Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Grotle gamle kyrkjegard



I kulturminneåret 1997 kåra folket i Bremanger den gamle middelalder-kyrkjegarden på Grotle til kommunen sitt kulturminne. Grotlekyrkja vart riven i 1865 men kyrkjegarden var i bruk til 1902. Seinare har han lege meir eller mindre urørd.

Grotle gamle kyrkjegard sett frå det nordaustre hjørna mot vest-sørvest. Det er registrert nærare 100 gravminne på gravplassen; dei fleste liggjande og ikkje synlege på biletet.

Grotle gamle kyrkjegard sett frå det nordaustre hjørna mot vest-sørvest. Det er registrert nærare 100 gravminne på gravplassen; dei fleste liggjande og ikkje synlege på biletet.

Eigar: Sunnfjord Museum.

Datering: 1990.

Fotograf: Olav Øygard.

Urørd mot storhavet

Kyrkjegarden på Grotle ligg fritt til ved strandkanten med ope utsyn mot havet. Hit, til den gamle Grotlekyrkja, nemnd fyrste gong på 1300-talet, kom det folk gjennom fleire hundre år. Mange kom sjøvegen. Stadnamna Kyrkjeflua, Kyrkjeholmane, Kyrkjeberget, Kyrkjevika og Kyrkjestøa er den dag i dag talande vitnemål om innseglinga. Oppå muren og inne på kyrkjegarden er det ein svært rik og samansett flora.
 

Rik på gravminne

Bilete av to gravminne laga av stein.

Grotle gamle kyrkjegard har eit særs rikt gravminnetilfang. Det er registrert nærare 100 gravminne som varierer i alder, materiale, storleik, form og farge. Gravminna ligg ikkje i rad og rekkje etter beine liner frå nedsette fastmerke. Det er det uregelmessige som dominerer. Mange gravminne er plassert liggjande, og det er inskripsjonar på dei fleste; - tal og bokstavar, ofte i enkel og lite kunstferdig form. Elles er det fleire karakteristiske trekk ved denne kyrkjegarden. Det er etter måten få prangande og påkosta gravminne. Dei fleste ser ut til å vera sette på "kvarmanns grav". Mange gravminne er heimelaga av høveleg stein ein har funne lokalt.

Bilete av eit liggjande gravminne.

På kyrkjegardsmuren

På gamle gravstader finst det av og til små gravminne oppå kyrkjegardsmuren. Grunnen kan vera at dei vart lagde tilsides der når dei miste funksjonen som lokaliseringsmerke for graver. På kyrkjegardsmuren på Grotle står bokstavane LMWDN og talet 1800 på ein slik stein. Ved hjelp av presten si kyrkjebok let det seg gjera å identifisera personen som fekk denne steinen på grava. I lista over døde i 1800 finn me: Lussie MaleneWaldemarsDatter Næsbøe, død af Børnesvaghed 1 ¾ Aar, Bremanger. Dei utheva bokstavane er som på gravsteinen LMWDN.

Vern

Vegetasjonen var lenge halden i kultur ved at folk slo graset og nytta det til dyrefor. Men då folk kring 1970 slutta med dette, fekk gravstaden snart preg av manglande vedlikehald og forfall. - Ei stor skam, sa folk, og etterlyste dei ansvarlege.

No vert gravstaden halden vedlike etter ein verneplan som fullt ut svarar til alle faglege krav for vern og vedlikehald av eit kulturminne som dette. Mellom anna vert graset slege med ljå eit par gonger i året.

Bilete av tre personer som driv slåttedugnad med ljå og rive.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleppa, Hermund: Grotle gamle kyrkjegard. Nokre ord om kulturminneverdi og vern. Kopiert hefte 1989.
Statsarkivet i Bergen:
Bremanger sokneprestembete. Kyrkjebok.
Fortidsvern. Gravminner og kirkegårder. 1/2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR