Kulturhistorisk leksikon

Grend (23)

  • Handelsstaden Døsen

    Garden Døsen ligg på vestsida av Lustrafjorden ved osen av Døsjelvi, eit stykkje sør for Dale kyrkje. Døsen grensar til Nygard i sør og Dale i nord. Midt gjennom tunet går riksveg 55 - hovudvegen mellom Sogn og Gudbrandsdalen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Fiskarstovene på Liset

    Tek ein turen til vestsida av garden Liset i Bremanger vil ein finne ein fredeleg stad. Berre gamle grunnmurar står att og vitnar om tidlegare hektisk aktivitet, då opp til fleire hundretals menn "låg i Geitholmen". Den sesongvise bruken av staden har eldgamle røter, med eit siste høgdepunkt under vårsildfisket på midten av 1800-talet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Vetvik - storgarden som vart fråflytta

    På nordvestsida av Bremangerlandet - ut mot det opne storhavet, finn ein den fråflytta grenda Vetvik. Her budde det folk før, eit heilt lite bygdesamfunn. Dei siste flytta bort i 1951.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Dyrnesliøyri

    Dyrnesliøyri er danna av stein og grus frå Ullebøelva og er den einaste flate flekken i Dyrneslia. I ei veglaus tid, då mest all ferdsle gjekk føre seg i båt, var dette ein sentral plass i bygda.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Garden Kyrkhorne gjennom tidene - Kyrkhornstunet

    Garden Kyrkhorne er truleg ein av dei eldste i Hornindal, sentralt som han ligg i nedste del av dalføret, ved vatnet. Opphavleg var garden ein del av den sentrale garden Hornvin som har gjeve bygda namn, og garden kan seiast å ha vore det kulturelle og politiske sentrumet i Hornindal dei dei gjennom fleire hundre år.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Fiskeværet Rognaldsvåg

    Rognaldsvåg er tettstaden på øya Reksta, langt vest i Flora kommune. Det har truleg budd folk på Reksta i over 5000 år. Rognaldsvåg fekk etter kvart stor betydning på grunn av dei gode hamnetilhøva på staden, nærleiken til dei rike sildefiskeria og ein sentral plassering. I 1860 var Rognaldsvåg den største tettstaden på kysten av Sogn og Fjordane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Gardstunet på Osmundneset i Hyefjorden

    Garden Osmundnes ligg midt inne i Hyefjorden, på austsida, eit stykke innafor garden Kleppenes. Tunet er føreslege freda.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Bygningsmiljøet ved kaia på Hestnesøyra

    Bygningsmiljøet ved kaia på Hestnesøyra vitnar om handel og samferdsle gjennom mange generasjonar. Den siste butikken stengde dørene i 1985 og rutebåtferdsla slutta kring 1970.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Kyrkjestaden Utvær

    Kapellet på Utvær vart truleg bygt på 1100-talet. Det var vigd til St. Klemens, vernehelgen for sjøfolk, og det var for desse kapellet var bygt. Kapellet stod på Utvær fram til 1717/1718, då vart det bygt nytt kapell på Husøy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Klyngetun i Vik

    I Vik som andre stader låg husi i klyngetun før utskiftingane i siste halvdel av 1800-talet. Det er att restar av klyngetun nokre stader i Vik, det gjeld fyrst og fremst Hopperstad, Åse i Vik og Holane i Arnafjorden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Finnabotnen

    Finnabotnen, inst i Finnafjorden på sørsida av Sognefjorden, er ei fråflytta og veglaus grend. Finnabotnen er eit ynda mål for båtturistar og andre som søkjer ein mektig natur.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Handelsstaden Steinsundholmen

    Steinsundholmen er ein holme i Indre Steinsund, sundet mellom Steinsundøy og Sula i Solund kommune. På denne holmen vart det drive gjestgiveri og kremmarhandel. Nokon handelsplass på line med dei ute i fiskeværa var her ikkje, men handelen vart halden oppe lenge etter at gjestgiveriet var nedlagt.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Handelsstaden Gåsvær

    Øya Gåsvær ligg heilt vest i havet mellom Lågøyfjorden og Gåsværosen i Solund. Frå Lågøyfjorden ser den vel ein kilometer lange øya ut som ei låg landstripe. Gåsvær vert rekna som det vestlegaste gardsbruket i landet. Trass i at det ligg vêrhardt til er hamna god. Nokre av dei gamle bygningane står framleis nede ved sjøen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Båtstoppestaden Steinen

    Steinen vart båtstoppestaden for Førde. Her vart det fleire aktivitetar, m.a. dei første industrielle verksemdene. Men som mange andre stoppestader hadde Steinen si tid berre så lenge båtrutene gjekk, og har i vår tid tapt sin sentrale plass i Førde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Sjøahola

    Sjøahola var den første tettstaden i Førde, og gjennom fleire hundre år sentrum i bygda, både for ferdsel, handel og administrasjon. Då Jølstra skifta elveløp i 1780, var det starten på slutten for Sjøahola, men gjestgjevarstaden var i drift heilt til 1857, og tingstova vart ikkje flytta før i 1902.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Tingneset - eit sentrum i Ytre Førdefjorden

    Ved Vevring på nordsida av Førdefjorden stikk eit særmerkt nes ut i fjorden. Det er Tingneset. Frå gammalt var garden Vevring med Tingneset eit sentrum i Ytre Førdefjorden. Der var kyrkje, skysskifte, handel og gjestgjeveri og i åra 1838-1963 stad for kommunalt styre og stell i dåverande Vevring kommune.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Gjestgjevarstaden Hellevik

    Garden Hellevik ligg ved Stongasundet like nord for Stavang i Flora kommune. Frå slutten av 1600-talet til sist på 1800-talet vart det drive gjestgiveri og ein del handel her. Enno er det spor att etter den gamle gjestgjevarstaden.

  • Grenda Stalheim

    Gardane Stalheim, Brekke, Sivle og Sivlesøy i Voss kommune utgjer grenda Stalheim. Bygda kan sjåast som inngangsporten til Nærøydalen og området som vert femna av Verdsarv Nærøyfjorden. Namnet Stalheim kjem truleg av den bratte Stalheimskleiva, og tyder "garden ved Stadall" av verbet "standa, stå".

  • Vassbygdi

    "Sognefolket som bor over dette Vand, kaldes Vassbygder og siden strekker Prstegjeldet sig østefter op hvor Veyen gaa til Hallingdal i Aggershus Stift over en Green av Filefield. Deres døde kand de ikkje føre ned til Vangens Kirkegaard uden at bære dem i de trange Fodstier og over de fæle Afgrunde enten blott paa deres Rygge uden Liigkiste i de saakaldte kiæser paa Hester eller Øker indtil de kommer ned i Plainen hvor de da omsider legges i Kiste." (Sokneprest Wigeboe om Vassbygdi og Aurlandsdalen i 1790-åra).

  • Grenda Bakka

    Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store delar av byutviklinga av hovudstaden Christiania. Grenda er også kjend for den populære Verdsarvturen som kvart år tek til mellom Bakka og Tufto.

  • Bygda Gudvangen

    Heilt inst i Nærøyfjorden ligg bygda Gudvangen, som strekker seg frå Stalheim vest i Nærøydalen til Dyrdal ute i fjorden. Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine overnattingsmoglegheiter, skysstasjon og handel.

  • Bygda Dyrdal

    Ei lita grønsteinsøks frå steinalderen kan vere teikn på at det har vore busetting langt tilbake i tid i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden. Andre funn, som ei gravrøys på garden Drægo og eit felt med tre gravrøyser på garden Dyrdal frå yngre jernalder, tyder på det same. Grenda er kjend for det særprega klyngetunet nede ved fjorden, og for eit gjestfritt miljø for turfolk på fjellgarden Drægo. I grenda som ein gong hadde langt over hundre innbyggjarar, finst det ikkje lenger gardar i drift.

  • Grenda Styvi

    Styvi er ein av dei fire grendene eller hovudgardane i Nærøyfjorden, og består sjølv av to gardsbruk og vårstølen Holmo. I tillegg har garden stølsrett på Hjølmo og Vassete i Dyrdal, på motsett side av fjorden. Før Nærøyfjordområdet fekk verdsarvstatus, vart det oppretta eit eige landskapsvernområde frå Styvi til Holmo i 1991.