Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Spelemannen Per Støyva



Spelemannen Per Støyva (1896-1988) frå Breim tok vare på og levde for musikken, og var det siste bindeleddet mellom den gamle Breimsmusikken og yngre spelemenn i indre Nordfjord. Han var ein av dei beste elevane til "Gamle-Reeden" - storspelemannen Anders Reed.

Per Støyva (1896-1988) frå Breim.

Per Støyva (1896-1988) frå Breim.

Eigar: I boka Femti år med folkemusikk, 1982.

Datering: 1961.

Fotograf: Rolf Myklebust.

Arvtakar etter Anders Reed

Per Støyva var fødd 23.juli 1896. Han byrja å spele fele i 6-7-årsalderen, og fela han då skaffa seg, nytta han heile livet. Han gjekk i lære hos Anders Reed (1849-1924). Moses Paulen (1893-1979) og Per Støyva er dei to viktigaste arvtakarane etter Anders Reed. Reed var rekna som ein av dei viktigaste spelemennene i Nordfjord. Per Støyva var nykonfirmert første gongen han tok jobb som fullverdig spelemann i eit bryllaup. Bryllaupa i den tida varte både i 2, 3 og 4 dagar, og spelemannen skulle vere til stades heile tida. Ein er noko usikker på talet, men meinar at Per i alle fall spelte i over 200 slike 3-dagers bryllaup.
Rolf Myklebust var mange gongar hjå Per Støyva og skreiv ned slåttar. Første gong var i 1941, og i 1949 vart dei første opptaka gjort for NRK med Per Støyva som spela slåttar etter Anders Reed. Myklebust kom att til Jølster og Breim fleire gongar og gjorde opptak av både Paulen og Støyva. Dette er ein flott dokumentasjon av vår eigen musikk som har tradisjonslinjer langt bakover.

Nye takter

Per Støyva sitt slåttespel vert skildra med at han hadde ein vitalitet og ei kraft i spelet. Men han var dessutan ikkje berre slåttespelemann, han var inspirert av nyare musikk og komponerte nokre stykke sjølv. I tillegg var han ein kløppar i å harmonisere og lage to stemmer til andre sine komposisjonar.
Tida frå 1900 og framover vart nemleg ei blømingstid for nyare takter i folkemusikken i Nordfjord. Det vart starta fleire ensemble, og Per Støyva var med i eit slikt ensemble. Musikken her var litt påverka av den europeiske klassiske tradisjon. Per Støyva var òg påverka av det første ensemblet i Breim, Breimsmusikken. Dette orkesteret var svært populære og reiste rundt på speleoppdrag. Musikken var ny, - og det var nye instrument med: cello, bratsj, kontrabass og horn. Dette var populærmusikken på den tida, og Støyva var svært inspirert av desse stykka. Stykka krevde ein del teknisk av utøvarane, og danseslåttar som vals, mazurka og reinlendar var framtredande.

Spelemannsvener

Per Støyva hadde mange vener i spelemannskrinsar, og ein var dei var Anders Viken. Desse to spelte mykje saman på festar og stemne. Støyva improviserte understemme til Anders Viken sine komposisjonar. Men når dei spelte gamle nordfjordslåttar, var det Støyva som spelte melodien, medan Viken sekunderte. Andre spelekameratar var Per Bolstad, Moses Paulen og Alfred Maurstad.

Bindeledd til yngre spelemenn

Per Støyva var det siste bindeleddet fram til vår tids spelemenn. Han fekk ein god elev i Peder Råd, som lenge var den einaste som tok etter slåttetradisjonen i Breim. I dag er Jon Oddvar Kandal ein av dei viktigaste tradisjonsberarane i Breim, og han sit inne med eit stort repertoar etter både Per Støyva og Peder Råd.

kjelder:

Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk.Oslo 1982.
Ryssdal, Rolf: Per Støyva og spelemannstradisjonar i Breim.Jul i Nordfjord 1981.

PERMANENT IDENTIFIKATOR