Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kyrkjestaden Utvær



Kapellet på Utvær vart truleg bygt på 1100-talet. Det var vigd til St. Klemens, vernehelgen for sjøfolk, og det var for desse kapellet var bygt. Kapellet stod på Utvær fram til 1717/1718, då vart det bygt nytt kapell på Husøy.

Biletet er teke mot nordvest, frå den gamle kyrkjestaden på Utvær. Ankeret ligg på staden som i dag vert kalla Kyrkjegarden. Utvær Fyr ruvar i bakgrunnen.

Biletet er teke mot nordvest, frå den gamle kyrkjestaden på Utvær. Ankeret ligg på staden som i dag vert kalla Kyrkjegarden. Utvær Fyr ruvar i bakgrunnen.

Eigar: I Bilete frå Solund.

Datering: 26.05.1996.

Fotograf: Ukjend.

Segn om opphavet

På Utvær, vestlegaste punktet i Norge, stod det frå gammalt ei kyrkje, St. Klemens kapell, som kan hende hadde eit felles opphav med kyrkjene på Selja og Kinn. Det er uvisst når kapellet vart reist. Ei segn fortel at det var eitt av skipa i følgjet til den irske kongsdottera Sunniva som rak i land her. Eit anna skip rak i land på Kinn, og som vi veit, rak Sunniva sitt skip i land på Selja. På kvar av desse stadene vart det bygt kyrkjer.

Opphavet til dette kapellet ytst i havgapet kan også henge saman med dei mange sjøfarande som hadde Utvær som fast møtestad. Kyrkja var vigd til helgenen St. Klemens, som var vernehelgen for sjøfolk. I eldre soger høyrer ein jamleg om hendingar knytt til Solundarhavet, og mest kjend er historia om då kong Harald Hardråde samla den store flòten sin rundt Utvær før han sigla over havet for å hærta England i 1066. Men like ofte som her var hærflòtar, var her handelsmenn som møttest på veg til og frå Island og dei mange øyane i vest.

Vegvisar

Den eldste kyrkja var truleg ei stavkyrkje. På 1300-talet hadde kapellet eigen prest, i følgje Bjørgvin Kalvskinn (ei jordebok frå 1300-talet). Jordeigedom var det derimot smått med, men fram gjennom hundreåra kom det inntekter mellom anna av leigekyr så langt unna som Leikanger i Sogn. Det var også vanleg at dei sjøfarande som brukte kapellet som siglingsmerke gav sine faste bidrag.

Den vêrharde plasseringa på staden som framleis har namnet Kyrkjehaugen, gjorde at kapellet stadig måtte reparerast. Likevel stod det på rett plass for eit kyrkjehus å vere. Det tente som ein vegvisar i dobbel forstand, der det stod godt synleg frå skipsleiene både over Straumsfjorden og kystleia i vest. I 1666 skal kapellet ha vorte plyndra av skotske sjøfarande. Dei slo ut vindauga og tok endåtil med seg alterduken. På denne tida stod det så dårleg til med sjølve bygget at taket ved eit høve bles av. Fleire gonger høyrer ein om at både skip og kor måtte "skruast opp". Og preikestolen må ha vore godt ròten ettersom han ein gong skal ha ramla i golvet.

Presten stod bak flyttinga

Synfaringa i 1686 fortel at Utvær kapell då var ei lita tømmerkyrkje der skipet var 7 x 6 m, koret 4 x 4 m og våpenhuset 2,4 m i firkant og like høgt som kyrkja. Kyrkja hadde då svært få gudstenester om året, og var svært farleg å koma til. Kyrkja var i dårleg stand utvendig, og hadde mellom anna ikkje vore tjørebreidd på mange år. Taket var mosegrodd, og kyrkjeverje Oluf Husøen fekk så dårleg skussmål at han mista jobben. Utbetringa på søre side av kortaket, var så uforsvarleg at det var betre ugjort enn gjort.

Kapellet vart flytta frå Utvær i 1717 eller 1718. I følgje kyrkjeboka var fyrste gudstenesta i Husøy Kristi Himmelfartsdag i 1718, og siste gudstenesta som presten nemner i Utvær var 1. august i 1717. Det er difor temmeleg sikkert at flyttinga har skjedd på hausten. Historia fortel at flyttinga skjedde etter at presten i Eivindvik, Nicolai Stabell, og kyrkjelyden vart liggjande vêrfaste på Utvær ei heil veke i juni månad. Dei gjekk tomme for brødmat med ein gong, og fisk var det lite av på denne tida. Presten lova då dyrt og heilagt at det skulle vere siste gongen han reiste til Utvær for å halde preike. Dei som var med han i følgjet skal ha gitt si fulle støtte til at kyrkjehuset vart flytta inn til Husøy. I ein variant av segna vert det sagt at presten handla utan godkjenning, og at det førte til sterke reaksjonar då dei sjøfarande brått oppdaga at kyrkja og seglingsmerket var borte. Her endar historia med at presten vart avsett, og at han kort tid etter døydde, sjuk av sorg.

Minnestein om kyrkjestaden

I dag står ein minnestein og minner folk om at her var gravstaden ved Utvær kapell.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR