Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Claus Frimann - diktarpresten og sildepresten frå Selje



Claus Frimann var både prest og diktar. Gjennom oppveksten sin i Selje lærde han fiskaryrket og sjøen å kjenne, og seinare i livet henta han både inspirasjon i diktinga si og ein stor del av inntektene sine nettopp frå sjøen.

Det eksisterer ikkje noe kjent bilete av Claus Frimann utanom denne silhuetten.

Det eksisterer ikkje noe kjent bilete av Claus Frimann utanom denne silhuetten.

Eigar: Årflotmuseet i Egset.

Datering: Ukjend.

Frå Selje til København

15. mai 1746 vart Claus Frimann fødd i Selje, der både faren, Peder Harboe Frimann, bestefaren og oldefaren hadde vore prestar. Claus var den eldste av fire gutar, og han var berre 13 år gammal då faren døydde. Mora, Sara Cold, måtte arbeide hardt for å fø fram dei fire gutane. Ho var flink med handarbeid og i tillegg åtte ho partar i ein båt og nokre notbruk. Prestegarden der Claus voks opp, ligg like ved båthamna i Selje. Tidleg lærde han sjølivet og fiskarkåra å kjenne gjennom eiga røynsle og gjennom kjenningar og bygdefolk.

Heime i prestegarden hadde han gått i skule med ein huslærar, og 16 år gammal reiste han til København der han året etter tok eksamen i filosofi. I 1768 tok han teologisk embetseksamen.

Sildepresten

Etter at studiane var fullførte, vart Claus Frimann tilsett som kapellan i Volda, der han var i 10 år. 35 år gamal tok han over som sokneprest i Davik, og der vart han verande til han slutta i 1824. Då han fekk embetet sitt, gifta han seg med Anna Meldal, som han hadde vore forlova med i 15 år.

Som prest vert det fortalt at han ikkje nett var nokon stor talar. Han brukte gjerne preikene sine om att, både dei han sjølv skreiv, dei han hadde arva etter faren og dei han hadde kjøpt ferdige. Men han var dugande i embetsgjerninga si, og i 1800 vart han utnemnd til prost i Nordfjord.

Fiske og gardsbruk hadde han god greie på, og han investerte i både notbruk, garnbruk og båtar. Til slutt vart han ein rik mann som åtte gardsbruk, notbruk og notpartar langs heile Nordfjord. Det vert fortalt at medan han ein søndag sto på preikestolen kom drengen hans og kviskra at silda sto ute i fjorden, og spurde om dei ikkje skulle kaste. "Skam få mig, har jeg ikke stått og tenkt på det hele tiden", sa soknepresten, som på folkemunne gjerne vart kalla "sildepresten".

Diktarprest og "almuens sanger"

Det er gjennom diktinga si at Claus Frimann best vil verte hugsa. Han skreiv fleire samlingar med viser, salmar og åndelege songar, og mange av tekstane hans vart sunge på gamle folketonar. Han skreiv helst om det livet han kjende; om Vestlandskysten i uvêr eller maksvêr, om fiskaren og småbonden og levekåra i ein barsk kystnatur, slik han kjende dei frå oppvekståra i Selje. "Ondt ofte lider den fiskermann" er ei av dei mest kjende visene hans. "Hvad jeg bedst kjender kan jeg bedst synge om" skreiv han sjølv i føreordet til samlinga "Almuens sanger" som kom ut i 1790. 1790-åra utkom òg "Poetiske Arbeider" og "Den syngende sømand".

Kulturhistorie i verseform

Mange av Claus Frimann sine viser og songar vert nytta den dag i dag, og dei gjev oss framifrå innsikt i livsvilkåra langs kysten for 250 år sidan. Eit døme på dette er den enkle og målande skildringa hans i dette verset:

God hustru oppe ser ut igjen
Det kvelder tidlig og kold er stuen
I kroken setter hun rokken hen
I asken raker, gjør ild på gruen
Tungt opp fra stranden
Inn tramper mannen
Tre våte trøyer, en efter annen
han slenger hen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Ragnvald: Claus Frimann frå Selje. I Årbok for Nordfjord. Gloppen1996.
Standal, Ragnar: Claus Frimann. I Årbok for Nordfjord. Gloppen 1996.
Grytting, Elin: Claus Frimann - "almuens sanger". I Årbok for Nordfjord. Gloppen 1996.
Støylen, Kåre: Claus Frimann - Almuens sanger1955.

PERMANENT IDENTIFIKATOR