Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Treskofabrikken i Selvågen



Garden Selvågen ligg ved ei lita bukt på austsida av Brandangersundet i Gulen. I 1900 vart det starta treskofabrikk på staden. Produksjonen av tresko vart avslutta i 1975 etter 75 års drift. Treskofabrikken kom i 1994 med på Riksantikvaren sin verneplan for tekniske- og industrielle kulturminne.

Treskofabrikken i Selvågen ligg der fossen frå Selvågsvatnet renn ut, inst i ein trong poll. Frå 1900 til 1952 bar han namnet Bergens Træskofabrik, men fekk då namnet Sellevåg Treskofabrikk.

Treskofabrikken i Selvågen ligg der fossen frå Selvågsvatnet renn ut, inst i ein trong poll. Frå 1900 til 1952 bar han namnet Bergens Træskofabrik, men fekk då namnet Sellevåg Treskofabrikk.

Eigar: De Heibergske Samlinger.

Datering: Ca. 1987.

Fotograf: Olav Aaraas.

Kvern og mølle

På garden Selvågen i Gulen vart det drive tradisjonell gardsdift med dyrking av korn og husdyrhald. Like ved garden renn fossen som kjem frå Selvågsvatnet ut i ein trong poll, og her vart det tidleg bygt ei kvern. Kverna er nemnt i matrikkelen frå 1723.

Bilete av demninga oppe ved Selvågsvatnet som er bygd som to kraftige steinmurar.
 

I 1870 kjøpte Endre Torkjelson (1837-1913) Selvågen for 400 spd. Han hadde vore handelsmann på Lovisendal i Brekke. Endre Torkjelson sette i gang mølledrift i fossen og dreiv denne fram til 1899. Dette året selde han fossefallet og 0,20 skmk. av jorda til Bergens Træskofabrik. Fabrikken vart driven av dei to bergensarane Chr. Arentz og John A. Kahrs. Året etter stod den nye fabrikken ferdig og produksjonen av tresko vart sett i gang.
 

I folketeljinga for 1900 er seks personar nemnde som arbeidarar ved Bergens Træskofabrik. Tre av dei budde i Selvågen, to på Furenes og ein i Brandanger. Torkjel Olai Selvaag, son til Endre Torkjelson, vart formann på fabrikken. Den nye verksemda førte litt etter litt til auka busetnad i Selvågen.

Tømmer frå indre Sogn

På denne tida var det svært vanleg å starta opp industriverksemder i nærleiken av ein foss. Vasskrafta frå fossen var ei stabil og god energikjelde. Men trematerialet måtte hentast langvegs frå. Forbi Selvågen gjekk ein straum av jekter på veg frå Sogn og Sunnfjord til Bergen. Jektene kunne levera trematerialar frå indre delar av Sogn til treskoproduksjonen, og sidan frakta dei ferdige treskoa til Bergen for sal. For i byen var det ein stor marknad for tresko kring sekelskiftet (1900).
 

Materialet som vart nytta i produksjonen av treskoa var mest mogleg kvistfri furu. Det meste av materialet kom frå indre Sogn og noko frå Hardanger. Fyrst var det jekter som frakta tømmeret hit og seinare overtok fraktebåtar transporten. Tømmerstokkane vart fløytte inn i den tronge pollen nedanfor fabrikken på flo sjø og lagt i ei lense. Dei vart dregne opp til fabrikken etter kvart som det vart trong for dei. Til dette vart det fyrst brukt eit handdrive spel, men dette vart etter ei tid erstatta av ein vinsj.
 

Det var ein føremon at stokkane låg i sjøen, for då heldt dei seg betre. Tvers over opninga til pollen vart det bygt ein mur for at det skulle lata seg gjera å halda same vasstand i pollen heile tida, slik at tømmeret kunne flyta. Elva sørga for vasstilførsel ved fjøre sjø.

Bilete av tømmer som flyter.

Fossekraft

Fossekrafta vart utnytta ved at det vart bygt ei dobbel steindemme med luke. Herifrå gjekk det eit turbinrøyr ned til sjølve turbinen i eine enden av fabrikkbygningen. Francis-turbinen var bygd for låge fall. Ved hjelp av akslingar og reimoverføringar vart krafta overført frå turbinen til dei ulike maskinene i fabrikken. Det var sjeldan tørkeperiodar, men det hende nokre få gonger. Då måtte ein utføra ein del anna nødvendig arbeid for hand.

"Sogn" og "Stril"

For å laga tresko måte ein fyrst grovskjere emna, det vart gjort på bandsaga. Ein "skant", ein slags mal, vart nytta i arbeidet for å få til dei ulike storleikane og modellane. Det vart nytta engelske tommemål og det minste nummeret var 6. Vidare gjekk det eit kvart nummer oppover heilt til 11 ½. Det vart produsert to ulike modellar av treskoen, nemleg "Sogn" og "Stril". Sognamodellen var litt breiare enn strilemodellen, og hadde dessutan meir svung i tåa. Med tida gjekk ein over til berre ein modell, strilemodellen.
 

Når ein skulle skjera ut treskoen vart skantane lagt på emnet og så skar ein rundt. Ein måtte nytta to skantar for kvar sko. Den eine frå sida og den andre til sålen. Fyrst skar ein ut profilen frå sida og sidan sålen. Ein høgre- og ein venstresko. Alle kvistar måtte vekk.
 

Til vanleg vart det produsert 25 par tresko i timen. Maskinene bestemte farten, men var det små storleikar gjekk det raskare. Fire mann jobba på kvar si maskin og prøvde å halda nokolunde same tempo, elles kunne arbeidet stoppa opp.

Pussa og lakka

Etter at emnet var grovskore gjekk det vidare til kopieringsmaskina. Her forma ei maskin dei etter ein originalmodell som stod fastspent. Ein følar sørga for at treskoa vart fresa ut nøyaktig etter modellen. Det var to slike kopieringsmaskiner med roterande knivar. Desse kunne laga både ein høgre- og ein venstresko samstundes.

Bilete av kopieringsmaskina som lagde kopiar av treskoen i midten.
 

Så gjekk skoa attende til bandsaga der endane vart kappa reine. No var det utvendige arbeidet ferdig, men det stod att å hola ut skoa. Til dette vart det nytta to maskiner, ei til å laga ifaret og ei boremaskin som arbeidde seg fram i skoen. Også her vart det nytta ein følar og ein original. Men enno stod det mykje arbeid att før skoen var ferdig. No måtte skoa pussast både utvendig og innvendig. Utvendig vart treskoa i dei fyrste åra pussa for hand, men det vart etter kvart investert i ei pussemaskin. Innvendig måtte ein nytta jarn, eitt for botnen og eitt for sidene. Ein tollekniv vart brukt til å glatte kantane.
 

Lakkeringa av skoa gjekk føre seg på loftet. Det vart nytta svart lakk som vart smørt på treskoa på sidene og oppå, men under var dei ubehandla.

Frå fabrikk til kulturminne

Ved full produksjon vart det laga om lag 60 000 par tresko i året. Dei vart i den fyste tida sendt i sekker, men seinare i trekasser til Bergen med båt.
Fram til andre verdskrigen var etterspurnaden etter tresko god, men så gjekk han gradvis nedover. Då vart produksjonen lagt om og det vart sett i gang produksjon av skaft til ulik reiskap. Firmaet Bergens Træskofabrik selde i 1952 anlegget til Joakim Torkildson Sellevåg. Han dreiv verksemda vidare under namnet Sellevåg

Treskofabrikk. Produksjonen av skaft og tresko tok slutt på 1960-talet, men det vart drive vidare med sagbruksdrift ei tid. Etterspurnaden etter husflidsting til rosemåling gjorde at treskoproduksjonen vart teken opp att etter nokre år.

Bilete frå interiøret til sagbruket.
 

Talet på tilsette ved fabrikken hadde på det meste vore oppe i 20 personar. Men i 1975 var det heilt slutt på treskoproduksjonen. I 1973 overtok Magne og Jetfred Sellevåg anlegget. Dei har halde fram med drifta av sagbruket. I 1994 kom treskofabrikken med på riksantikvaren sin verneplan for trekniske- og industrielle kulturminne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Olav: Ta på deg triskoa og spring .. Artikkel i Årbok for Sogn 1987.
Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. Verbum grafiske AS. Stavanger 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR