Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Utvik kyrkje



Utvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Utvik i Stryn kommune. Kyrkja, som har 350 sitjeplassar, vart vigsla 29. november 1840. Ho er bygd etter arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow sine typeteikningar. Utvik kyrkje er soknekyrkje for Utvik sokn i Innvik prestegjeld.

Utvik kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje frå 1840. I 1968 vart det bygt nytt og større kor, med nytt prestesakristi mot sør og nytt dåpssakristi mot nord.

Utvik kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje frå 1840. I 1968 vart det bygt nytt og større kor, med nytt prestesakristi mot sør og nytt dåpssakristi mot nord.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

150-årsjubileum to år for seint

Då kyrkjelyden i Utvik var i gang med å planleggje 150-årsjubileet til kyrkja i 1992, kom det for ein dag at dei var to år for seint ute. Årstalet som stod skrive i bygdeboka var feil. Kyrkja var ikkje vigsla i 1842, men to år tidlegare. Det rette årstalet vart stadfesta mellom anna i ei kyrkjebok frå 1840. Der hadde soknepresten skrive at fyrste søndag i advent vart den nyoppførte Utvik annekskyrkje vigsla. Fyrste søndag i advent i 1840 var 29. november. Jubileet var såleis forbigått i stille utan at nokon visste det. Men feiring vart det likevel, i august 1992.

Kvitmåla langkyrkje

Det finst lite bakgrunnsstoff som kan fortelje kvifor 1600-talskyrkja i Utvik vart erstatta med ei ny. Ein del av forklaringa er nok her som andre stader at kyrkja var blitt for lita. Kyrkjestaden vart den same som før.

Arkitekt for kyrkja var Hans D. F. Linstow, som er rekna for å vere ein av dei fremste klassiske arkitektane i Norge, han teikna også Slottet i Oslo. Den kvitmåla langkyrkja var frå fyrst av bygd slik at koret hadde same høgda og breidda som skipet. Eit lite tårn var plassert i vestre enden, der foten vart nytta som våpenhus og trappeoppgang til galleriet. Opphavleg var der sitjeplassar til 300 i kyrkja. På nordsida i koret var det faste plassar for kyrkjeeigarane, medan dei kondisjonerte hadde sine plassar på den andre sida av presten.

Endringar

I samband med ei større ombygging i 1902 vart det bygt attåt eit korhus og eit prestesakristi. Galleriet vart utvida og kyrkja fekk lause benker. Døropningane vart utvida og vindauga vart høgare og ombygde til spissbogestil. Samla sett vart dette ein blandingsstil som fagfolk i ettertid har hatt delte meiningar om. I 1968 vart det bygt nytt og større kor, med nytt prestesakristi mot sør og nytt dåpssakristi mot nord. I tilknyting til dåpssakristiet er der laga til gang med garderobe og toalettanlegg. Samstundes kom den gamle altertavla og preikestolen på plass att, to uvanleg flotte kunstverk frå renessansen.

Fram til nyare tid har Utvik kyrkje vore samlingsstad ikkje berre for folket i Utvik, men også for naboane på Tistam, og for bygdene Fjelli og Randabygda på den andre sida av fjorden. I ein hundreårs-bolk, frå rundt midten av 1800-talet til 1967, høyrde delar av Hopland også til Utvik. I 1967 fekk Randabygda si eiga kyrkje og status som kapellsokn, frå 1981 eige kyrkjesokn. På same tid vart grendene på nordsida som høyrde til Utvik eller Innvik, lagde til Hornindal prestegjeld.

Altertavla

Altertavla frå 1617 var i tida 1902 til kring 1950 fyrst sett på kyrkjeloftet, sidan flytta til Bergen for tryggare lagring, før ho kom tilbake i 1968. I tida 1902-1968 gjorde måleriet "Jesus i Getsemane" teneste som altertavle. Det var ein kopi Anders Orheim frå Stårheim laga av Anders Askevold si altertavle i Askvoll kyrkje. Innskrifta på biletet er "Min Sjæl er bedrøvet indtil Døden" (Matt 26,38). Det vart i 1992 hengt opp i kyrkjeskipet, der det hadde vore vindauge før.

Bakgrunnen for ønskjet om ei ny altertavle var truleg at den originale frå 1617 hadde vorte overmåla ein gong på 1800-talet. Ho gav difor eit litt bleikt inntrykk, med eit blått midtfelt med ein raud kross, på sidefelta var det kvite stjerner på raud botn, og bileta i toppstykket var overmåla med blå farge. Altertavla vart restaurert av konservator Bjørn Kaland, og sett på plass att i 1968.

Altertavla er i høgrenessansestil med kassettornamentikk, tredelt og med gavlkrone og sidegavlar. Ho har stor likskap med andre frå same tidsrom. Ho er ei kombinert katekisme- og bilettavle, og delt i seks like store felt. Dei tre nedste felta innheld dei sentrale orda, i gotisk gullskrift på svart botn, t.v. "Fadervår", i midten og t.v. nattverdsorda. Over desse er det ei rekkje med tre måleri. I midten Kristus på krossen, t.v. står Maria, Jesu mor, og t.h. truleg Maria Magdalena. Ramma er elles rikt dekorert med måla treskurd. Toppstykket har eit måleri av den sigrande Kristus, med kross og sigersfane. Toppstykket har ei møneforma avslutning, med tilsvarande avslutning over sidefelta. I kvar av dei tre trekantane er det måla ein engel. Fargane er dei originale, og viser ein samstemt og gjennomtenkt komposisjon.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar frå slutten av 1600-talet, med innskrift på tysk. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, ei vinkanne og ei brødøskje frå 1968. Bibelen er frå 1738, og gitt til kyrkja i 1766.
Preikestolen frå 1617 kom også tilbake i 1968. Han er i same stil og frå same tid som altertavla, og har truleg same opphav. Preikestolen har fem biletfelt. I midten står Kristus, og under biletet orda "Salvator mundi" (verda sin frelsar). På kvar side er det to av evangelistane Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Døypefonten er frå 1902 og dåpsfatet i messing frå 1600-talet.

Den tolvarma lysekrona er frå 1902, medan den 24-arma er frå 1972. På kyrkjeloftet står preikestolen som var i bruk i perioden 1902-1968. Orgelet frå 1913 har sju stemmer, og er bygt av Olsen og Jørgensen, Kristiania. Dei to kyrkjeklokkene er frå mellomalderen. Eit sølvstaup og ein disk frå 1600-talet er lagra i kyrkja.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR