Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. april 2003

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Byggmeister Lars N. Sølvberg



Ved førre århundrekskiftet vart Lars Nilsson Sølvberg (1861-1910) frå Utvik mykje brukt som byggmeister og arkitekt i Nordfjord. Sølvberg bygde mange ulike type bygningar og er kjend for sin bruk av sveitserstilen. Han teikna tre kyrkjer i Nordfjord og restaurerte tre andre.

Arkitekt og byggmeister Lars Sølvberg sitjande lengst til høgre. Her er han og arbeidarane hans i gang med bygginga av Gloppens Sparebank i 1893.

Arkitekt og byggmeister Lars Sølvberg sitjande lengst til høgre. Her er han og arbeidarane hans i gang med bygginga av Gloppens Sparebank i 1893.

Eigar: I Gloppens Sparebank 100 år.

Datering: 1893.

Fotograf: Ukjend.

Utdanna bygingsteknikar

Lars N. Sølvberg var fødd på garden Sølvberg på nordsida av Utfjorden i 1861. Foreldra var gardbrukar Nils Nojeson Rød og Marthe Andersdotter Sølvberg. Sølvberg vart gift med Kari Pedersdotter Holmøy. Dei busette seg på Hage i Utvik. Kona døydde i 1898, berre 34 år gammal, og etterlot seg to små jenter, Maria på fem og Petra på to år.

Sølvberg gjekk på Bergens tekniske skole og utdanna seg til bygningsteknikar. Sidan dreiv han som byggmeister, før han etter kvart også fekk oppdrag som arkitekt. På Verlo i Utvik starta Lars Sølvberg eige sagbruk og høvleri (rive i 2001). Her hadde han ei topp moderne høvlemaskin og produserte profilert listverk, panel og bord. I tillegg til å teikna kyrkjer, laga han utkast til kommunelokalet i Eid og til fleire andre offentlege og private bygningar i Nordfjord.

Svenneprøva og Kong Oscar-salen

Det fyrste prosjektet Sølvberg sette i gang med etter han kom heim frå Bergen som nyutdanna byggteknikar, var å setja opp eit nytt bustadhus på familiegarden Sølvberg, bygt 1886. Dette huset har sidan vorte kalla "Svenneprøva". Han bygde seinare også sin eigen "villa" på Hage i Utvik. I 1892 bygde han "Lysvoll" i Stryn, bygningen dei engelske lordane budde i medan dei fiska laks i Stryneelva.

"Kong Oscar-salen" på Hotell Central (Villa Visnes) skal vera bygd av Lars Sølvberg. Matsalen vart dekorert og utsmykka med mangfaldig sjablong- og gulldekor. Også brystningspanelet var særmerkt, og vakre dørar med særprega innramming. Takkonstruksjonen i den store salen er utført på ein måte som berre ein bygningstekninkar som Sølvberg kunne ha utført.

Sveitserstil

Lars Sølvberg er kjend for sine bygningar i sveitserstil. Sveitserstilen var ein svært populær stilretning på norske trebygningar frå 1860-åra til om lag 1920. Stilretningen var påverka av dei folkelege byggjeskikkane i Sveits og Tirol. Særs er stilen kjenneteikna av framspringande verandaer og altanar, innvikla gavlkonstruksjonar og langt utstikkande takflater.

Hotell Britannia, gjestgjevarstaden i Utvik, vart bygd i 1890 og er truleg sett opp av Lars Sølvberg. Både stilen og staden gjer at dette er sannsynleg. I tillegg er det eit trehusmiljø i Utvik like ved hotellet der fleire av bygningane er i sveitserstil. Sølvberg skal ha bygd fleire av desse.

I 1893 tok Sølvberg oppdraget med å byggja bygningen som skulle husa Gloppen sparebank på Sandane. Sølvberg sitt anbod inneholdt både teikning og prisoverslag. Bankbygningen vart i samtida rekna for eit fagnadsverk, skriv Per Sandal i boka om sparebanken. Sølvberg hausta mange lovord for arbeidet.

Restaurering

I 1895 fekk han ansvaret for restaureringa av Leikanger kyrkje i Selje, som var for lita og måtte utvidast. Bygningen vart kløyvd på langs, og vestveggen flytta ut og lagt på ny mur. Mykje av det gamle tømmeret vart skifta ut. Tårnet vart bygt nytt i reisverk, og kyrkja fekk ny bordkledning utvendig. Etter ombygginga vart kyrkja mest dobbel så stor som før med eit nær kvadratisk skip.

Då Innvik kyrkje skulle restaurerast til 75-årsjubileet i 1899, fekk Sølvberg dette oppdraget. Han var ein meister innan sveitserstilen, ein stil han også nytta i restaureringa av denne kyrkja. Så følgde restaureringa av prestegarden i Innvik, Langvin, i 1900. Sølvberg skal ha gjort eit særs godt arbeid med å gjera den gamle bygningen til eit triveleg våningshus. Kyrkja i Utvik vart ombygd av Sølvberg i 1902. Også her nytta han stilen han var kjend for. I ettertid er det ikkje alle som synest at denne stilen passar i kyrkjer, men det syner i alle fall kva som var moderne i denne tida.

Mellom kyrkjerestaureringane hadde Sølvberg tid til å setja opp fleire våningshus i sveitserstil. "Den røde villa" på Nordfjordeid skal vera frå kring 1900, og i 1901 sette han opp eit flott hus i denne stilen i Stryn sentrum. I 1905 bygde han "Børsemakarhuset" på Nordfjordeid.

Kyrkjearkitekt

I mai 1904 vart Midtgulen kyrkje vigsla. Lars Sølvberg laga teikningane til kyrkja og hadde med seg Jens og Olav Sølvberg som byggmeistrar. Det var ei lita, men vakker kyrkje som vart sett opp på Kjelkenes, like inntil furuskogen attmed den lune Hjellvika.

Tre år seinare stod Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy ferdig. Dette var den andre kyrkja Lars Sølvberg teikna. Her overlot han arbeidet med bygginga til byggmeister Salomonsen frå Sandnes. Sør-Vågsøy kyrkje er ei staseleg kyrkje som det er ei fin oppleving å kome inn. Dei mektige grå søylene frametter heile midtskipet gir kyrkja eit særeige, monumentalt preg. Eit preg Sølvberg har framheva med det uvanleg høge, kvite skråtaket. Søylene har kapitél og elegante utskjeringar til alle sider. Nummertavlene er forma som to vindauge med tak over og med spir på kvar side.

I 1910, under arbeidet med å laga teikningane til Totland kyrkje, vart Sølvberg sjuk og døydde. Han var enno ikkje fylt 49 år. Teikningane vart fullførte av Jens Sølvberg, som hadde gått i lære hjå Lars Sølvberg. Totland kyrkje har mange fellestrekk med Sør-Vågsøy kyrkje, mange av dei same detaljane går att. Kyrkjebygningen er alminneleg og pen, bygd med dei vanlege sakristia framme på sidene av koret. Inngangspartiet er særleg forseggjort og har ei staseleg hovuddør med smijernsbeslag. Innvendig er ho dekorert av Lars T. Kinsarvik.

kjelder:

Sandal, Per: Gloppens Sparebank 1882 - 1982. Ein bygdebank gjennom hundre år. Bergen 1982.
Munnleg informasjon frå:
Edvard Faleide Langeland, Stryn og
Målfrid Sølvberg, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR