Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 25. juni 2020

Sist oppdatert 25. juni 2020

Kategori

Rå-data

Dina Krog Paasche – første kvinne i Luster kommunestyre



Geraldine Helene Fredrikke Krog Paasch (1851-1922), også kjent som Dina Krog, var i 1901 den første kvinna i Luster sitt kommunestyre. Ho kom frå presteslekt og ein familie med stort samfunnsengasjement. Dina var født i Fana i Bergen, men gifta seg med Einar Paasche og flytta til Luster og seinare Sarpsborg.

Distriktslege Einar Paasche (1849-1931) og kona Gerhardine Helene Fredrikke Krog, kjend som Dina Krog (1851-1922). Einar Paasche var tilsett som distriktslege i Luster frå 1886 til 1906, men vart i 1906 utnemnd til distriktslege i Sarpsborg. Dette biletet ser ut for å vera teke seinare.

Distriktslege Einar Paasche (1849-1931) og kona Gerhardine Helene Fredrikke Krog, kjend som Dina Krog (1851-1922). Einar Paasche var tilsett som distriktslege i Luster frå 1886 til 1906, men vart i 1906 utnemnd til distriktslege i Sarpsborg. Dette biletet ser ut for å vera teke seinare.

Eigar: Drægni, Dagfinn

Datering: 1910-1915

Fotograf: Bjerke, Martha

Oppvekst

Dina Krog Paasch var prestedotter frå Fana. Ho kom frå ei solid presteslekt og den kondisjonerte delen av samfunnet. Ho var dotter til stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808 – 1897) og Ingeborg Kristine Endresen (1813-1853). Heimen hennar var prestegarden i Fana der ho vaks opp saman med seks eldre sysken. Faren var stortingsrepresentant i frå 1862 -1864 og hadde avslutta stortingskarrieren då stemmerettsspørsmålet kom på den politiske dagsordenen i 1885.

Det er all grunn til å tru at Dina voks opp i ein heim der samfunnsdebatten var ein del av kvardagen. I den nærmaste Krog-familien finn vi også kvinnesakspionerane Jørgine Anna Sverdrup Krog (kjent som Gina Krog) og Ida Cecilie Thoresen Krog. Sistnemnte var gift med bror til Gina, Fredrik Arentz Krog. Ida Cecilie Krog var Noregs fyrste kvinnelege student, og ei av dei som saman med Gina Krog stifta den fyrste kvinnesaksforeininga i landet, Norsk Kvindesagsforening i 1884. Dette var banebrytande damer som skapte debatt og blest, og det er naturleg å tru at dei radikale ideane og inspirasjonen til Dina kom i stor grad frå slekta.

Det er ikkje mykje ein kan finne om livet til Dina, men i folketeljinga av 1875 er ho og ei eldre syster å finne saman med faren i Fana. Han var prest og enkemann så det er stort sannsyn for at Dina og systera tok seg av hus og heim på prestegarden i Fana fram til ho gifta seg.

Livet vidare

I 1887, 36 år gamal, gifta Dina seg med enkemannen og legen Einar Paasche (1849-1931). Distriktslege Paasche hadde i 1886 busett seg i Dale sokn i Luster, der han budde på garden Nygård og dit flytta Dina inn. Ektemannen hadde to barn på 7 og 9 år då Dina gifta seg med han. Saman fekk dei Olea (1888-?) og Hans (1890-1931). I følgje folketeljinga av 1900 budde enkjefrua saman med Einar og Dina på garden. Der budde også ei pleiedotter, fire tenarar og ein guvernante.

I 1906 vart Einar Paasche utnemnd til distriktslege i Sarpsborg og familien flytta dit og budde der så lenge dei levde. I folketeljinga av 1910 for Sarpsborg kan ein sjå at Olea er lærarinne ved folkeskulen og bur med foreldra i Sarpsborg, mens Hans bur i Kristiania og er student.

Sosial posisjon

Å vere gift med ein distriktslege gav sjølvsagt ein solid sosial posisjon. Garden Nygård, som dei bydde på, låg like ved handelsstaden Døsen, ikkje så langt frå kyrkja og prestegarden. Einar og Dina pleia å ha omgang med folk frå bygdas høgare sosiale lag. Det høgare sosiale sjiktet i nærmiljøet verka å bestå av lensmannsfamilien, prestefamilien, handelsfamilien Døsen og nokre få andre.

På bilde av Dina Krog Paasche er ho ofte avbilda samen med misjonsforeining for betrestilte kvinner. Ein kan sjå på bileta at det var samla mellom åtte til ti kvinner på desse møta, noko som tyder på at den kondisjonerte krinsen ikkje var så stor i Luster. Misjonsforeiningane var kvinnene sin friplass, og misjonsarbeidet var ein moglegheit for å tre ut av den private sfæren og drive med aktiv deltaking i det offentlege rom. Aktiviteten i desse foreiningane gav impulsar og kunnskap både om den store verda, organisasjonsliv og økonomistyring. Det var ikkje berre handarbeid, salmesong og basarar, men også ein arena der ein kunne treffast og samtale om aktuelle saker som til dømes stemmerett og politisk deltaking. Det kan hende ho skaffa seg støtte til det dristige valet her. Dei andre kvinnene i misjonsforeininga var ein slik posisjon at dei kunne stemme for fyrste gong og få med fleire til å støtte ho.

Både Einar og Dina var også aktive i Sogn Sykepleieforening, som sytte føre sjukepleiarar til distrikta. Ein veit ikkje om Dina engasjerte seg i praktisk velgjerdsarbeid med fattige og sjuke i Luster, men ho og ektemannen oppretta eit fond for vanskelegstilte i Luster.

Den fyrste kvinnelege politikaren i fylket

Då Luster kommunestyre konstituerte seg 28. desember 1901, finn vi ei einsleg kvinneunderskrift blant dei 32 representantane. Det var Dina Paasche. Ho vart ikkje berre den einaste kvinna i Luster kommunestyre, men også den einaste i heile amtet. Frå Nordre Bergenhus Amt vart det valt inn 775 menn og ei kvinne dette året. Når vi finn berre ei kvinne her i fylket, så er det symptomatisk for kva samfunn vi hadde ved starten på det nye hundreåret. Til samanlikning vart det valt inn fire kvinner i hovudstaden og seks kvinner i Søndre Bergenhus Amt. 

Banebrytande, men anonym

Dina Krog Paasche har sett få spor etter seg i kjeldene frå Luster. Spørsmåla om korleis ho skaffa seg posisjon til å kome inn i kommunestyret har ein ikkje funne klare svar på. Valstyreprotokollen for Luster 1829 -1961 gjer oss heller ikkje klokare, då den berre omhandlar val til Stortinget. Formannskapsprotokollen seier også lite om kven som stilte framlegg og i kva grad den einskilde representant var meir aktiv enn andre.

I kva grad ho deltok i det politiske liv i Sarpsborg, veit vi ikkje. Vi veit forunderleg lite om ei som var ein pioner i vår politiske kvinnehistorie. Dina Krog Paasche utløyste ikkje noko skred av kvinnelege kommunestyrerepresentantar dei komande åra, korkje i Luster eller andre kommunar i fylket, men må ha sådd små så i at det var mogleg å vere kvinne og engasjere seg i det offentlege skifte.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Formannskapsprotokoll for Luster, 1897-1908


Protokoll for valstyret i Luster, 1829-1961


Store norske leksikon: Krog - slekt etter Lauritz Nielssøn Krog


Lokalhistoriewiki: Liste over de 100 første kvinner i kommunestyrene


Stemmerett for kvinner i hundre år 


SSB, Historisk statistikk: NOS 061­ 


Lokalhistoriewiki: Kvinner og stemmerett


Hoff, Anne Marta (2000). Dale kyrkje 750 år.


SSB, Likestilling.

PERMANENT IDENTIFIKATOR