Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. desember 2010

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Rå-data

Hauge bedehus på Bremangerlandet



Bedehuset på Hauge er eit av dei eldste bedehusa i Sogn og Fjordane. Lærdal var først ute med bedehus i fylket. Me kjenner ikkje årstalet, men Lærdalsørens bedehus eksisterte i 1872. Dei neste var Førde (1881), Marifjøra (1888), Vik (1891), Sogndal (1895) og så kom tre i 1903: Luster (Dale), Nordstranda (Selje) og Hauge bedehus på Bremangerlandet.

<p>&nbsp;Folk samla til fotografering framfor bedehuset, truleg i 1913. I &aring;ra 1908-1913 var bedehuset godkjent for kyrkjeleg bruk.</p>

 Folk samla til fotografering framfor bedehuset, truleg i 1913. I åra 1908-1913 var bedehuset godkjent for kyrkjeleg bruk.

Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1913 (truleg).

Fotograf: Ukjend.

Gode kjelder

Hauge bedehus er historisk godt dokumentert. Dei som bygde huset sytte for å notera utførleg i ein ”forhandlingsprotokol”.

”længe følt savnet”

Første sida i Forhandlingsprotokol for Bremangerpollens bedehus seier noko om starten og føremålet: 

”I Bremangerpollen har man længe følt savnet af et kristelig forsamlingshus hvor man rummeligt og godt kunde samles om Guds ord. I en opbyggelse [møte] 3de febr. 1902 ledet af emisær Filip Skår, kom endel indremissionsvenner overens om at vælge en komite, 8 mænder skulde tage sagen under nærmere overveielse.” 

Dette var tidleg på året i 1902, og dei åtte mennene var ”Forhenv. Lærer J. Høines, Birger Igland, Gullak B. Hauge, Daniel O. Førde, Olai T. Senneset, Kristen M. Førde, Nils P. Klungræt og Kristoffer K. Svarvestad.”

Ferdig i 1903

Eitt trekk går ofte att ved bedehusa i fylket: Det går lang tid frå tanken blir teken opp til huset står ferdig. Hauge bedehus passar ikkje inn i denne kategorien. Det tok nokså nøyaktig eitt år frå byggjekomiteen kom i arbeid til huset stod ferdig. Tomtespørsmålet vart løyst ved ”grundkontrakt”, datert 9. mars 1903. To grunneigarar, Andreas H. Hauge og Søren J. Hauge, avstod ”uden nogensomhelst godtgjørelse” kvar sitt vesle ”arial” til bedehustomt. Anders K. Varpe bygde huset etter ei byggjekontrakt på 4100 kroner. Trelasthandlar O. Roald i Ålesund leverte bygningsmaterialen. Sluttrekninga kom på kr. 3946,91.

Høvesong

Rasmus J. Grotle hadde evne til å formulera seg i verseform. Han skreiv song til ”Indvielsen af bedehuset paa Hauge”. Songen vart jamvel trykt opp på eige ark. Andre og siste verset av åtte lyder slik:

Her nu et hus
Sig har reist af grus,
Lys over bygd det skal bære.
Gid det maa staa
Som et hjem for Guds smaa
Hvor det er yndig at være,
Og hvor hver tørstende synders sjæl
Læskes af lysets og livets væld.

Vogte da, Gud,
Gjennem tiderne du
Huset nu bygd til din ære!
Uden al svig
Lyde ordet frå dig,
Af dig velsignet det være!
Vi dig anraaber, O, Jesu Krist.
Komme dit rige baad’ her og hist!

Eldre og nyare del

Ein dag i oktober 2009 var eg innom på bedehuset på Hauge. Det ligg på nedsida av vegen eit kort stykke før handelssenteret når du kjem utover. Eksteriøret vitnar særs tydeleg om at her er ein eldre del og ein yngre del. Ut frå nordre og vestre hjørne av den eldre huskroppen med møne går den nyare delen med flat tak. Eg hadde ordna meg avtale med Audhild Elvevåg. Ho opna dørene og viste meg rundt.

Storsalen

Storsalen er i den gamle delen. Her er høgt under taket. Golvfeltet med komfortable stolar går i vinraudt. Veggene er lyse i gult og øvste feltet i himlingen er blåmåla. På opphøga felt framme står eit inventarstykke som minner mykje om altar i ei kyrkje, altarbord og altartavle. Biletet i ”altartavla” er Jesus bergar Peter i storm på Genesaretsjøen. Til venstre står talarstolen og til høgre piano. Veggene er utsmykka med broderte bibelord i glas og ramme, både av eldre og nyare dato. På det eldste står eit ord frå Johannes Openberring 22. kapittel 27. vers, i gammal, høgprosaisk form:

Aanden og Bruden
Siger Kom! Og hvo som
Hører sige Kom! Og hvo
Som trøster komme. Og
Hvo som vil tage Liv-
Sens Vand uforskyldt!

Det same bibelverset lyder litt annleis i dagens nynorske målform:

Anden og brura seier: ”Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: ”Kom!” Den som tørstar skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn utan betaling.

Mange andre rom

Den gamle delen har elles ein småsal og eit galleri. Det opphavlege galleriet vart ein gong avdelt i to rom, kjøkken og stove, og ei tid nytta som husvære. No er stova møblert for smågrupper. Den nye delen, som vart oppført i 1970-åra, har stort rom og godt utstyrt kjøkken. Kjellarhøgda er innreidd for ungdomsaktivitetar. 

Bruk

”hvor man godt og rummeligt kunde samles om Guds ord”. Det var føremålet for dei som reiste bedehuset i 1903. Og det har vore tilfelle heile tida seinare, i vekslande omfang, og ulike former, også irekna ein del sideaktiviteter. Ei annonse i Fjordenes Tidende, 7. november 1968 er eit illustrerande døme: 

”Misjonssambandet. Møter i Bremanger bedehus frå 5. – 9. nov. kl. 20.00. Sundag 10. nov. festmøte kl. 17.00. Tale, song og musikk. Lynutlodning av kaker m.m. Du er hjarteleg velkomen til alle samvær. Helsing Misjonsambandets lag.”

Ei notis i Indremisjonsvarden, 23. april 2005, i høve at Bremanger indremisjon skulle arrangera krinsårsmøte, innheld og nokre opplysningar om aktiviteten. Vi får opplyst at det hadde vore drive Yngres (aktivitetar for yngre) sidan 1943. Hillbjørg Grotle hadde vore leiar gjennom 40 år. Det hadde vore skiftande frammøte, frå heilt nede i 2-3 stykke til opp til 18-20. Fleire organisasjonar hadde halde møte, m.a. Indremisjonen, Misjonssambandet og Den Indre Sjømannsmisjon. Det kjem til uttrykk pessimisme med omsyn til rekrutteringa: ”Det er ikkje mange unge som kjem til, og difor vert det dei same som står med år etter år.”

Kyrkjeleg bruk 1908-1914

Det vart bygt ny kyrkje sør på Frøya i 1865, og dei reiv den gamle kyrkja på Grotle straks etter. No fekk folket rundt Torskangerpollen lang kyrkjeveg. Og rundt Novelandet kunne vêret stå hardt på. Då bedehuset vart bygt i 1903, hadde det alt i fleire år vore arbeidd for at bygda skulle få si eiga kyrkje. I 1903 støtta soknepresten søknad om eiga kyrkje. I 1908 vart Bremangerlandet eige kyrkjesokn, men utan kyrkje. Same året vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk, og seinare brukt til kyrkjelege handlingar til 1914 då den nye Bremanger kyrkje stod ferdig.

2009

Me sat attmed eit bord i den store salen, like ved to hyller der det står eit sett av Sangboken og fire kollektkorger, den eine masseprodukt i grå plast. Elvevåg fortalde at det skulle vera konfirmantførebuing klokka to. Dei skulle halda til i rommet i den nye delen. Dei held møte med tilreisande, dei har ein årviss basar siste søndag i advent og juletrefest. Men dei har måtta slutta med søndagsskule og yngres/tysdagsklubb fordi frammøtet blei for lite. Huset blir elles nytta til private tilstellingar; - gravferder, bryllaup og årmålsdagar. I 2009 framstår bedehuset på Hauge som eit godt og tenleg hus for å samlast om Guds Ord og for mange andre føremål.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

 Aaraas, Margrethe Henden, o.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. 2000.
Indremisjonsvarden, 23.04.2005

Munnleg informasjon:
Audhild Elvervåg, 2009.
Møtebok for bedehuset 

PERMANENT IDENTIFIKATOR