Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Veitastrond kapell



Veitastrond kapell er ei langkyrkje i tre som står i bygda Veitastrond i Luster kommune. Kapellet har 120 sitjeplassar og vart bygt som bedehus i 1928. Den 14. juli 1935 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk og fekk nemninga kapell. Kapellet er bygd ut i fleire etappar. Veitastrond høyrer til Hafslo sokn i Hafslo prestegjeld.

Veitastrond kapell er bygt i fleire etappar og er mykje forandra sidan det var nytt.

Veitastrond kapell er bygt i fleire etappar og er mykje forandra sidan det var nytt.

Eigar: Luster fellesråd.

Datering: 2002.

Fotograf: Ukjend.

Kyrkjeklokka

Fyrst kom kyrkjeklokka og tårnet. Det skjedde i 1891, og frå den tid kalla kyrkjeklokka folket i bygda saman til gravferder. Ein og annan gong kalla ho også folket saman til gudstenester i skulehuset. Kyrkjeklokka var både det fyrste og det siste som "kom på plass" på Veitastrond. Frå klokka lydde gjennom bygda fyrste gongen, gjekk det over 50 år før ho endeleg kom dit ho høyrde heime, i tårnet på kapellet. Det skjedde i 1947. Gjennom alle år stod kyrkjeklokka plassert i eit tårn attmed skulehuset i bygda, like ved gravstaden. Derifrå lydde også klokkene dei to gongene i året presten kom frå Hafslo for å gravleggje dei døde. I dag kallar ho til gudsteneste om lag 10 gonger i året.

Kapellet

I 1928 fekk bygdefolket endeleg reist eit bedehus. Men framleis måtte dei reise til Hafslo når dei skulle døype borna sine, når ungdommen skulle konfirmerast og når brurefolk skulle vigslast. Difor var det eit stort framsteg då bedehuset endeleg i 1935 stod ferdig innreidd som kapell, med alterbord, alterring og døypefont.

Trass i at den offisielle nemninga er kapell, og at bygningen utanfrå ser ut akkurat som ei lita kyrkje, seier bygdefolket framleis bedehuset. Her møtest dei til gudstenester, misjonsmøte og bønemøte, korøvingar, basarar og konsertar. Ved større samlingar er både veslesalen og storsalen i bruk, men til vanleg er dei to romma skilde med skyvedører. Kapellet er utstyrt med kjøken, som også vert nytta til sakristi i samband med gudstenester. Eit nytt inngangsparti vart bygt attåt kapellet rundt 1960, og tidleg på 1970-talet vart denne delen av huset utvida med ei toalettavdeling.

Hovudfargen i salane er lys gul, men med gråtonar attåt og gullfarge som dekor på lister og i fyllingar. Her er ikkje kyrkjebenker, men derimot enkle lakkerte stolar. Dei siste 10 åra har det pågått ein god del oppussingsarbeid, og mellom anna er alle dørene skifta ut, der har komme nye innervindauge og nye lysekroner i salane. Hausten 2000 vart det også lagt ny himling i storsalen. Heile bygda eig Veitastrond kapell, og bedehusstyret er samansett av bygdefolk. Det er såleis ikkje slik som andre stader, ein bestemt misjonsorganisasjon som står som formell eigar.

Kunst og inventar

Altertavla er ein kombinasjon av biletet "Jesus i Getsemane", i utskoren treramme, og over dette eit bilete, direkte måla på korveggen, som viser "Jesus underviser læresveinane". Saman med veggbiletet står innskrifta "Lyft augo dykkar og skoda aakrane korleis dei alt gulnar mot hausten" (Joh. 4,35). Kven som har måla bileta er uvisst.

På alteret står to lysestakar i messing. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv. Preikestolen er, til liks med det meste av inventaret, truleg frå 1935. Døypefonten er i tre. Dåpsfatet og dåpsmugga er begge i messing og frå 1985.
Orgelet frå 1997 har fire stemmer, og er bygt av Gerrit C. Klop i Nederland.

Farleg kyrkjeveg

Kyrkjevegen frå Veitastrond til Hafslo var vinter og vår ein av dei verkeleg farlege i eldre tider. Nokon veg i den forstand fanst det knapt før på 1890-talet, då det kom kjerreveg frå Soget til Hafslo. Dermed kunne bygdefolket komme seg ut frå Strondi enklare enn før, men frå gard til gard i bygda var det framleis veglaust. I 1905 kom den fyrste motorbåten på Veitastrondsvatnet. Han vart kalla "Motoren". Før det hadde dei hatt ein liten open dampbåt. I 1935 fekk Veitastrond ein ny motorbåt som kunne frakte både folk, fe og varer over vatnet sommarstid. Han vart også nytta til kyrkjeferd. Båten gjekk frå Strondi klokka 8.00 og brukte to timar på turen til Soget.

Når dåpsfølgje, bryllaupslag eller vanlege kyrkjegjengarar reiste frå Veitastrond til Hafslo, var dei fleste kledde i kvardagsklede. Vel framme i Hafslo henta dei fram finkleda, som dei hadde hengande der året rundt. Elles hadde dei lite bruk for slike klede. I oktober i 1956 fekk Veitastrond bilveg til Hafslo.

Lekmannsrørsla på Veitastrond

Med tanke på det sterke kristenlivet som har prega Veitastrond frå langt tilbake i tida, er det underleg at bygda ikkje fekk eige bedehus før i 1928. For på Strondi har dei røter i misjonsverksemda langt tilbake på 1800-talet. Det fyrste misjonslaget vart skipa så tidleg som i 1842.

På vigslingsdagen til kapellet i 1935, kom det folk reisande frå fleire bygder i indre Sogn. Kapellet var overfylt, og mange måtte stå ute. Etter at dei geistlege hadde preika og føreteke den høgtidlege vigslinga til kyrkjeleg bruk, var det lekfolket sin tur. På trappa utanfor gamleskulen vart det sett fram talarstol, og fleire tok ordet og bar fram helsingar. Mellom dei som snakka til kyrkjelyden var ein omreisande predikant for Misjonssambandet. Det var naturleg at lekmannssørsla på Strondi slapp til på ein slik dag. Både Misjonsselskapet, Indremisjonen og Misjonssambandet har gjennom tidene hatt ei sterk stilling i bygda. Dei seinare åra har Santalmisjonen hatt faste samlingar, og det vert stadig halde møte og songøvingar i kapellet. Det sterke åndslivet som har prega bygda, forklarer også at Veitastrond har fostra mange lekpredikantar gjennom tidene. Ein av dei er forfattaren og lekpredikanten Per Hilleren.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR