Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Joranger kyrkje



Joranger kyrkje er langkyrkje i tre som står på Joranger i Luster kommune. Kyrkja, som har 85 sitjeplassar, vart truleg bygd på 1620-talet, men 1660 vert rekna som byggjeåret av mange. Joranger var tidlegare eit eige sokn i Hafslo prestegjeld, men vart slått saman med Fet til Fet og Joranger sokn. Dette skjedde i samband med at Fet og Joranger vart overført til Jostedal prestegjeld frå 1. januar 1967.

Den rette alderen til Joranger kyrkje veit ein ikkje sikkert, men ho er truleg bygd på 1620-talet. Tårnspiret er åttekanta og heller mykje i høve til kyrkjebygningen. Her flaggar dei til gudsteneste 1. juledag.

Den rette alderen til Joranger kyrkje veit ein ikkje sikkert, men ho er truleg bygd på 1620-talet. Tårnspiret er åttekanta og heller mykje i høve til kyrkjebygningen. Her flaggar dei til gudsteneste 1. juledag.

Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 2. Sogn.

Datering: 25.12.1999.

Fotograf: Terje Eggum.

Usikkert om byggjeåret

Joranger kyrkje er ei av tre kyrkjer frå 1600-talet som finst att i Luster frå den tida då gjenoppbygginga etter Svartedauden var i full gang. Når byggjeåret er usikkert, skuldast det ulike opplysningar som kjem fram mellom anna på interiøret i kyrkja. Bjelkane i kortaket vart dekorert i 1643 og bjelkane i himlingen til skipet i 1652. Altertavla er endå eldre, måla i 1639. Utfrå desse opplysningane er det meir nærliggjande å tru at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, enn frå 1660, som offisielt har vore nytta.

Årsaka til at årstalet 1660 fram til no er nytta av lokalhistorikarar og andre, er at fleire skriftlege kjelder held seg til dette årstalet. Eit dokument frå 1722 inneheld opplysningar om at kyrkja i 1660-åra var ei stavkyrkje, og at det vart teke ut heile tre kyrkjeklokker frå denne, som vart overførte til den nye kyrkja. Ein annan stad er det opplyst at kyrkja i 1660-åra var i forfall, og at det draup vatn inn i koret. Samstundes kan ein lese frå synfaringa i 1686 at kyrkja er kalla ein tømmerbygning som same året har vorte reparert og tjørebreidd. Det er naturleg at mange ut frå desse opplysningane har meint og meiner at Joranger kyrkje er reist omkring året 1660, eller ein gong mellom 1660-åra og 1686. Her er ein god del moment som talar mot at kyrkja vart bygd på andre halvdelen av 1600-talet. Joranger kyrkje kan like gjerne vera ei tidleg 1600-tals kyrkje. Det verkar lite logisk at målararbeidet og dekorasjonane som vart utført på bjelkane i 1640- og 1650-åra har vore kosta på ei gammal stavkyrkje i forfall. Det er òg vanskeleg å skjøne at ei kyrkje i slik forfatning skulle få ny altertavle. Var det ikkje meir naturleg å koste ny tavle i ei ny kyrkje?

Typisk 1600-tals kyrkje

Joranger kyrkje er det vi kan kalle ei heller typisk 1600-tals kyrkje. Både forma og storleiken minner mykje om kyrkja på Fet, som var riven i 1894. Skipet er om lag 11,5 x 8 m og koret vel 5,5 m i firkant. Våpenhuset er vel 3,5 m langt og bygt i eitt med skipet. Kyrkja var tjørebreidd den første tida, men i kjelder frå 1800-talet er ho omtala som kvitmåla. I dag er kyrkja kledd med liggjande, kvitmåla kledning. Tårnet er sett inn på taket og har eit ganske kraftig, åttekanta tårnspir som er dekt med kopar. I eit dokument frå 1722 kan ein lesa at der var ei sval under tårnet, og at den då gjorde teneste som våpenhus.
Oppunder taket i koret og i skipet er langbjelkane dekorerte med sitat frå Det gamle testamentet. Dekorasjonane er daterte til 1643 (koret) og 1652 (skipet). Dette er vanlege dekorasjonar frå 1600-talet, og mellom anna finn ein att liknande på takbjelkar i Gaupne gamle kyrkje.

Endringar og reparasjonar

Storparten av endringane har skjedd i nyare tid. Det siste store arbeidet vart utført på 1960-talet. Før den tid var kyrkja utan grunnmur, og mykje av treverket var øydelagt av sopp og til dels ròteskader. I samband med at det vart sett opp grunnmur, måtte heile kyrkjebygget jekkast opp. Vidare måtte dei svære tårnstokkane skøytast på nedst. Dei står på golvet bakerst i skipet, og er truleg frå stavkyrkja. Stokkane hadde både ròteskader og vasskader, det siste etter ein lekkasje i tårnet. Fargane i kyrkja vart også endra på denne tida. Karmane i vindauga og taket i skipet vart måla opp att, og dei lysegule benkene frå 1880-talet vart avluta.
Spor i dekorasjonen i korveggen (skiljet) viser at den nedste delen av veggen på eitt tidspunkt er vorten fjerna og erstatta med maskindreia traleverk. Minst to bjelkar ser ut til å ha vorte fjerna. Kva tid arbeidet er utført er ikkje sikkert, men utfrå meldinga "Kirkens Rep. Foregikk Høsten 1888. Avsl. 12. Sept", kan det ha skjedd i slutten av 1880-åra. Orda står på ei fjøl i kyrkja og er signert Ole Ellingsen Holseter. Tømmeret som vart til overs frå dei gamle korveggene skal ha vorte nytta då vindauga i koret vart utvida. Desse var tidlegare berre halvparten så store som no, og stod lenger oppe på veggen. Benkene i kyrkja vart skifta ut i same tidsrommet.

Ein interessant detalj i Joranger kyrkje er dei tjukke tømmerstokkane nedst under glaset framme på nordsida i kyrkjeskipet. Dei har drypphol tilsvarande dei ein finn i det ståande tømmeret i Hopperstad stavkyrkje. Delar av dei innvendige veggene i Joranger kyrkje ser ut til å vere tømmer som har tilhøyrt stavkyrkja på staden. I koret er der fleire fine detaljar, ikkje minst den uvanleg vesle og enkle alterringen. På nordsida står bispestolen, på sørsida klokkarstolen, begge er innebygde. Sakristiet i dagens kyrkje er på sørsida, ved inngangen. I omtalen av kyrkja skreiv bygdebokforfattar Jon Laberg på 1920-talet at Joranger kyrkje i den seinare tida hadde vorte mykje omvølt. Og kvitmåla som ho er, ser ho ikkje so verst ut, utantil.

Kunst og inventar

Altertavla er frå om lag 1620. Ho er ei katekismetavle, med pilasteroppbygging, stort toppstykke og store venger med Kristus monogram, kanskje laga av Christen snikkar. Målinga er datert til 1639. Teksten på tavla er til venstre Herrens bøn, til høgre nattverdsorda, og øvst dåpsorda. Ei tid var eit måleri av den bedande Kristus sett inn i hovudfeltet. Alterbordet, av litt grovt trevirke, er truleg frå 1660. Det er festa med trenaglar.

På alteret står to lysestakar i messing frå 1701, ei gåve frå Jens Hansen Ørbech og Margrete Pedersdatter Haning. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, ei oblatøskje og ei skei. Biletbibelen er frå 1840 og ligg i "bispestolen" i koret. Preikestolen er truleg frå før 1660, og har måleri av evangelistane. Han vart restaurert på 1970-talet. Døypefonten, som er festa i bjelken i koropninga, er ein jernring som dåpsfatet vert lagt opp i. Dåpsfatet, i messing med utstansa mønster, er truleg frå før 1700. Dåpsmugga i messing er frå nyare tid.
Kristus-biletet som heng i koret på ein sidevegg, viser Kristus i bøn. Det er ukjent kven kunstnaren er. Orgelet frå 1981 har fire stemmer, bygt av Jørgensens Orgelfabrikk. Her er to kyrkjeklokker, begge truleg frå 1200-talet. Den eine har ei innskrift som kan tydast som "Til ære for Heilag Olav, Kongen". Ei tredje kyrkjeklokke er skada og ikkje i bruk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR