på høgre sida av koret. Ho vart sett vekk og plassert i sakristiet i samband med utbygginga i 1931, men teken inn att i kyrkja kring 1990.

På alteret står to lysestakar i messing. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv. Preikestolen er truleg frå 1861. Døypefonten er udatert. Dåpsfatet frå 1910, er ei gåve frå mor til ein tysk offiser som omkom i Fjærlandsfjella i 1910 og vart gravlagt ved kyrkja. Dåpsmugga er i kopar.

I koret heng ei seksarma lysekrone i messing, som er det eldste inventaret i kyrkja. Ho vart gitt til kyrkja av ein familie på Berge etter at dottera deira forulukka. I tillegg er her ei 20-arma lysekrone messing i frå 1972. Orgelet frå 1976, og har 14 stemmer, Jørgensen. Kyrkja har to klokker i stål frå 1894, gamleklokka sprakk julaftan 1893. Den eine har innskrift frå Matt. 11,28 og den andre frå Salme 103,2.

Presten var forseinka

Ein høyrer stadig om kor lang veg folk hadde til kyrkje, og frå inst i Fjærlandsfjorden er vegen ut til dei ytste grendene nærare 3 mil. Her kom dei roande like frå Hammersnes på vestsida og Romøyri på austsida. Ein skulle rekne tida godt for å nå fram til gudstenesta starta. Men om kyrkjelyden samla seg til rett tid, så har det fram gjennom tidene gjerne vore verre med presten. Han skulle koma heilt frå prestegarden Lunde i Balestrand, og følte nok den lange kyrkjevegen plagsam til tider. Det vert fortalt at presten stadig var forseinka, noko som òg hende i nyare tid. Det var ei brurevigsle på slutten av 1950-talet og brurefølgjet stod klar attmed kyrja, men ingen presteskyss var å sjå på fjorden. Kva skulle dei finne på? Familien ville gjerne gi dei tilreisande gjestene eit godt inntrykk av bygda, og kom på at dei kunne dryge tida med ei lita omvising oppover dalen og ta turen om Bøyabreen. Då rundturen var omme, kom omsider presten. Brurevigsla gjekk sin gang og gjestene gjorde berre gode miner.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR