Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. oktober 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lærdal sjukehus



Lærdal sjukehus kom i stand trass i stor motstand frå fylkespolitikarane. Sjukehuset vart skipa i 1902 etter initiativ frå distriktslækjaren i Lærdal.

Lærdal sjukehus slik det ser ut etter den siste ombygginga på 1980-talet. Sjukehuset ligg på garden Mjelde i området ved elva Ofta.

Lærdal sjukehus slik det ser ut etter den siste ombygginga på 1980-talet. Sjukehuset ligg på garden Mjelde i området ved elva Ofta.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Dr. Møinincken tok initiativet

Distriktslækjar Johan Ludwig Møinicken var den fyrste som kom med framlegg om å starta sjukehus i Lærdal. I eit møte i "Lærdals Sundhedskomission" den 1. mars 1901 vart heradsstyret oppmoda om å senda søknad til amtet om å få skipa sjukehus i den gamle skulebygningen under Bergo. I eit fellesmøte for heradsstyra for Lærdal og Borgund den 8. mars tala lærdalsordføraren, Tøger Ravn varmt for å få i stand eit sjukehus i bygda. På møtet vart det valt ein komite på fire mann som skulle arbeida med saka. I denne komiteen var både Møinicken og Ravn med i tillegg til Anders M. Lysne og John Hæg.
Alt to månader etter at komiteen vart valt, hadde saka vore til Amtmannen med overslag og søknad om å få overdrege og innreia det gamle skulehuset til sjukehus. Av svaret frå Amtmannen gjekk det fram at amtet hadde liten lyst til å ta på seg kostnader med å driva sjukehus. Dr. Møinicken synte til den nye lova av 8. mai 1900 om behandling av tuberkulosepasientar, og at amtet ikkje hadde institusjonar til pleie av desse.

Pleieheim på Mjelde

Det gamle skulehuset vart i februar 1902 innvia som sjukehus, men var lite eigna til sjukehusdrift. Det vart drive som sjukestove av dr. Møinicken. Då han i 1904 slutta som distriktslækjar stoppa difta opp ei tid. Men alt i 1906 fekk dr. Andersen sjukehuset i gang att, utan støtte frå amtet.
Då amtstinget i 1910 vedtok at skulle byggjast tre tuberkulose-pleieheimar i amtet, vart Lærdal forkasta av klimatiske årsaker. Dr. Andersen klarte å skaffa ny tomt til sjukehuset på garden Mjelde, og fekk i 1914 bygt pleieheim for tuberkuløse der. Pleieheimen, som vart driven av fylkeskommune, hadde ni senger for tuberkulose-pasientar og seks senger for andre sjuke. Det var også innreia operasjonsrom, der lettare operasjonar kunne utførast.

Dr. Christophersen utvidar til sjukehus

Pleieheimane som vart bygde like før fyrste verdskrigen var i 1920-åra umoderne. Rolf Christophersen byrja i 1922 som distriktslækjar i Lærdal, og tok straks til å arbeida med sjukehussaka. Christophersen ville utvida pleieheimen og skaffa nytt og betre utstyr, for å få betre plass og vilkår for behandling av fleire pasientar med dei vanlege sjukdommane og av skadetilfelle.
Då fylkestinget ikkje ville løyva det nødvendige til utvidinga av sjukehuset, sette dr. Christophersen i gang med å samla inn pengar frå offentlege og private institusjonar. Han fekk inn 70 300 kr, i tillegg til dei 5000 kr som fylket løyvde. Ein del privatpersonar gav noko inventar og kontantar, og Fylkesbaatane frakta utstyr til sjukehuset gratis.

Stadig liten kapasitet

I 1928 starta utbygginga av sjukehuset. Det fekk berre 15 senger, men fekk moderne utstyr som røntgenapparat og nytt operasjonsbord. Prisen vart totalt 82 350 kr. Den 7. mars 1930 vart Fylkessjukehuset i Lærdal opna av fylkesmann Christensen. Sjukehuset var organisert i to avdelingar; tuberkulosepasientane i fyrste høgda og kirurgisk og medisinsk avdeling i andre. Kort etter opninga kom alt sengeutstyret på plass slik at det i alt vart 30 senger.
I 1931 vart det tilsett ein assistentlækjar, i tillegg til overlækjaren, og då vart talet på senger utvida til 40. Straumen av pasientar som søkte til sjukehuset var så stor at 40 senger ikkje var nok, fleire måtte liggja på gangane. Sjølv etter at det kom i gang eit kommunalt sjukehus i Høyanger var sjukehuskapasiteten i Sogn for liten.
Dette året vedtok fylkestinget at fylkessjukehuset for Sogn skulle liggja på Leikanger. Fylket eigde sjukehuset i Lærdal, men hadde omtrent ikkje utlegg til drifta. Trass i dette vart Lærdal sjukehus i 1936 utvida til 50 senger.

Sjukehusutbygging

Sjukehusa i fylket voks fram utanom fylkeskommunen sin kontroll og utan nokon samla plan. Initiativ frå kapitalinteresser kopla med folkeleg engasjement var dei viktigaste faktorane bak utbygginga. Men i 1963 sette fylkesutvalet ned ei nemnd for å planleggja den framtidige sjukehusutbygginga i fylket. Dei vurderte spørsmålet om å basera sjukehusstellet på eit sentralt sjukehusanlegg for heile fylket, eit sentralsjukehus. Men då dei la fram vurderinga si i 1964, konkluderte dei med at kommunikasjonane i fylket ville gjera dette vanskeleg. Difor føreslo dei ei utbygging av sjukehusa i Florø, i Høyanger og på Eid, samt bygging av eit nytt sjukehus i Sogndal. Sjukehuset i Lærdal skulle gjerast om til ein sjukeheim, underlagt sjukehuset i Sogndal. Fylkesutvalet valde same året likevel å gå inn for utbygging av dei eksisterande sjukehusa.
Helsedirektoratet såg helst at ein fekk ei samling av sjukehustenestene i fylket. Direktoratet gjekk inn for at lokalsjukehuset for indre Sogn skulle vera tredelt med kirurgi, indremedisin og røntgen. Florø og Høyanger skulle også omorganiserast, medan Eid burde leggjast ned. Folketalet i fylket var ikkje større enn at tre sjukehus ville vera nok. Men fylkesutvalet vedtok også i 1965 å byggja ut dei fire eksisterande sjukehusa.

Sentralsjukehus i Førde

I 1967 bad Helsedirektoratet om at fylket reviderte planane om vidare sjukehusutbygging. Direktoratet ville ha eit stort sjukehus som skulle dekka sjukehustrongen for ytre Sogn, Sunnfjord og delar av Nordfjord. Det burde ligga enten i Florø eller Førde. Grunna dei vanskelege kommunikasjonsforholda i fylket burde det framleis vera eit distriktssjukehus i indre Sogn.
Spørsmålet om ein skulle byggja ut eitt eller fleire av dei eksisterande sjukehusa, eller byggja eit sentralsjukehus gjekk att gong på gong i fylkespolitikken i åra som følgde. Statens Sykehusråd gjekk 14. mai 1971 inn for at det skulle byggjast eit sentralsjukehus i Førde og at sjukehuset i Lærdal skulle utvidast. Regjeringa bygde si tilråding til Stortinget på denne fråsegna. Fylkespolitikarane følte seg overkjørte av dei sentrale styresmaktene i saka, då fylkestinget heile tida hadde gått inn for å byggja ut dei eksisterande sjukehusa.

Under Helse Førde

Då sentralsjukehuset i Førde kom i drift vart sjukehuset i Lærdal drive vidare med noko redusert sengetal. I 1984 vedtok fylkestinget å byggja om og modernisera sjukehuset, og i 1987 var denne ombygginga ferdig.
Frå 1. januar 2002 vart eigarskapen til sjukehusa overført frå fylket til staten. Lærdal sjukehus høyrer under Helse Førde, som er ei underavdeling av Helse Vest. Trusselen om nedlegging av avdelingar ved sjukehuset har halde fram også under den nye eigaren, særleg er nedlegging av fødeavdelinga aktuelt.
Lærdal sjukehus har i dag avdelingar for indremedisin og kirurgi, kvinnesjukdommar og fødselshjelp samt dei medisinske støttefunksjonane; overvaking, oppvaking, anestesi, operasjon, røntgen og laboratorium. Sjukehuset har velutstyrte poliklinikkar innan indremedisin, kirurgi, kvinnesjukdommar, hud, barn og øyre/nase/hals.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Lærdal og Borgund - Bygd og Ætter. AS Lunde & Co.'s Forlag. Bergen 1938.
Engesæter, Aage og Johs. B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjenom 150 år. Det norske Samlaget. Oslo 1988.
Hovland, Kåre: Lærdal Bygdebok IV Heim og Ætt - Hauge sokn. Lærdal kommune 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR