Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Omgangsskulen i Solund, ein runddans frå dør til dør



Då den aller første folkeskulen såg dagslys på Solund-øyane, vart øyriket delt i to nokolunde jamstore distrikt. Så vart det plassert ein skulehaldar i kvart, - om det då fanst "beqvemme Individer" til gjerninga.

Denne svarte tretavla har stått i naustet til Torkjel og seinare Otte. Dei reknar med at ho har vore brukt av Torkjel i undervisninga. Dei flott utforma bokstavane kunne han så gjerne ha teikna og måla sjølv, for han hadde ei særs vakker handskrift. Særleg overskrifter laga han dekorative, eit slags kalligrafi.

Denne svarte tretavla har stått i naustet til Torkjel og seinare Otte. Dei reknar med at ho har vore brukt av Torkjel i undervisninga. Dei flott utforma bokstavane kunne han så gjerne ha teikna og måla sjølv, for han hadde ei særs vakker handskrift. Særleg overskrifter laga han dekorative, eit slags kalligrafi.

Eigar: Aud Bjørknes.

Datering: Ca. 1990.

Fotograf: Aud Bjørknes.

Skulen tek form

Startskotet for folkeskulen gjekk eigentleg ved innføringa av konfirmasjonen i 1736, sidan ingen kunne konfirmerast utan å ha fått undervisning i kristendom. Med "Placat af 1741" skulle det bli struktur over opplæringa, men det skulle gå hundre år før kommunane nærma seg intensjonane.

Plakaten fastsette at det skulle veljast ein skulekommisjon i kvart prestegjeld. Frårekna nokre gardar i nord høyrde Solund (Utvær skipreide) til Eivindvik prestegjeld. Også i Eivindvik vart soknepresten leiar i kommisjonen. Han hadde med seg 2 lensmenn, frå Eivindvik og Utvær, og eit par medhjelparar frå kvar kyrkje. Kommisjonen skulle m.a. planleggje skuleordninga, rekne ut kostnadene og likne desse ut på innbyggjarane.

To lærarar på heile Solund

Det vart nok heller lausleg med skulestellet i Utvær skipreide både på 1700-talet og lenger ut. Det stod mykje på om dei hadde "beqvemme Individer" å setje inn. Pengar til lærarløn fanst knapt før presten Niels Dahl si tid.

Solund var delt i to skuledistrikt, eitt ytre og eitt indre, med ein skulehaldar i kvart. Grensa vart dregen gjennom Dalesundet, men slik at Tungodden, Stokkevåg og Lågøy høyrde til ytre distriktet. Dei to distrikta var så inndelte i roder (likna krinsar). I ytre distrikt var 6 slike roder. Storparten av borna var frå 8 til 15-16 år, men einskilde sjuåringar førekom.

Store og små tett kring bordet

Lærarløna var i røynda gratis kost og opphald, frå først av, og fri hærteneste. I utgangspunktet skulle vel alle ta imot skulen sidan tanken bak var å dele kostnad og ulemper på flest råd. Dei som vrei seg unna, kunne bøtleggjast. Men sidan fiskarstovene ofte var for tronge til dei som alt budde der, hamna nok skulen i dei største husa. Så vart det vel delt attende på eit vis.

Læraren og skuleborna fór likevel på runddans frå hus til hus i grendene, på Nautøy t. d. møtte dei i 6 ulike stover. Skulen vart halden kanskje 1 dag i eitt hus, 2-3 i eit anna.

Vêrgudane blanda seg inn

Talet på ungar kunne av fleire grunnar ymse litt frå dag til dag. Skulen heldt til i ei grend 5-12 dagar. I dei mest barnerike rodene kunne godt over 20 tokke (presse, flytte) seg saman kring langbordet. I Solund var 204 skulepliktige i 1833.

Når skulehaldaren hadde vore distriktet rundt ein gong, begynte han omgåande på runde to. Til vanleg kom skulen innom ei rode to gonger om året, men her blanda vêrgudane seg inn. Skulemeisteren må ha gått eller segla til ny rode om kvelden eller på morgonstunda, for etter bøkene er han på plass neste dag. En sortmalet Trætavle og nokre få bøker hadde han med i færingen.

Skulemeister i 50 år!

17 år gamle Torkjel Jensen Grytten frå Eivindvik var handplukka og opplærd av Niels Dahl til lærar i ytre distrikt. Dit kom han i 1822 og var lærar der i 50 år! Dahl sytte godt for han, også økonomisk. Jensen busette seg omsider på Indrevær og bygde fastskule der i 1844, den første i Solund. Han var også kyrkjesongar, og heldt husandakt med overhøyring mest kvar bidige søndag. Å følgje konfirmantane til Eivindvik og liknande korte avbrot var fristundene.

I 1864 er rodene erstatta av 12 krinsar, men då har Solund vore eigen kommune i 10 år, under namnet Utvær. Først 1893 vart Solund eigen skulekommune.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsund, Hans H.: Artikkel Omgangsskulen i Solund. Laga til sogeskriftet som Solund sogelag gjev ut 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR